Osama bin Laden
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Osama bin Laden eller sjeik Usāmah bin Muhammad bin `Awad bin Lādin (fødd 10. mars 1957 eller 20. juli 1957) (arabisk: أسامة بن محمد بن عود بن لادن), kjend som Osama bin Laden (أسامة بن لادن). Osama bin Laden er rekna å vera sjef for al-Qaida, ein militant islamittisk organisasjon som har vore involvert i terroriståtak mot sivile og militære mål rundt om på kloden.
Han er eit medlem av den særs rike bin Laden-familien. Familien tok i 1994 offentleg avstand frå han, kort tid før styresmaktene i Saudi-Arabia tok frå han statsborgarskapen.
Styresmaktene i Sambandsstatane (USA) peika ut Osama bin Laden som hovudmannen bak åtaka 11. september 2001. To fly styrta inn i World Trade Centre i New York. Om lag 3 000 menneske vart drepne.
I oktober 2004 dukka det opp ein videosnutt der Osama bin Laden vedgjekk å stå bak åtaka 11. september 2001.
Osama bin Laden er rekna som den mest ettersøkte mannen i verda. USA er viljug til å gje store pengesummar til den som peikar ut kvar han er. Truleg kan han reisa rundt i lite folkesette strok av Pakistan og Afganistan.