Treeininga
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kristendommen |
Treeininga |
Gud Fader | Jesus | Den heilage ande | unitarisme |
Skrifter |
Den heilage treeininga er i kristen doktrine ei nemning på Gud. Ho definerer Gud som eitt vesen, men tre personar: Faderen, sonen og den heilage anden. Dei fleste kristne kyrkjer vedkjenner seg denne trua, men det finst nokre retningar som avvisar henne.
For dei fleste kristne er trua på ei treeining ein sentral del av trua deira, men det finst òg fleire retningar, både historiske og noverande, som avviser henne. Dette gjeld mellom anna Siste Dagers Hellige, Jehovas Vitner, Kristadelfianarane, Christian Science, Einingskyrkja, Unitarkyrkja, Iglesia ni Cristo og andre.
Innhaldsliste |
[endre] Historie
Doktrinen om treeininga er ikkje nemnt eksplisitt i det nye testamentet. Tanken om Gud som ei treeining oppsto likevel tidleg, som ei følge av det nære bandet mellom faderen, sonen og den heilage anden som blir skildra i evangelia. Ordet treeining (gresk τριας, latin trinitas) blei først brukt av Theofilus av Antiokia ca. år 180, og Tertullian gjorde det til eit kjent uttrykk blant teologar tidlig på 200-talet.
Etter kvart oppsto det strid rundt spørsmålet, særleg mellom arianarane, som ikkje aksepterte ei heilag treeining, og dei andre hovudretningane, som gjorde det. Dette blei eit hovudtema på konsilet i Nikea i 325, og den nikenske truvedkjenninga er hovudsakleg skrive som ein definisjon av treeininga. Denne trusvedkjenninga definerer personane i treeininga som «homoousia» ('av same vesen'), medan dei som meinte motsett definerte tilhøvet som «homoiousia» ('av liknande vesen'). Dette har seinare blitt framheva som ei særskild side ved kristen teologi; at det kan koma til splitting over ein «iota» (gresk i), eit uttrykk som blei brukt for å uttrykka noko som var svært lite.
[endre] Treeininga i Bibelen
Verken ordet treeining eller noka klår formulering av læra er eksplisitt nemnt i Bibelen, men kristne teologar viser til fleire stader i Bibelen som kan tolkast som støtte for doktrinen. Reint religionshistorisk kan formuleringa av treeinigslæra seiast å vera motivert av spenninga mellom identifisering av Jesus som Gud i Det nye testamentet (Joh 1,1; 20, 28) og den klåre monoteistiske tendensen elles i Bibelen.
I Det gamle testamentet er det særleg Første mosebok kap. 18 som blir nemnt; der viser tre personar seg for Abraham, og desse blir tolka som englar i jødisk tradisjon og ein del kristne tradisjonar, men som den treeinige Gud av mange kristne teologar. Nokre stader skildrar Gud skapingsprosessen i flertall — slik som i Første mosebok 1,26: «Da sa Gud: La oss gjera menneske i vårt bilde, etter vår likskap.» Denne passasjen blir tolka som «Gud og englane» i nokre tradisjonar, som majestetisk fleirtal av nokre og som teikn på fleire personar i Gud av andre att.
I Det nye testamentet er den viktigaste støtta for doktrinen dåpsformularet i Evangeliet etter Matteus (28, 19). Andre tekstar har òg vorte framheva, som den paulinske velsigninga i Andre korinterbrev (13, 13).
[endre] Heidenske treeiningar
Medan kristendommen er den einaste av dei tre opphavlege abrahamittiske religionane som opererer med ei treeining, finst det liknande gudsforståingar i fleire andre religionar. Her grupperte ein gjerne tre guddommar saman så dei fekk eit så tett samband at dei blei tilbedne som ei eining. Kristne som ikkje trur på treeininga har hevda at treeiningslæra i kristendommen kom frå at teologien tilpassa seg heidensk lære.
Døme på heidenske treeiningar er Hekate i gresk mytologi, Brigid i keltisk mytologi, og trimurtien i dagens hinduisme.