See also ebooksgratis.com: no banners, no cookies, totally FREE.

CLASSICISTRANIERI HOME PAGE - YOUTUBE CHANNEL
Privacy Policy Cookie Policy Terms and Conditions
Den heilage ande - Wikipedia

Den heilage ande

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Kristendommen
Icthys-symbolet
Treeininga

Gud Fader | Jesus | Den heilage ande | unitarisme

Skrifter

Bibelen: GT/NT
katekisme | salmebok

Merkedagar

Kyrkjeåret: Advent | jul | faste | påske | pinse | olsok | hausttakkefest | helgemesse



Den heilage ande er den tredje personen i vesenet Gud i følgje dei kristne som vedkjenner seg dei oldkyrkjelege vedkjenningsskriftene. Ofte blir Anden symbolisert med ei due eller med eld.

Innhaldsliste

[endre] Vesen

Den heilage ande er av kristendomen ikkje definert som ei kraft eller noko abstrakt og upersonleg. Både Bibelen (bl.a. Matt 28,19; Apg 1,8) og vedkjenningsskriftene definerer han tydeleg som ein person i treeininga. Det at han er ein person, gjer at han er til i seg sjølv og ikkje ein eigenskap av noko anna (jf. CA I). Vedkjenningsskriftene omtalar Den heilage ande som uskapt, umålelig, evig, allmektig, Gud, Herre, like evig og jambyrdig som Faderen og Sonen, den som gjer levande og at han går ut av Faderen og Sonen (det siste punktet blir kalla filioque). I oldkirkeleg tid og i gnostisismen vart den heilage anden ofte identifisert med Sofia eller Visdomen. Nyare teologi opnar for at den heilage anden er eit kvinneleg aspekt ved guddomen.

[endre] Oppgåve

Den heilage ande er «etterordna» Faderen og Sonen, ikkje i guddom, men som den personen i Gud som gjer seg gjeldande til sist i frelseshistoria. På same måte som Faderen var mest aktiv i skapinga og Sonen i frelsa, er Anden mest aktiv i dag som fullendar. Det betyr at han skal «fullbyrde din Sønns verk i verden, og fullende all helliggjørelse» (Den katolske messa si eukaristiske bønn IV). Han skal fullføre frelsa ved å få evangeliet ut til kvart folkeslag og kvart enkelt menneske. Det gjer han ved å formidle bodskapen om frelsa ved trua på Jesus, openberra Bibelen som sanning og rettleiier i misjonen. Han skal med andre ord fullende Jesu misjonsbefaling. I møte med kvar einskild er Anden si oppgåve å overbevisa om eit behov for frelse (Joh. 16,8-11 ).

[endre] Gjerning

Til å utføre arbeidet sitt nyttar Anden i hovudsak tre hjelpemiddel; Bibelen, dåpen og nattverden. Desse blir kalla nådemiddel og dåpen og nattverden er i tillegg også sakrament.

Kristendomen trur at Anden gjev nådegåver til kvar einskild kristen som er gåver/talent til bruk i kyrkjelyden. Ansvaret og oppgåvene syns ofte å vere naturlege evner og anlegg, som å preike og å spele instrument, men det kan også vere overnaturlege gåver som å tale i tunger, tyding av tungetale, profetisk tale, eller gåva til å lækje ved bønn. Desse gåvene må «prøvast» (jf 1. Joh 4,1) og vere i samsvar med Bibelen. Det er karismatiske kyrkjelydar og pinsevennene som legg mest vekt på slike gåver.

Oppgåver som blir utført i kyrkjelyden har Anden si leiing og hjelp og den kristne får ei spesiell utrusting og styrke til dei oppgåvene. Nådegåvene blir difor rekna til «Andens frukt» (Gal 5,22).

[endre] Bakgrunnstoff

  • Bibelen, Det norske Bibelselskap, nynorsk omsetjing, 1978/85
  • Brunvoll Arve, Den norske kirkes bekjennelsesskrifter, Lunde Forlag, 1972
  • Den katolske kyrkje: www.katolsk.no/artikler/messemin.htm, artikkel om messa, 28.10.06
  • Haraldsø Brynjar, Kirke og misjon gjennom 2000 år, Lunde Forlag, 1997
  • Meistad Tore, Kristendommens historie, Høyskoleforlaget, 2000
  • Redse Arne, Mennesket i Guds verden. Fagbokforlaget, 1999

[endre] Peikar ut

Commons har multimedia som gjeld: Den heilage ande


aa - ab - af - ak - als - am - an - ang - ar - arc - as - ast - av - ay - az - ba - bar - bat_smg - bcl - be - be_x_old - bg - bh - bi - bm - bn - bo - bpy - br - bs - bug - bxr - ca - cbk_zam - cdo - ce - ceb - ch - cho - chr - chy - co - cr - crh - cs - csb - cu - cv - cy - da - de - diq - dsb - dv - dz - ee - el - eml - en - eo - es - et - eu - ext - fa - ff - fi - fiu_vro - fj - fo - fr - frp - fur - fy - ga - gan - gd - gl - glk - gn - got - gu - gv - ha - hak - haw - he - hi - hif - ho - hr - hsb - ht - hu - hy - hz - ia - id - ie - ig - ii - ik - ilo - io - is - it - iu - ja - jbo - jv - ka - kaa - kab - kg - ki - kj - kk - kl - km - kn - ko - kr - ks - ksh - ku - kv - kw - ky - la - lad - lb - lbe - lg - li - lij - lmo - ln - lo - lt - lv - map_bms - mdf - mg - mh - mi - mk - ml - mn - mo - mr - mt - mus - my - myv - mzn - na - nah - nap - nds - nds_nl - ne - new - ng - nl - nn - no - nov - nrm - nv - ny - oc - om - or - os - pa - pag - pam - pap - pdc - pi - pih - pl - pms - ps - pt - qu - quality - rm - rmy - rn - ro - roa_rup - roa_tara - ru - rw - sa - sah - sc - scn - sco - sd - se - sg - sh - si - simple - sk - sl - sm - sn - so - sr - srn - ss - st - stq - su - sv - sw - szl - ta - te - tet - tg - th - ti - tk - tl - tlh - tn - to - tpi - tr - ts - tt - tum - tw - ty - udm - ug - uk - ur - uz - ve - vec - vi - vls - vo - wa - war - wo - wuu - xal - xh - yi - yo - za - zea - zh - zh_classical - zh_min_nan - zh_yue - zu -