See also ebooksgratis.com: no banners, no cookies, totally FREE.

CLASSICISTRANIERI HOME PAGE - YOUTUBE CHANNEL
Privacy Policy Cookie Policy Terms and Conditions
The Dark Side of the Moon - Wikipedia

The Dark Side of the Moon

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

The Dark Side of the Moon
Studioalbum av Pink Floyd
Utgjeve 24. mars 1973
Innspelt Juni 1972-januar 1973 ved Abbey Road Studios i London
Sjanger Progressiv rock, elektronisk musikk
Lengd 43:00
Selskap Harvest, EMI (Storbritannia)
Harvest, Capitol (USA)
Produsent Pink Floyd
Pink Floyd-kronologi
Obscured by Clouds
(1972)
The Dark Side of the Moon Wish You Were Here
(1975)

The Dark Side of the Moon (med tittel Dark Side of the Moon på CD-utgåva frå 1993) er eit konseptalbum av Pink Floyd frå 1973. Temaet for albumet er filosofiske spørsmål omkring emner som tid, pengar, krig, reiser, psykiske lidingar og død. Det er av mange fans og kritikarar rekna som det største verket til bandet, og er generelt utropt som albumet som definerte lydbiletet til Pink Floyd. Det var ein milepæl i rockhistoria, med radiovenlege, elektroniske songar som alle brukte såkalla konkret musikk-teknikk. Enkelte musikkritikarar bruker albumet som referansepunkt for skilje mellom «klassisk» blues rock og den då nye sjangeren elektronisk musikk, og Pink Floyd var eit av dei første til å blande vanlege element frå rock med nye elektroniske element. Men det er nok det innovative i kombinasjonen mellom tekstane og dei musikalske nyansane som gjer albumet til ein bauta i rockehistoria. Alle fire medlemmene i bandet, David Gilmour, Nick Mason, Roger Waters og Richard Wright medverka som låtskrivarar og produsentar på plata. Det er òg det første Pink Floyd-albumet der alle tekstane er skrivne av Roger Waters. I tillegg er det sannsynlegvis det tredje mest selde albumet i historia (over 40 millionar eksemplar) og det albumet som har heldt seg lengst på den amerikanske Billboardlista (741 veker).

Innhaldsliste

[endre] Konsept

The Dark Side of the Moon sitt konsept omhandlar stress og mas i det moderne livet som kan drive normale menneske inn i galskap: Materialisme, tidsklemma, det å verte gamal og døy, det umenneskelege samfunnet og krig. Bodskapet vert ikkje berre levert i form av ord, men og gjennom lydeffektar i samband med musikken. Til dømes kan lyden av eit fly som styrtar på slutten av sporet «On the Run» representere flyskrekk. «Time» omhandlar korleis livet raskt kan gå for fort og vere over før ein er klar over det, og bruker alarmklokker i starten for vekke tilhøyraren. «The Great Gig in the Sky», som hadde arbeidstittelen «The Mortality Sequence», omhandlar døden, medan «Money» med sine lydeffektar og tekst ironisk omhandlar grådigskap og erklærer at det er «rota til all ondskap» i dag. «Us and Them» handlar om konfliktar mellom personar, galskapen med krig og fremmedhat. Meininga i «Any Colour You Like», som er ein instrumental, er noko uklår, men ein meiner at han representerer frykt for å ta avgjeringar. Songtittelen kom som følgje av svaret ein av lydteknikarane ofte gav til bandet når han blei bedt om noko: «Du kan få det i kva farge du vil», som er ein referanse til Henry Ford si skildring av Model T-bilen: «Du kan få han i kva farge du vil, så lenge det er svart». «Brain Damage» vendar seg mot dei framande («lunatics»), som kanskje er dei einaste som legg merke til feila i samfunnet. Han omhandlar òg deira tidlegare medlem Syd Barrett, som vart sparka frå bandet på grunn av sinnslidingar. Til slutt kjem «Eclipse», som skildrar den verkelege essensen i mennesket gjennom kva innverknad det har hatt på kvarandre.

Ein kan sjå liknande tema i enkelte Pink Floyd-songar frå tida før Dark Side. På den europeiske turneen i 1969 spelte bandet eit stykke kalla The Man and the Journey, basert på kvardagen til ein person. Roger Waters sine tekstar omhandla ofte galskap, og ein meiner dette kjem av Syd Barrett sin mentale kollaps. Kanskje den viktigaste songen som peiker framover mot Dark Side er songen «Echoes» frå Meddle, som handlar om forholdet mellom menneske med bruk av progressiv ambient musikk. Bandet kom derimot fram til å basere eit heilt album på temaet om forskjellige stressande situasjonar i livet på eit bandmøte på Nick Mason sitt kjøken seint i 1971.

I eit lite hageskur omgjort til musikkstudo skreiv Roger Waters all tekst og laga tidlege demospor. Det var her han laga introen til «Money» ved å ta opp lyden av myntar han slapp ned.

[endre] Innspeling

Plata er spelt inn i Abbey Road Studios mellom juni 1972 og januar 1973, og her brukte bandet dei mest avanserte innspelingsteknikkane som var tilgjengeleg på den tida i lag med diverse lydeffektar. I tillegg til vanlege instrument på den tida brukte Pink Floyd ein god del synthesizer i lydbilete i tillegg til uvanlege lydar: Ein lydteknikar som spring rundt i studioet sitt ekkokammer (under «On the Run»), eit hav av klokker som ringer samtidig (introen av «Time») og ein spesiell effekt på basstromma som fekk lyden til å høyre ut som hjarteslag (byrjinga og slutten på albumet). Enkelte av effektane vart brukt som rytmar under «Speak to Me» og «Money». Dette fekk dei til ved å møysommelege spleise saman forskjellige innspelingar av kasseapparat, klingande myntar, papir som vert rive og summande telleapparat på ei tospors teipsløyfe. Pink Floyd brukte òg andre studioteknikkar til fulle, som doble spor med vokalar og gitarar, rare klangeffektar og panorering av lydar mellom kanalane. Sjølv i dag brukar hi-fi entusiastar The Dark Side of the Moon som referanse til å teste lydkvaliteten til lydutstyr.

[endre] Stemmer

Ein kan heile vegen gjennom albumet høyre stemmer som snakkar mellom og oppå songane. Roger Waters utvikla ein metode for å intervjue folk i studio der han trykte eit sett med spørsmål på små kort i ei spesiell rekkefølge og personen måtte svare på desse spørsmåla føre ein mikrofon. Spørsmåla omhandla sentrale tema på albumet, som galskap, vald og død. Deltakarane var folk frå i og omkring studioet. Rekkefølga på spørsmåla var fastlagd på førehand, og ein kunne til dømes få spørsmålet «Kortid var du sist valdeleg?» etter fulgt av «Hadde du rett til det?».

Turnéleiaren Roger «The Hat» Manifold sine svar vart spelt inn seinare, fordi han ikkje var til stade då bandet gjorde intervjurundane sine. Då dei gjorde intervjuet med han hadde dei mista korta med spørsmålet og han måtte intervjuast person til person. Han kan høyrast gjennom heile albumet med setningar som «give 'em a quick, short, sharp shock...» og «live for today, gone tomorrow, that’s me...». Ein anna konsertarbeidar, Chris Adamson, har setninga som opnar heile albumet «I’ve been mad for fucking years, absolutely years, over the edge for yonks...».

Pink Floyd sin sjefsturnéleiar Peter «Puddie» Watts (far til skodespelaren Naomi Watts) medverka med latteren ein kan høyre på «Brain Damage» og «Speak to Me», medan setninga «I never said I was frightened of dying» under «The Great Gig in the Sky» kom frå kona hans, Myfanwy «Miv» Watts.

Den irske dørvakta Gerry Driscoll har òg ein del setningar på albumet som «And I am not frightened of dying, any time will do I don’t mind. Why should I be frightened of dying, there’s no reason for it you’ve got to go some time» (under «The Great Gig in the Sky») og avsluttninga med «there is no dark side of the Moon really... matter of fact it’s all dark». Paul og Linda McCartney vart òg intervjua, men svara deira var for ordinære til å bli brukt. McCartney sitt bandmedlem Henry McCullough medverka derimot med setninga «I don't know, I was really drunk at the time».

Alan Parsons var lydteknikar på heile albumet, som ein del av personale på Abbey Road. Han fortalte ein gong i eit intervju at han byta vakter med kollegaene sine for å kunne arbeide på heile prosjektet. Han fekk ein Grammy Award som beste lydteknikar i 1973 for arbeidet med Dark Side.

[endre] Mottaking

The Dark Side of the Moon er eit av dei mestselgande albuma i historia. Det nådde første plass på Billboardlista i USA, men låg berre der ei veke. Albumet heldt seg derimot inne på Topp 200-lista i 741 veker (over 14 år). I dag har ein sett eit tak på Billboardlista på 500 veker, noko som betyr at denne rekorden kjem til å bli ståande for alltid (eller til dei tek vekk taket igjen). Albumet var samanhengande på lista frå den kom ut til 23. april 1988. Etter at SACD-utgåva av albumet kom ut i 2003 selde albumet 800 000 eksemplar berre i USA, og den hamna på 1. plass igjen. 5. mai 2006 hadde Dark Side of the Moon' vore på dei amerikanske listene i heile 1500 veker.

Albumet har seld over 40 millionar eksemplar på verdsbasis, med eit snitt på om lag 8000 eksemplar i veka og over 400 000 i 2002. Dermed vart albumet det 200. mest selde albumet det året, nesten 30 år etter det kom ut. I følgje ein artikkel i Wall Street Journal frå august 2006 har albumet seld 7,7 millionar eksemplar sidan 1991 berre i USA.

Albumet har vert gjeve ut på ny fleire gongar sidan 1973. I 1979 kom ein spesiell utgåve på vinyl med ekstra høg lydkvalitet. Capitol og EMI gav den ut på CD på 80-talet, før ei utgåve med betre digital lyd kom i 1992 i samband med boksen Shine On. I 1994 kom det ei 20-årsjubileumsutgåve i pappomslag, og for 30-årsjubileumet vart det gjeve ut ein hybrid SACD-versjon med 5.1-kanals DSD-kringlyd. Denne nye utgåva vart miksa på nytt frå dei originale studioteipane. Same året utnemnde musikkmagasinet Rolling Stone plata til det 43. beste albumet gjennom tidene. Andre magasin, TV- og radiokanalar har derimot plassert albumet mellom 1. og 51. plass på liknande lister.

[endre] Innhald

Tittel Skriven av Vokal Lengd på forskjellige utgjevingar
Original LP og 1973-utgåve Original CD og 1994-utgåve Shine On-boksen og 1993-utgåva SACD-utgåva frå 2003
«Speak to Me» instrumental 1:10 1:00 1:13 1:08
«Breathe» 2:49 2:59 2:46 2:48
«On the Run» instrumental 3:36 3:35 3:34 3:31
«Time»/«Breathe (Reprise)» 7:04 7:05 7:05 7:06
«The Great Gig in the Sky»
  • Clare Torry
4:39 4:48 4:44 4:47
«Money» 6:24 6:24 6:32 6:30
«Us and Them» 7:49 7:49 7:40 7:48
«Any Colour You Like» instrumental 3:26 3:26 3:26 3:26
«Brain Damage» 3:50 3:50 3:50 3:48
«Eclipse» 2:03 2:04 2:02 2:06

[endre] Medverkande

med

  • Lesley Duncan — Korist
  • Doris Troy — Korist
  • Barry St. John — Korist
  • Liza Strike — Korist
  • Clare Torry — Vokal på «The Great Gig in the Sky»
  • Dick Parry — Saksofon
  • Alan Parsons — Lydteknikar
  • Peter James — Assisterande lydteknikar
  • Chris Thomas — Miksemedhjelpar
  • Hipgnosis — Albumdesign

[endre] Kuriosa

  • Om ein spelar albumet samtidig med filmen The Wizard of Oz frå 1939 kan det ofte virke som om fleire episodar i filmen er synkronisert med musikken og teksten på albumet. Bandet har fleire gonger sagt at dette berre er tilfeldig.
  • «The Dark Side of the Moon» var frå starten den planlagde tittelen på albumet, men då bandet oppdaga at bandet Medicine Head var på veg til å gje ut eit album med same namn eit år før Pink Floyd, endra dei arbeidstittelen til «Eclipse: A Piece for Assorted Lunatics». Medicine Head si plate selde derimot dårleg, så Pink Floyd endra tittelen sin tilbake til det originale.
  • Sjølv om éin person i dag kunne ha miksa albumet krevde teknikken på den tida at bandet på fleire songar (særleg «On the Run») måtte bruke fleire personar for å styre spakane på miksepulten.
  • Pink Floyd starta å spele albumet på konsertar allereie i 1972, og på enkelte stader var spora på albumet bytta ut med meir tradisjonelle improvisasjonar. Særleg gjaldt dette «On the Run» som vart kalla «The Travel Sequence».
  • På dei fleste CD-versjonane kan ein så vidt høyre ein orkesterversjon av The Beatles-songen «Ticket to Ride» etter «Eclipse» medan hjarteslaga sakte forsvinn. Det er uklart kvifor dette er med, men det er sannsynlegvis ein glipp i innspelinga.
  • Roger Waters spela heile albumet på turnéen sin i 2006, inkludert konsertane i Oslo og Stavanger.

[endre] Singlar

Pink Floyd gav ut enkelte singlar frå albumet (men ikkje i Storbritannia og ei rekkje andre land)

  • «Money»/«Any Colour You Like» — Harvest/Capitol juni 1973
  • «Time»/«Us and Them» — Harvest/Capitol 4. februar 1974

Den siste vert av og til rekna som ei dobbel A-side.

[endre] Kjelder

  • The "Dark Side of the Moon": The Making of the "Pink Floyd" Masterpiece, John Harris, Fourth Estate, (2005) ISBN 0-00-719024-7 (United Kingdom); Da Capo Press, (2005) ISBN 0-306-81342-4 (United States)
  • «The Complete Guide to the Music of Pink Floyd», Andy Mabbett, Omnibus Press, (1995) ISBN 0-7119-4301-X
Pink Floyd
Syd Barrett | David Gilmour | Nick Mason | Roger Waters | Richard Wright
Diskografi
Studioalbum: The Piper at the Gates of Dawn (1967) | A Saucerful of Secrets (1968) | Ummagumma (1969) | Atom Heart Mother (1970) | Meddle (1971) | The Dark Side of the Moon (1973) | Wish You Were Here (1975) | Animals (1977) | The Wall (1979) | The Final Cut (1983) | A Momentary Lapse of Reason (1987) | The Division Bell (1994)
Filmmusikk: Tonite Let’s All Make Love in London (1968) | More (1969) | Zabriskie Point (1970) | Obscured by Clouds (1972)
Konsertalbum: Ummagumma (1969) | Delicate Sound of Thunder (1988) | P*U*L*S*E (1995) | Is There Anybody Out There? The Wall Live 1980-81 (2000)
Samlealbum: Relics (1971) | A Nice Pair (1973) | Masters of Rock (1974) | A Collection of Great Dance Songs (1981) | Works (1983) | Shine On (The Early Singles) (1992) 1967 Singles Sampler (1997) | Echoes (2001)
Filmar
Live at Pompeii | The Wall | Delicate Sound of Thunder | La Carrera Panamericana | London ’66-’67 | P*U*L*S*E
Tilknytta artikklar
Bob Klose | Alan Parsons | Dick Parry | Storm Thorgerson/Hipgnosis | Steve O’Rourke | Konsertar | Publius Enigma | The Man and the Journey


aa - ab - af - ak - als - am - an - ang - ar - arc - as - ast - av - ay - az - ba - bar - bat_smg - bcl - be - be_x_old - bg - bh - bi - bm - bn - bo - bpy - br - bs - bug - bxr - ca - cbk_zam - cdo - ce - ceb - ch - cho - chr - chy - co - cr - crh - cs - csb - cu - cv - cy - da - de - diq - dsb - dv - dz - ee - el - eml - en - eo - es - et - eu - ext - fa - ff - fi - fiu_vro - fj - fo - fr - frp - fur - fy - ga - gan - gd - gl - glk - gn - got - gu - gv - ha - hak - haw - he - hi - hif - ho - hr - hsb - ht - hu - hy - hz - ia - id - ie - ig - ii - ik - ilo - io - is - it - iu - ja - jbo - jv - ka - kaa - kab - kg - ki - kj - kk - kl - km - kn - ko - kr - ks - ksh - ku - kv - kw - ky - la - lad - lb - lbe - lg - li - lij - lmo - ln - lo - lt - lv - map_bms - mdf - mg - mh - mi - mk - ml - mn - mo - mr - mt - mus - my - myv - mzn - na - nah - nap - nds - nds_nl - ne - new - ng - nl - nn - no - nov - nrm - nv - ny - oc - om - or - os - pa - pag - pam - pap - pdc - pi - pih - pl - pms - ps - pt - qu - quality - rm - rmy - rn - ro - roa_rup - roa_tara - ru - rw - sa - sah - sc - scn - sco - sd - se - sg - sh - si - simple - sk - sl - sm - sn - so - sr - srn - ss - st - stq - su - sv - sw - szl - ta - te - tet - tg - th - ti - tk - tl - tlh - tn - to - tpi - tr - ts - tt - tum - tw - ty - udm - ug - uk - ur - uz - ve - vec - vi - vls - vo - wa - war - wo - wuu - xal - xh - yi - yo - za - zea - zh - zh_classical - zh_min_nan - zh_yue - zu -