See also ebooksgratis.com: no banners, no cookies, totally FREE.

CLASSICISTRANIERI HOME PAGE - YOUTUBE CHANNEL
Privacy Policy Cookie Policy Terms and Conditions
A Saucerful of Secrets - Wikipedia

A Saucerful of Secrets

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

A Saucerful of Secrets
Studioalbum av Pink Floyd
Utgjeve 29. juni 1968
Innspelt August og oktober 1967, januar-april 1968
Sjanger Psykedelisk rock, progressiv rock
Lengd 39:25
Selskap Columbia/EMI Storbritanna
Capitol USA
Produsent Norman Smith
Pink Floyd-kronologi
The Piper at the Gates of Dawn
(1967)
A Saucerful of Secrets Music from the Film More
(1969)


A Saucerful of Secrets er det andre albumet til Pink Floyd, og utan tvil eit av dei første progressive rockealbuma. Det vart spelt inn i Abbey Road Studios på forskjellig tidspunkt mellom august 1967 og april 1968, og kom ut i juni 1968. Det nådde 9. plass på albumlista i Storbritannia, og var det einaste Pink Floyd-albumet som ikkje kom inn på listene i USA. På grunn av Syd Barrett sin skrantande sinnstilstand vart dette det siste Pink Floyd-albumet han medverka på. Under den vanskelege innspelinga vart Barrett meir og meir ustabil og i januar 1968 vart David Gilmour henta inn. Barrett forlot til slutt bandet for godt i mars same året, og resten av medlemmane måtte gjere ferdig albumet på eiga hand. Som følgje av det er A Saucerful of Secrets det einaste Pink Floyd-albumet (som ikkje er eit samlealbum) der alle fem medlemmane spelar samtidig. I tillegg til «Jugband Blues» var det meininga at albumet skulle innehalde ein anna Syd Barrett-song, «Vegetable Man», men ein fann ut at songen ikkje var god nok til å vere med på albumet. Det var seinare meininga at songen skulle vere b-side til ein anna song «Scream Thy Last Scream», men singelen kom aldri ut.

Stereomiksen av albumet vart første gjeve ut på CD i 1987, og på ny med betre digital lyd i 1992 (som ein del av boksen Shine On) og i 1994. Monoversjonen har aldri blitt gjeve ut på CD.

Innhaldsliste

[endre] Innhald

  1. «Let There Be More Light» (Roger Waters) – 5:38
  2. «Remember a Day» (Rick Wright) – 4:33
  3. «Set the Controls for the Heart of the Sun» (Roger Waters) – 5:28
  4. «Corporal Clegg» (Roger Waters) – 4:13
  5. «A Saucerful of Secrets» (David Gilmour/Roger Waters/Rick Wright/Nick Mason) – 11:57
    • Instrumental
  6. «See-Saw» (Rick Wright) – 4:36
  7. «Jugband Blues» (Syd Barrett) – 3:00

[endre] Personell

med:

  • Norman Smith - trommer og korsongar på «Remember a Day»
  • 8 medlem frå Frelsesarmeen - Ray Bowes (kornett), Terry Camsey (kornett), Mac Carter (trombone), Les Condon (Eb bass), Maurice Cooper (barytonhorn), Ian Hankey (trombone), George Whittingham (Bb bass) og ein til på «Jugband Blues».

[endre] Songar

[endre] Let There Be More Light

Opningssporet omhandlar eit nært møte med eit utanomjordisk romskip. Songen er skrive av Roger Waters, og byrjar med ei gjentakande basslinje før vokalen startar. Det første songpartiet er sunge av Richard Wright medan Waters kviskrar teksten. Refrenget er sunge av David Gilmour. Dei siste to minutta inneheld den første gitarsoloen av Gilmour på eit Pink Floyd-album. Allereie då kan ein kjenne igjen gitarstilen med mange av varemerka som Gilmour brukte i soloane sine, t.d. spelar han på ein enkel note og lyden av gitaren hans går gjennom fleire lydeffektar, som forvrenging og ekko.

Linja «as Lucy in the sky» er ein direkte referanse til songen «Lucy in the Sky with Diamonds» av The Beatles

Songen vart òg gjeve ut på singel 29. juni 1968 med «Remember a Day» som b-side.

Bandet Placebo sin song «Taste in Men» har ein opning med ei basslinje som er svært lik «Let There Be More Light»

[endre] Remember a Day

Songen er skrive av Richard Wright og spelt inn under innspelinga av debutalbumet deira The Piper at the Gates of Dawn i 1967. Den opphavlege tittelen var «Sunshine», Nick Mason visste ikkje heilt kva han skulle gjere på songen, og produsenten Norman Smith måtte til slutt steppe inn for han. Både Syd Barrett og David Gilmour spelar på denne songen med Barrett på akustisk gitar og Gilmour på slidegitar, og er ein av svært få Pink Floyd-innspelingar med begge gitaristane samtidig. Songen var òg b-side til singelen «Let There Be More Light»

[endre] Set the Controls for the Heart of the Sun

Songen, som er laga av Roger Waters med interessante trommeparti av Nick Mason, vart spelt mykje mellom 1967 og 1973, og ein konsertversjon av songen er på Ummagumma (1969) og i filmen Pink Floyd: Live at Pompeii (1971). Begge desse versjonane er ein del lengre enn originalversjonen. Innspelinga av songen starta i august 1967, men meir vart lagt til i januar og april 1968 då David Gilmour var med i bandet. I følgje Gilmour spelar Syd Barrett på ein liten del av songen. [1].

Roger Waters har seinare innrømma at han «lånte» teksten til songen frå ei kinesisk diktsamling frå Tangdynastiet, Poems of the late T’ang. Nokre av dei «lånte» linjene var skriven av Li He i diktet Ikkje gå ut av døra, som inneheld tekstlinja «witness the man who raged at the wall as he wrote his question to heaven». Andre tekstlinjer var «watch little by little the night turn around», «countless the twigs which tremble in dawn» og «one inch of love is an inch of ashes», som var skriven av Li Shangyin. Hovudriffet liknar på eit riff som Jimmy Garrison spelte i ein solo før songen «My Favorite Things» på John Coltrane-albumet Live at the Village Vanguard Again!, men dette er sannsynlegvis berre tilfeldig. Riffet er spelt av Gilmour på gitar som er stemt ned så lågt at det nesten høyres ut som ein bass. Riffet E E F E D E er i frygisk toneart, eit «indisk» lydbilete som var populært i mange popsongar på den tida.

Denne songen, i tillegg til andre Pink Floyd-songar, påverka Douglas Adams då han laga det oppdikta bandet «Disaster Area» i boka si «Restaurant at the End of the Universe». Disaster Area er kjend for å vera det høgastspelande bandet i universet, og som Pink Floyd brukte dei mange visuelle effektar som sluttar med at eit romskip styrtar på den næraste sola.

«Set the Controls» er òg gjeve ut på samlealbumet Echoes: The Best of Pink Floyd frå 2001. Roger Waters har spelt songen på sine siste turnéar og videoen bak bandet viser stillbilete frå videoen til «Arnold Layne» og «The Scarecrow». Waters sin nye konsertversjon inneheld ein saksofonsolo.

[endre] Corporal Clegg

Songen er skriven av Roger Waters med David Gilmour på gitar og vokal. Dette er òg første gong Nick Mason syng på ein song («He won it in the war...»-partiet). David Gilmour spelar òg kazoo på songen. Personen som fann opp dette instrumentet heitte Thaddeus von Clegg, og det kan vere årsaka til at songen har fått akkurat den tittelen.

Songen handlar om ein soldat som mistar foten sin i Andre verdskrig, og som tilsynelatane har ei alkoholisert kone. Dette er første gong krig vert nemnd i ein Pink Floyd-song, eit tema som vert mykje brukt av Roger Waters seinare, som mista far sin i Andre verdskrig.

[endre] A Saucerful of Secrets

Sjå eigen artikkel om A Saucerful of Secrets.

[endre] See-Saw

Atomsfæren, tonen og tekstinnhaldet (som minner om ein idyllisk barndom) liknar mykje på Wright sin andre komposiosjon på albumet, «Remember a Day», sjølv om den generelle tonen i songen er mørkare og meir depressiv.

[endre] Jugband Blues

Dette er den einaste songen på albumet som er laga av Syd Barrett, og i tillegg den siste songen han gav ut i lag med bandet. Pink Floyd laga to videoar av songen. Den eine viser ein tilsynelatande deprimert Barrett som går rundt utan mål og meining. Den andre videoen er meir som ein standard musikkvideo, der Barrett og resten av bandet mimer til songen på ein scene med psykedeliske lysframvisingar i bakgrunnen.

Barrett ville at Frelsesarmeen skulle spele på songen, og åtte medlemmar av eit slikt orkester møtte opp i studio. Barrett fortalte dei at dei kunne spele kva dei ville utan å tenkje på resten av bandet. Norman Smith insisterte derimot på at dei skulle spele inn avtalt musikk, og til slutt vart det spelt inn begge delar. Under den andre, instrumenterte versjonen forsvann derimot Barrett. Den første og ikkje planlagde versjonen er den som hamna på albumet. Roger Waters og Rick Wright spelar tuba og trombone på dette partiet.

Songen vert sett på som eit trist farvel av Barrett, som i byrjinga av innspelinga allereie hadde byrja å gå inn i ein delirisk tilstand.

«Jugband Blues» er den andre songen frå Saucerful som er på samlealbumet Echoes: The Best of Pink Floyd (den første er «Set the Controls for the Heart of the Sun»). Songen kjem mot slutten av plata, like etter Wish You Were Here, ein song som er skrive som ein hyllest til Barrett.

[endre] Kjelder


Pink Floyd
Syd Barrett | David Gilmour | Nick Mason | Roger Waters | Richard Wright
Diskografi
Studioalbum: The Piper at the Gates of Dawn (1967) | A Saucerful of Secrets (1968) | Ummagumma (1969) | Atom Heart Mother (1970) | Meddle (1971) | The Dark Side of the Moon (1973) | Wish You Were Here (1975) | Animals (1977) | The Wall (1979) | The Final Cut (1983) | A Momentary Lapse of Reason (1987) | The Division Bell (1994)
Filmmusikk: Tonite Let’s All Make Love in London (1968) | More (1969) | Zabriskie Point (1970) | Obscured by Clouds (1972)
Konsertalbum: Ummagumma (1969) | Delicate Sound of Thunder (1988) | P*U*L*S*E (1995) | Is There Anybody Out There? The Wall Live 1980-81 (2000)
Samlealbum: Relics (1971) | A Nice Pair (1973) | Masters of Rock (1974) | A Collection of Great Dance Songs (1981) | Works (1983) | Shine On (The Early Singles) (1992) 1967 Singles Sampler (1997) | Echoes (2001)
Filmar
Live at Pompeii | The Wall | Delicate Sound of Thunder | La Carrera Panamericana | London ’66-’67 | P*U*L*S*E
Tilknytta artikklar
Bob Klose | Alan Parsons | Dick Parry | Storm Thorgerson/Hipgnosis | Steve O’Rourke | Konsertar | Publius Enigma | The Man and the Journey


aa - ab - af - ak - als - am - an - ang - ar - arc - as - ast - av - ay - az - ba - bar - bat_smg - bcl - be - be_x_old - bg - bh - bi - bm - bn - bo - bpy - br - bs - bug - bxr - ca - cbk_zam - cdo - ce - ceb - ch - cho - chr - chy - co - cr - crh - cs - csb - cu - cv - cy - da - de - diq - dsb - dv - dz - ee - el - eml - en - eo - es - et - eu - ext - fa - ff - fi - fiu_vro - fj - fo - fr - frp - fur - fy - ga - gan - gd - gl - glk - gn - got - gu - gv - ha - hak - haw - he - hi - hif - ho - hr - hsb - ht - hu - hy - hz - ia - id - ie - ig - ii - ik - ilo - io - is - it - iu - ja - jbo - jv - ka - kaa - kab - kg - ki - kj - kk - kl - km - kn - ko - kr - ks - ksh - ku - kv - kw - ky - la - lad - lb - lbe - lg - li - lij - lmo - ln - lo - lt - lv - map_bms - mdf - mg - mh - mi - mk - ml - mn - mo - mr - mt - mus - my - myv - mzn - na - nah - nap - nds - nds_nl - ne - new - ng - nl - nn - no - nov - nrm - nv - ny - oc - om - or - os - pa - pag - pam - pap - pdc - pi - pih - pl - pms - ps - pt - qu - quality - rm - rmy - rn - ro - roa_rup - roa_tara - ru - rw - sa - sah - sc - scn - sco - sd - se - sg - sh - si - simple - sk - sl - sm - sn - so - sr - srn - ss - st - stq - su - sv - sw - szl - ta - te - tet - tg - th - ti - tk - tl - tlh - tn - to - tpi - tr - ts - tt - tum - tw - ty - udm - ug - uk - ur - uz - ve - vec - vi - vls - vo - wa - war - wo - wuu - xal - xh - yi - yo - za - zea - zh - zh_classical - zh_min_nan - zh_yue - zu -