Pink Floyd
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Pink Floyd | ||
Land | England | |
Sjanger | Rock, psykedelisk rock, progressiv rock | |
Selskap | Capitol, Columbia og EMI | |
Medlemmer | ||
David Gilmour Nick Mason Richard Wright |
||
Tidlegare medlemmer | ||
Syd Barrett Roger Waters Bob Klose |
Pink Floyd er eit britisk progressivt rockeband. Med poengterte tekstar, storslåtte lydbilete, lydeksperimentering, nyskapande platecover og sceneshow fylt med effektar er Pink Floyd eitt av dei største banda innan rocken. Bandet er på sjuandeplass på lista over artistar som har seld flest plater gjennom historia med over 200 millionar plater.[1][2]
Pink Floyd hadde ein viss suksess seint på 1960-talet som eit psykedelisk band leia av Syd Barrett. Barrett si ubereknelege åtferd førte til slutt til at han vart bytta ut med gitarist og vokalist David Gilmour. Etter dette tok bassisten og vokalisten Roger Waters gradvis over leiinga av bandet, sjølv om mange songar blei skrivne også av andre bandmedlemmer. I lag med Richard Wright på tangentar og vokal og Nick Mason på trommer heldt denne versjonen av bandet i lag til 1982, då Waters sparka Wright ut av bandet. Dette var i perioden etter The Wall, der Roger Waters skreiv dei fleste songane åleine. Dei mest kjende platene frå denne perioden var The Dark Side of the Moon frå 1973, Wish You Were Here frå 1975, Animals frå 1977 og The Wall frå 1979, plater som gav dei status som eit verdskjend band. Desse platene er blant dei mest kritikarroste og populære platene i rocken si historie. I 1985 prøvde Waters å legge ned Pink Floyd, men Gilmour, Mason og etter kvart Wright heldt fram utan han. Waters saksøkte då bandet for å få rettane til bandnamnet, ei sak han tapte.
Waters vart derimot gjenforent med bandet 2. juli 2005, då dei spelte på Live 8-konserten i London.
Innhaldsliste |
[endre] Historie
[endre] Syd Barrett-perioden: 1965–1968
Pink Floyd utvikla seg frå eit tidlegare band, danna i 1964, som gjekk under forskjellege namn som Sigma 6, The Megga Deaths, The Screaming Abdabs og The Abdabs. Når dette bandet vart oppløyst slo enkelte av medlemmane seg saman og danna eit nytt band kalla Tea Set. Desse medlemmane var Bob Klose og Roger Waters på gitar, Nick Mason på trommer og Richard Wright på blåseinstrument. Etter ein kort periode med Chris Dennis på vokal vart gitarist og vokalist Syd Barrett med i bandet, og Waters skifta til bass. Ein gong spela Tea Set på same konsert som eit anna band med same namn, og Barrett kom opp med det alternative namnet The Pink Floyd Sound etter to bluesmusikarar, Pink Anderson og Floyd Council. Ei stund skifta dei mellom desse to namna, før dei til slutt berre brukte det siste. Etter kvart vart Sound tatt bort. Sjølv om alle platene er gjeve ut under namnet Pink Floyd, vart bandet lenge omtalt som The Pink Floyd av bandmedlemmane. I denne tidlege perioden spela dei stort sett coverversjonar av rhythm and blues-klassikarar som «Louie Louie» i psykedeliske tolkingar med lange improviserte seksjonar og soloar.
Klose var meir ein jazzmusikar og forlot bandet for å bli fotograf kort tid før Pink Floyd byrja å spele inn musikken sin. Barrett spela då gitar og song med Waters på bass og korsong, Mason på trommer og perkusjon og Wright på tangentar og korsong. Barrett starta raskt å skrive sine eigne songar, inspirert av amerikansk og britisk psykedelisk rock, men med sin eigen underlege humor. Pink Floyd vart raskt eit populært undergrunnsband og spela på klubbar som UFO Club, Marquee Club og Roundhouse.
På slutten av 1966 vart bandet bedt om å medverke med musikk til Peter Whitehead sin film Tonite Let’s All Make Love in London. Bandet vart filma medan dei spela inn to spor («Interstellar Overdrive» og «Nick's Boogie») i januar 1967. Lite av musikken vart med i filmen, men innspelinga vart gjeve ut som London 1966/1967 på 1990-talet.
Etter kvart som bandet vart meir populært danna bandet firmaet Blackhill Enterprises i oktober 1966 i lag med managerane Peter Jenner og Andrew King. Dei gav så ut singlane «Arnold Layne» i mars 1967 og «See Emily Play» i juni 1967. «Arnold Layne» gjekk opp til 20. plass på den britiske singellista, og «See Emily Play» gjekk heilt opp til sjetteplass, og bandet fekk sin første TV-opptreden på Top of the Pops i juli 1967.
Debutalbumet The Piper at the Gates of Dawn kom i august 1967, og er i dag rekna som eit perfekt døme på britisk psykedelisk musikk og fekk generelt gode kritikkar på den tida, og vert i dag sett på som eit av dei betre debutalbuma av mange kritikarar. Songane på albumet er hovudsakleg skriven av Barrett, og viser poetiske tekstar og eit breidt utvalg av musikk, frå den avantgarde «Interstellar Overdrive» til underlege songar som «The Scarecrow», inspirert av The Fens, eit landleg område nord for Cambridge. Både Barrett, Gilmour og Waters vaks opp i denne byen og kjende kvarandre frå barndomen. Tekstane er surrealistiske og referer ofte til segner, som i «The Gnome». Musikken innehaldt nyare teknologi innan elektronikk som bruk av stereopanorering og elektriske tangentinstrument. Plata vart ein hit i Storbritannia, der den nådde sjetteplass, men fekk lite merksemd i Nord-Amerika, og klarte berre 131. plass i USA. Under denne perioden turnerte bandet med Jimi Hendrix, som hjalp på populariteten.
[endre] Forfallet til Barrett
Bandet vart meir og meir populært, og det harde turnélivet og eit stort inntak av narkotika, som LSD, førte til at Barrett si psykiske helse byrja å skrante. Barrett si merkelege oppførsel har ofte vore knytta til narkotikabruken hans. I januar 1968 vart David Gilmour tatt inn i bandet som gitarist for å utføre Barrett sine oppgåver på scena.
Oppførsla til Barrett vart derimot mindre og mindre føreseieleg, og med nesten konstant bruk av LSD vart han svært ustabil. Ofte stirra han berre ut på publikum medan resten av bandet spelte. Under enkelte konsertar kunne han klimpre på ein akkord gjennom heile konserten, eller skeivstemme gitaren sin. Konsertane vart etter kvart så dårlege at dei andre bandmedlemmane til slutt lot han vere heime. Den opprinnelege planen var at Barrett skulle halde fram med å skrive songar for bandet, medan Gilmour framførte dei på konsertane. Barrett skreiv derimot så vanskelege songar, som «Have You Got It Yet?» der han skifta melodi og akkordrekkefølgje for kvar gong han spelte den, at bandet til slutt ga opp heile løysinga. Barrett vart til slutt heilt ute av bandet i april 1968 då produsentane Jenner og King valde å halde seg til han, og firmaet Blackhill vart oppløyst. Bandet tilsette Steve O'Rourke som manager, ein jobb han hadde heilt til han døydde i 2003.
Barrett spelte inn to soloplater (The Madcap Laughs og Barrett) i 1969 og 1970 (med Gilmour, Waters og Wright som medprodusentar og medhjelparar). Etter dette gjekk Barrett tilbake til sitt opphavlege namn, Roger, og levde eit roleg liv i Cambridge, både i lag med mora og aleine. Barrett døydde i heimen sin 7. juli 2006.
[endre] Den eksperimentelle perioden: 1968–1970
Gilmour, Waters og Wright medverka alle med songar som hadde sitt eige preg og lydbilete. Dette gjorde at musikken var mindre konsistent samanlikna med dei tidlegare åra då Barrett dominerte eller det meir polerte og samarbeidsprega arbeidet dei gjorde seinare. Etter at Barret hadde vore songaren under hans tid, delte no Gilmour, Waters og Wright på rolla som både komponistar og songarar. Waters skreiv stort sett lågmelte, jazzaktige melodiar med dominerande basslinjer og komplekse og symbolske tekstar. Gilmour fokuserte meir på gitardriven bluesimprovisasjon, medan Wright føretrekte melodiske og psykedeliske songar med tangentane langt framme i lydbilete. I motsetnad til Waters hadde Gilmour og Wright enkle tekstar eller reine instrumentalar. Noko av gruppa sin mest eksperimentelle musikk er frå denne perioden som «A Saucerful of Secrets», som hovudsakleg består av lydar, feedback, perkusjon, tonegeneratorar og musikalske loopar, «Several Species of Small Furry Animals Gathered Together in a Cave and Grooving with a Pict» med ei rekkje stemmeinnspelingar med dobbel snøggleik som høyres ut som lyden av skrikande gnagarar og fuglekvitter før det heile endar i ein dialog med skotsk dialekt som er vanskeleg å forstå. «Careful with That Axe, Eugene» (som òg hadde mange andre navn på denne tida) er ein song av Waters driven fram av bass og improvisasjon på elektrisk piano eller orgel, og som kulminerar i ein eksplosjon av dundrande trommer og Waters sine primalskrik.
Medan Barrett had skrive mesteparten av det første albumet, var det berre ein Barrettkomposisjon på det andre Pink Floyd-albumet. A Saucerful of Secrets kom ut i juni 1968 og nådde niandeplass i Storbritannia, men kom ikkje inn på listene i USA. Plata var noko ujamn sidan Barrett no var borte, men innehaldt framleis mykje av det psykedeliske lydbilete hans kombinert med meir eksperimentell musikk, som blei vidareført på Ummagumma. Midtpunktet var det tolv minuttar lange tittelsporet, og var eit hint om dei episke og lange songane som skulle kome seinare, men plata vart dårleg tatt i mot av anmeldarane på den tida. På seinare plater bygde bandet vidare på ideen om å bruke lange og progressive komposisjonar.
Pink Floyd vart så bede om å lage musikken til filmen More av regissør Barbet Schroeder. Filmen hadde premiere i mai 1969. Musikken vart gjeve ut som eit eige Pink Floyd-album, Music from the Film More, i juli 1969. Albumet gjekk opp til niandeplass i Storbritanna og til 153. plass i USA. Kritikarane syntes albumet var ujamnt og oppstykka. Gruppa brukte desse og seinare filmmusikkinnspelingar til å lage musikk som kanskje ikkje ville ha passa inn på ei skikkeleg Pink Floyd-plate. Mange av spora på More (som fansen vanlegvis kallar den) var akustiske viser. To av desse songane, «Green is the Colour» og «Cymbaline» vart ein del av bandet sitt konsertverk kalla The Man/The Journey. «Cymbaline» var òg den første Pink Floyd-songen som handla om Waters si kyniske innstilling mot musikkindustrien. Resten av albumet var samansett av små avantgarde stykke frå filmen (nokre av desse var òg ein del av «The Man/The Journey») i tillegg til eit par tyngre rockesongar, som «The Nile Song».
Den neste plata var dobbeltalbumet Ummagumma, der eine plata var liveinnspelingar og den andre var studioeksperiment der kvart bandmedlem spela inn ei halv vinylside kvar som eit soloprosjekt. Sjølv om albumet vart eit soloprosjekt og ei konsertplate, var det opprinneleg tenkt at den skulle vere ei rein avantgarde blanding av lydar frå tilfeldige instrument som ein «fann». Tittelen på plata er Cambridge-slang for samleie, og gjenspeilar innstillinga til bandet under dei vanskelege innspelingane. Bandet var svært eksperimentelle på studioplata, som inneheld Waters si vise «Grantchester Meadows», eit atonalt og disharmonisk pianostykke («Sysyphus», progressiv rock («The Narrow Way») og lange perkusjonssoloar («The Grand Vizier's Garden Party»). Store delar av studioplata var tidlegare spelt live som ein del av «The Man/The Journey»-konseptet. Konsertplata inneheld opptak av nokre av bandet sine mest populære songar frå denne perioden, og gjorde at albumet fekk betre kritikkar enn dei to tidlegare albuma. Albumet var Pink Floyd sitt mest populære så langt og nådde femteplass på listene i Storbritanna og 74. plass i USA.
I 1970 kom Atom Heart Mother, gruppa si første innspeling med eit orkester, og var eit samarbeid med den avantgarde komponisten Ron Geesin. Ei heil side av plata bestod av tittesporet, eit symfonisk rockestykke på 23 minuttar. Den andre sida var samansett av ein song av Roger Waters (visa «If»), ein av David Gilmour (den bluesaktige «Fat Old Sun» og ein av Rick Wright (den nostalgiske «Summer ’68»). Eit anna lengre stykke, «Alan's Psychedelic Breakfast», var ein lydmontasje av ein mann som lagar og et frokost og tankane hans omkring nettopp det. Bruken av tilfeldige lydeffektar og snakkande stemmer vart etter dette ein viktig del av lydbiletet til bandet. Albumet vart på den tida rekna for å vere eit stort steg tilbake for bandet, og er i dag rekna som ei av dei mindre tilgjengelege platene til Pink Floyd. Plata fekk derimot den beste plasseringa bandet hadde hatt til no, og nådde førsteplass i Storbritannia og 55. plass i USA. Gilmour har i etterkant skildra plata som «tull og tøys», medan Waters har sagt at han ikkje kom til å bry seg om nokon «kasta albumet i søppelkorga og ikkje høyrde på det igjen». Albumet var igjen ein overgang til det neste stadiet i utviklinga til bandet, og tittelsporet ga hint om framtidige spor som «Echoes». Sidan albumet var så pass populært førte det til at Pink Floyd kunne dra på sin første fulle USA-turne.
Før dei ga ut det neste albumet sitt kom det eit samlealbum kalla Relics. Det var samansett av tidlegare singlar og B-sider, i lag med ein Waters-song spelt inn under Ummagumma-innspelinga (den jazza «Biding My Time», som var ein del av «The Man/The Journey»). Dei medverka òg med musikk til filmen Zabriskie Point, sjølv om mange av forslaga deira vart vraka av regissøren Michelangelo Antonioni.
[endre] Gjennombrotsperioden: 1971–1975
Dette er perioden då Pink Floyd kvitta seg med sitt «psykedeliske» stempel og vart eit særeige band som det var vanskeleg å klassifisere. Dei forskjellige måtane Gilmour, Waters og Wright skreiv songar på vart no fletta saman til eit unikt lydbilete. Denne perioden inneheld det mange meiner er gruppa sine mesterverk, The Dark Side of the Moon og Wish You Were Here. Lydbiletet vart meir polert og samarbeidsprega med filosofiske tekstar og karakteristiske basslinjer frå Waters kombinert med den unike bluesgitarstilen til Gilmour og Wright sine enkle tangentmelodiar. Gilmour var den dominerande vokalisten i denne perioden, medan kvinnelege koristar og Dick Parry sin saksofon vart ein del av stilen til bandet. Den delvis atonale og rå lyden bandet tidlegare hadde synt, vart no svært glatt, mjuk og berolegande. Bandet sine episke og lange komposisjonar nådde sitt høgdepunkt med «Echoes». Denne perioden var ikkje berre byrjinga på eit meir samarbeidsprega band, men òg slutten på det. Etter 1975 vart Waters meir dominerande både musikalsk og lyrisk. Wright sin siste medverknad som både låtskrivar og førstesongar før The Division Bell i 1994 var i denne perioden («Shine On You Crazy Diamond» og «Time»), og Gilmour medverka berre på enkelte songar før Waters gjekk frå bandet i 1985, men han haldt fram som førstesongar. Dei siste banda til Barrett både musikalsk og lyrisk var med Wish You Were Here, der sporet «Shine On You Crazy Diamond» var skriven som både ein hyllest og elegi til deira tidlegare ven.
Lydbiletet vart mykje meir fokusert på Meddle (1971), der den 23 minuttar lange, episke «Echoes» tok heile andre sida av LPen. «Echoes» er ein progressiv rockelåt med lange gitar- og pianosoloar, og ein lang seksjon i midten som består av kunstig kvalsong laga av gitaren i lag med måkeskrik, skildra av Waters som et «sonisk dikt». Nick Mason reknar Meddle for å vere «det første verkelege Pink Floyd-albumet». Albumet hadde lydbilete og stilen som kjenneteikna platene i gjennombrotsperioden til Pink Floyd, og var strippa for orkesteret som var dominerande på Atom Heart Mother. Meddle innehaldt og den atmosfæriske «One of These Days», ein song som gjekk mykje igjen på konsertane og som berre hadde ei vokallinje av Nick Mason («One of these days, I'm going to cut you into little pieces»), forvrengt og bluesaktig pedal steelgitar, og ein melodi som på eit tidspunkt går over i eit pulserande tema som liknar mykje på temaet til kultklassikaraen og TV-serien Doctor Who. Den neddempa kjensla til dei neste tre albuma er til stades på «Fearless», ein song i ein lett countryaktig stil, og det same er den dominerande pedal steelgitaren på «A Pillow of Winds». Den sistnemnde songen er ein av Pink Floyd sine svært få akustike kjærleiksviser. Waters si rolle som den største bidragsytaren tok form då han presenterte den jazza songen «San Tropez» for bandet i så godt som ferdiglaga. Meddle vart godt tatt i mot av både kritikarane og fansen. Albumet nådde 3. plass på den britiske albumlusta, men berre 70. plass i USA. I følgje Nick Mason kom dette av at Capitol Records ikkje reklamerte noko særleg for albumet i Amerika. Meddle er framleis sett på som eit av dei beste albuma deira.
Obscured by Clouds vart gjeve ut i 1972 som filmmusikk til filmen La Vallee, ein annan kunstfilm av Barbet Schroeder. Dette var bandet sitt første Topp 50 album i USA (der det nådde 46. plass), og i Storbritannia nådde det sjetteplass. Det vart ikkje så veldig godt tatt i mot av kritikarane. Songteksten til «Free Four», den første Pink Floyd-songen som vart spelt ein del på amerikansk radio, introduserte Waters sine tankar om faren sin død i Andre verdskrig, som kom igjen på seinare plater. To andra songar på plata, «Wot's... Uh the Deal» og «|Childhood's End», hinta i tillegg om tema som kom til å bli brukt på seinare album. Den sistnemnde handlar om liv, død og tidas gong. «Childhood's End» var inspirert av Arthur C. Clarke si bok med same namn og var Gilmour sitt siste lyriske bidrag på 15 år. Albumet var stilmessig sett annleis enn det forrige albumet, Meddle, med kortare songar og stilar som nærma seg viserock, bluesrock og pianodriven softrock («|Burning Bridges», «|The Gold It's In The...» og «|Stay» er døme for kvar av desse stilane).
I 1973 kom det svært populære albumet The Dark Side of the Moon, og markerte eit skilje i gruppa si popularitet. Pink Floyd hadde slutta å gje ut singlar etter «Point Me at the Sky» i 1968 og var aldri eit band som bevisst laga hitsinglar, men «Money» gjekk inn på den amerikanske Topp 20-singellista. Albumet gjekk til topps i mange land, inkludert USA, og i oktober 2006 er plata det mestseljande i USA si historie med meir enn 15 millionar selde plater, og eit av dei mestseljande i verda med meir enn 40 millionar selde plater. Det kritikarroste albumet haldt seg på Billboard Topp 200 i 741 veker (591 samanhengande veker frå 1976 til 1988), noko som er ein verdsrekord som aldri kan bli slått. I dag er det sett ei grense på 500 veker. Det haldt seg òg 301 veker på den britiske lista, men her kom det aldri høgare enn andreplass.
Saksofonen er ein viktig del av lydbilete på albumet i lag med kvinnelege koristar. Streite rockesongar som «Money» og «Time» kjem på kvar side av «Breathe (Reprise)», som er driven av neddempa pedal stilgitar (som på Meddle). «The Great Gig in the Sky» er driven fram av Clare Torry si kraftfulle stemme, medan den minimalistiske instrumentalen «On the Run» stort sett berre er spelt på ein synthesizer. I lag med musikken har ein lydeffektar og klipp av intervju som vart spelt inn i studio. Waters intervjua forskjellige folk frå studioet med spørsmål som «Kva er favorittfargen din?» for å få personen komfortabel, før han kunne spørre «Kortid var du sist valdeleg? Hadde du rett til det?», og svaret kom med på albumet. Andre spørsmål var «Er du redd for å døy?». Tekstane og lydane på albumet var eit forsøk på å skildre stress og mas i kvardagslivet til folk. Dette konseptet (som Waters kom på i eit bandmøte på kjøkenet til Nick Mason) tende bandet, som laga ei liste over tema dei kunne bruke. Fleire tema vart seinare brukt om igjen av Waters på seinare album, slik som tankane omkring vald og krig, som vart brukt på «Us and Them», eller tema som galskap og nevrosar, som dei brukte i «Brain Damage».
Det kompliserte og presise lydbiletet vart sett saman av lydteknikaren Alan Parsons, og sette ein ny standard for lydgjengjeving. Bandet nytta seg av den kraftige populariteten og ga ut eit samlealbum, A Nice Pair, som bestod av The Piper at the Gates of Dawn og A Saucerful of Secrets. Det var òg under denne perioden at regissøren Adrian Maben ga ut den første konsertfilmen av Pink Floyd, Live at Pompeii. Denne vart spela inn i 1971 på eit amfiteater i Pompeii utan publikum til stades. Maben filma i tillegg intervju og klipp av bandet som øver og speler inn delar av The Dark Side of the Moon i Abbey Road Studios. Desse klippa kom seinare med på videoutgjevinga av Live at Pompeii.
Wish You Were Here kom i 1975 og omhandla det abstrakte temaet fråvær: Fråvær frå menneskelegheit i musikkindustrien og fråvær av Syd Barrett. Albumet inneheld det populære tittelsporet og den lange kompisjonen «Shine On You Crazy Diamond», som er i ni delar og ein hyllest til Barrett. Teksten omhandlar etterverknadane etter samanbrotet hans. Stilen frå dei forrige albuma var her framleis — atmosfæriske tangentar, bluesaktig gitar, lange saksofonsoloar (av Dick Parry) og aggresiv slidegitar — i forskjellige stykke som var linka saman før det heile enda i eit sørgesongliknande parti med hint til singelen «See Emily Play» som ei siste helsing til Barrett. Dei to siste spora på plata, «Welcome to the Machine» og «Have a Cigar», er begge ein streng kritikk av musikkindustrien. Den sistnemnde songen er sunge av den britiske visesongaren Roy Harper. Det var det første Pink Floyd-albumet som nådde førsteplass både i Storbritannia og USA, og kritikkane var like strålande som for The Dark Side of the Moon.
Ei berømt anekdote frå innspelinga av plata er at ein kraftig mann med barbert hovud og augebryn kom inn i studio medan bandet miksa «Shine On You Crazy Diamond». Bandet kjende ikkje att personen, men skjøna etter kvart at det var Syd Barrett. Då dei spurte han om korleis han hadde blitt så tung, svara han «Eg har ein frysar full av svinekotelettar». Han vart hjartleg tatt i mot av bandet, som ikkje hadde sett han på fem år, men han forsvann utan ein lyd under bryllaupsfesten til Gilmour, som var same dag. Dette var siste gong nokon i bandet såg han. Gilmour har i seinare år bekrefta historia, men han kunne ikkje hugse kva song dei arbeida på då Barrett viste seg. Barrett sin tendens til å barbere augebryna vart seinare brukt i filmen Pink Floyd: The Wall.
[endre] Roger Waters-perioden: 1976–1985
Under denne perioden tok Waters meir og meir kontroll over Pink Floyd. Wright sin medverknad vart samtidig mindre og mindre, og han vart til slutt sparka frå bandet under innspelinga av The Wall. Mykje av musikken i denne perioden vert rekna for å kome i andre rekkje i forhold til tekstane, som omhandlar Waters sine kjensler rundt faren sitt dødsfall under Andre verdskrig og hans aukande kyniske haldning mot politiske figurar som Margaret Thatcher og Mary Whitehouse. Musikken vart no meir nyansert og meir gitarbasert enn tangent- og saksofonbasert, og desse instrumenta vart no meir ein del av lydbilete i bakgrunnen i lag med lydeffektane. Eit fullt orkester (til og med større enn orkesteret på Atom Heart Mother) spelar ei viktig rolle på The Wall og særleg The Final Cut.
I januar 1977 kom Animals, som vart nummer to i Storbritannia og nummer tre i USA. Dei siste åra før Animals vart musikken til Pink Floyd stadig kritisert av det nye punk rock-miljøet for å vere slapp og pretensiøs, og at musikken hadde mista den enkelskapen som tidleg rock and roll hadde. Animals var derimot mykje meir gitarbasert enn tidlegare plater, anten som følgje av påverknad av den blomstrande punk rock-rørsla eller fordi albumet vart spelt inn i Pink Floyd sitt nye Britannia Row Studios. Albumet var òg det første albumet av Pink Floyd som berre var komponert av Waters og Gilmour. Animals hadde nokre lange komposisjonar knytt saman av eitt tema, som til ei viss grad var inspirert av George Orwell si roman Animal Farm. Både romanen og albumet bruker forskjellige dyr som metaforar for forskjellige samfunnslag, grisar, hundar og sauer («Pigs», «Dogs» og «Sheep»). Sjølv om gitaren var dominerande, spela tangentane framleis ei viktig rolle på Animals. Saksofonen og dei kvinnelege koristane, som var ein viktig del av lydbiletet på dei to førre albuma, var no heilt borte. Resultatet var eit meir hardrock-liknande lydbilete mellom to rolege og akustiske viser. Mange kritikarar likte ikkje plata, og syns det var «langtekkeleg» og «dystert», medan andre hylla albumet for akkurat dei same årsakene. Biletet på omslaget viser ein svær oppblåsbar gris som svevde mellom skorsteinane på Battersea Power Station i London. Vinden tok derimot tak i grisen, og til slutt sleit han seg og forsvann opp i lufta. Grisen har i etterkant blitt eit av symbola til Pink Floyd, og oppblåsbare grisar har sidan vore ein del av effektane brukt på konsertane deira.
Pink Floyd sine konsertarena vart stadig større og dette medverka sterkt til bodskapen på The Wall. Roger Waters hadde aldri vore noko særleg glad i konsertar på store idrettsstadion, der han følte at kontakten med publikum vart vekke. Dette kulminerte i Montreal i 1977 då Roger Waters spytta ein skrikande tilhengjar i andletet. Sjokkert av sin eigen oppførsel byrja Waters arbeidet på The Wall som kom i 1979. Musikkverket omhandla tema som einsemd og mislykka kommunikasjon. I konseptet byggjer han opp ein metaforisk mur mellom seg og publikum. Med dette albumet vart Pink Floyd på ny anerkjend, og dei oppnådde ein ny topplassering på hitlistene med singelen «Another Brick in the Wall (Part 2)», som vart den mestselgande singelen i Storbritannia i både 1979 og 1980. The Wall innehaldt òg seinare konsertklassikarar som «Comfortably Numb» og «Run Like Hell». Medprodusent på albumet var Bob Ezrin, ein ven av Waters som òg medverka i komponeringa av songen «The Trial». Waters hadde no enno meir artistisk kontroll over innspelingane enn tidlegare, noko som førte til konfliktar mellom medlemmane. Musikken vart tyngre, sjølv om instrumenteringa på enkelte spor gjenoppvekka visse musikalske trekk frå tidlegare album, og ein hadde enkelte rolegare songar innimellom («Goodbye Blue Sky», «Nobody Home» og «Vera»).
Wright medverka knapt i det heile tatt, og vart sparka frå bandet under innspelingane, men han vart leigd inn for turneen i 1980 og 1981. Ironisk nok førte dette til at Wright vart det einaste (tidlegare) medlemmet av Pink Floyd som faktisk tente pengar under The Wall-konsertane, sidan dei faste medlemmane måtte dekka utgiftene til dei mest spektakulære konsertane dei hadde framført til no.
Sjølv om albumet aldri nådde første plass i Storbritannia (det vart nummer tre), låg The Wall 15 veker på topp på dei amerikanske listene i 1980. Kritikarane hylla albumet, og i dag har det seld over 30 millionar ekspemplar på verdsbasis. Berre i USA har Pink Floyd seld 23 millionar eksemplar, og fått 23 gonger platina av RIAA. Den store suksessen til The Wall førte til at Pink Floyd per i dag er det einaste bandet i lag med the Beatles som har hatt det mestselgande albumet to år (1973 og 1980) i løpet av ein periode mindre enn ti år.
Ein tilhøyrande film som fekk namnet Pink Floyd: The Wall kom i 1982, og innehaldt det meste av musikken frå albumet. Filmmanuset var skrive av Waters og regissert av Alan Parker, og hadde Bob Geldof i hovudrolla. Geldof spelte inn vokalen på nytt på fleire av songane. I tillegg hadde filmen ein god del animasjonar laga av Gerald Scarfe. Filmkritikaraen Leonard Maltin sa ein gong at filmen var «den lengste musikkvideoen i verda, og definitivt den mest deprimerande». Songen «When the Tigers Broke Free» var med i filmen, men ikkje på albumet og vart gjeve ut på singel i 1982. I tillegg hadde filmen òg med songen «What Shall We Do Now?», som vart tatt vekk frå albumet på grunn av plassmangel. Dei einaste songane på albumet som ikkje vart brukt i filmen var «Hey You» «The Show Must Go On».
I 1983 kom studioalbumet The Final Cut, som var dedikert til Waters sin far, Eric Fletcher Waters. Steminga på albumet var enno mørkare enn på The Wall og tok opp att fleire tema som var brukt tidlegare, i tillegg til å omhandle dåverande aktuelle hendingar som Waters sitt sinne mot Storbritannia si deltaking i Falklandskrigen. Konklusjonen til albumet er eit kynisk og skremmande glimt av ein mogeleg atomkrig («Two Suns in the Sunset»). Michael Kamen og Andy Bown medverka på tangentar i fråveret til Richard Wright.
Sjølv om albumet teknisk sett var eit Pink Floyd-album, stod det ingenting om det på framsida av omslaget. På baksida stod det «The Final Cut – Eit rekviem for ein etterkrigsdraum av Roger Waters, framført var Pink Floyd: Roger Waters, David Gilmour, Nick Mason». Roger Waters stod oppført som einaste komponist på heile plata, som vart ein prototype på lydbiletet og forma på Waters sine seinare soloprosjekt. Waters har seinare sagt at han tilbaud seg å gje ut albumet som eit soloalbum, men at resten av bandet ikkje likte denne ideen. I bok si «Inside Out», seier derimot Nick Mason at dei aldri hadde ein slik diskusjon. Gilmour skal visst ha bede Waters om å halde albumet tilbake slik at han kunne medverke med eige materiale, men oppfordringa vart avvist. Lydbilete er mykje likt som på The Wall, men ein del rolegare og mjukare, med songar meir lik «Nobody Home» enn «Another Brick in the Wall (Part 2)». Plata er òg meir gjentakande med visse tilbakevendande tema som dukker opp med jamne mellomrom. Albumet selde ikkje så mykje samanlikna med tidlegare album, men nådde førsteplass i Storbritannia og sjetteplass i USA, og blei godt tatt i mot av kritikarane. Plata innehaldt og den mindre radiohitten «Not Now John», den einaste rockesongen på plata, og den einaste som delvis er sungen av Gilmour. Diskusjonane mellom Waters og Gilmour på denne tida skal visstnok ha vore så harde, at dei ikkje skal ha vore samtidig i platestudioet under innspelingane. Gilmour meinte albumet var for dårleg, og ville ikkje oppførast som medprodusent, men fekk honorar for oppgåva. Det var ingen turné etter albumet, men delar av plata har blitt spelt av Waters på soloturnéane hans i etterkant.
Etter The Final Cut ga Capitol Records ut samlinga Works, som var det første Pink Floyd-albumet som innehaldt songen «Embryo» frå 1970, sjølv om han vart gjeve ut på samleplata Picnic - A Breath of Fresh Air med forskjellige artistar på Harvest Records i 1970. Bandmedlemmane gjekk i kvar sin retning for å arbeide på eigne soloprosjekt. Gilmour var først ute med albumet sitt About Face i mars 1984. Wright slo seg saman med Dave Harris frå bandet Fashion og danna det nye bandet Zee, som ga ut det eksperimentelle albumet Identity ein månad etter Gilmour. I mai 1984 kom Waters si plate The Pros and Cons of Hitch Hiking, eit konseptalbum som ein gong vart føreslått som eit Pink Floyd-prosjekt. Eit år etter ga Mason ut sitt album, Profiles, som var eit samarbeid med Rick Fenn frå 10cc med gjesteopptrednar av Gilmour og pianisten Danny Peyronel frå bandet UFO.
[endre] David Gilmour-perioden: 1987–1995
Waters annonserte i desember 1985 at han forlot Pink Floyd, men i 1986 byrja Gilmour og Mason på eit nytt Pink Floyd-album. Samtidig arbeida Roger Waters på sitt andre soloalbum, kalla Radio K.A.O.S.. Ein bitter rettstvist fulgte etter at Waters krevde at namnet «Pink Floyd» ikkje skulle brukast vidare, men Gilmour og Mason haldt på retten til å halde fram som «Pink Floyd», noko som til slutt enda med eit forlik.
Det nye albumet hadde mange namneforslag, før dei endte opp med A Momentary Lapse of Reason. Utan Waters, som hadde vore den dominerande komponisten det siste tiåret, søkte bandet etter andre låtskrivarar utanfrå. Dette var noko Pink Floyd ikkje hadde gjort før (bortsett frå orkesterbidraga til Geesin og Ezrin), og dette førte til ein del kritikk av bandet. Ezrin, som var medprodusent på Gilmour sitt About Face-album, medverka òg som medprodusent og låtskrivar på det nye albumet. Richard Wright var òg involvert i prosjektet, først som innleigd musikar, men som offisielt medlem av bandet på den påfølgande turnéen. Gilmour innrømma seinare at Mason om lag ikkje spelte trommer på albumet, og på grunn av dei få bidraga til Mason og Wright, meinte mange at albumet i praksis var eit soloalbum av Gilmour, på same måte som The Final Cut i praksis var eit soloalbum av Waters. Albumet nådde 3. plass på listene både i Storbritannia og USA.
Eit år seinare ga bandet ut det doble konsertalbumet Delicate Sound of Thunder med medfølgande konsertvideo. Konserten var filma på Long Island i New York City i 1988. Seinare spela bandet inn instrumental musikk til dokumentaren La Carrera Panamericana. Dokumentaren handla om eit billøp i Mexico med klassiske bilar, og både Gilmour og Mason deltok i løpet. Under løpet kræsja Gilmour og manageren Steve O'Rourke (som var kartlesar). O'Rourke braut ein fot, medan Gilmour berre fekk mindre skrammer. Instrumentalane var dei første Pink Floyd-relaterte musikkstykka som involverte Rick Wright som låtskrivar sidan 1975, i tillegg til den einaste medverknaden frå Nick Mason på låtskrivarsida sidan The Dark Side of the Moon.
I 1992 kom boksen Shine On med ni plater, som inkluderte nyutgjevingar av studioalbuma A Saucerful of Secrets, Meddle, The Dark Side of the Moon, Wish You Were Here, Animals, The Wall og A Momentary Lapse of Reason. I tillegg var det ei bonsuplate kalla The Early Singles. Alle platene var designa slik at når dei stod vertikalt side ved side, så danna bakraden bilete av omslaget på The Dark Side of the Moon. På sjølve CDen stod det skrive «The Big Bong Theory», som var Nick Mason sitt namneforslag til boksen. Same året kom Roger Waters sitt soloalbum Amused to Death.
Bandet si neste innspeling var The Division Bell frå 1994, og dette var eit mykje meir samarbeidsprega album enn Momentary Lapse var, med Wright som eit fullverdig medlem av bandet og låtskrivar. Albumet vart godt tatt i mot av både kritikarane og tilhengjarar, men enkelte meinte albumet var kjeldeleg og føreseieleg. Det var derimot det andre Pink Floyd-albumet som nådde 1. plass i både Storbritannia og USA.
The Division Bell var eit konseptalbum, og var på mange måtar Gilmour sin versjon av mange av dei same temaane som Waters hadde tatt opp på The Wall. Tittelen vart føreslått av Gilmour sine gode ven Douglas Adams. Mange av tekstane var skrive i lag med Polly Samson, som var Gilmour sin kjæraste på den tida, og som han gifta seg med kort tid etter. Utanom Samson medverka dei fleste musikarane som hadde spela på A Momentary Lapse of Reason-turnéen, i tillegg til saksofonisten Dick Parry, som òg medverka på fleire Pink Floyd-album på midten av 70-talet. Anthony Moore, som hadde skrive tekstane til fleire songar på det førre albumet, skreiv teksten til Wright-songen «Wearing the Inside Out», som òg var den første songen med Wright på vokal sidan The Dark Side of the Moon. Wright og Moore samarbeida vidare på Wright sitt soloalbum Broken China i 1996.
Gruppa ga ut et konsertalbum kalla P*U*L*S*E i 1995, som nådde førsteplass i USA. Albumet innehaldt songar som var spela inn under Division Bell-turnéen frå konsertar i London, Roma, Hannover og Modena, blant anna heile The Dark Side of the Moon for første gong på 20 år. Ein VHS- og Laserdiscversjon av ein konsert i Earl's Court i London den 20. oktober 1994 vart òg gjeve ut. DVD-utgåva av filmen kom i 2006.
[endre] Perioden etter 1995
I 1996 vart bandet tatt opp i Rockens æresgalleri, der bandet spelte «Wish You Were Here» med Billy Corgan (frå The Smashing Pumpkins).
Ein konsertinnspeling av The Wall vart gjeve ut i 2000, sett saman frå konsertane i London i 1980 og 1981. Den vart kalla Is There Anybody Out There? The Wall Live 1980-81. I 2001 kom ei dobbel samleplate, kalla Echoes med nokre av dei mest kjende Pink Floyd-songane. Gilmour, Mason, Waters og Wright medverka alle med utvelginga av songane og kva rekkefølgje dei skulle ha. Enkelte spor, som «Echoes», «Shine On You Crazy Diamond», «Marooned» og «High Hopes», var kraftig korta ned. Albumet nådde 2. plass på listene i USA. I 2003 kom det ei SACD utgåve av The Dark Side of the Moon i samband med 30-årsjubileumet med høgoppløysleg kringlyd og ny framside på omslaget. Ei ny utgåve av The Final Cut kom i 2004 med singelen «When the Tigers Broke Free» i tillegg.
I 2003 døydde Steve O'Rourke som hadde vært bandet sin manager sidan 1968. Dette førte til at Gilmour, Mason og Wright kom i saman og spelte «Fat Old Sun» og «The Great Gig in the Sky» i gravferda hans. To år seinare, den 2. juli 2005 vart trioen gjenforent med Waters for å ei enkelståande konsertframføring på Live 8-konserten i London, oppfølgjaren til Live Aid. Dette var første gong på 24 år dei fire medlemmane stod på same scene. Bandet spelte fire songar, «Speak to Me/Breathe/Breathe (Reprise)», «Money», «Wish You Were Here» og «Comfortably Numb», med både Gilmour og Waters på vokal. Det var mykje rykter om Pink Floyd og gjenforening i vekene etter konserten, og platesalget auka kraftig. Ryktene har foreløpig vist seg å ikkje vere noko anna enn rykter.
Hausten 2005 ga Roger Waters ut ein fransk opera, Ça Ira, og 16. november 2005 vart Pink Floyd tatt opp i UK Music Hall of Fame (den britiske versjonen av rockens æresgalleri). David Gilmour ga ut sitt første soloalbum sidan 1984 den 6. mars 2006 (på 60-årsdagen hans). Albumet vart kalla On an Island, og i samband med utgjevinga la han ut på ein liten turné på små konsertstader i Europa, Canada og USA med Richard Wright som ein del av bandet sitt. 31. mai 2006 var òg Nick Mason med som gjesteartist i samband med filminga for ein seinare DVD-utgjevnad. Waters var òg invitert, men han var opptatt med å øve til sin eigen turné.
1. juli 2006 spela Roger Waters ein konsert i Hyde Park, inkludert heile The Dark Side of the Moon, med Nick Mason som gjesteartist. Seinare på turneen vart både Mason og Wright invitert som gjesteartistar, men Wright avslo sidan han var opptatt med sine eigne framtidige soloprosjekt.
[endre] Bileta til Pink Floyd
Pink Floyd er nesten like vidgjetne for plateomslaga sine som for musikken. Gjennom heile karriera er det stort sett grafikaren Storm Thorgerson og det grafiske studioet hans Hipgnosis, som har stått for desse omslaga. Mest kjend er kanskje mannen som helser på ei brennande utgåve av seg sjølv på omslaget av Wish You Were Here og prismet og dei brytande lysstrålene på Dark Side of the Moon. Omslaget til Meddle frameheva bandet sin ide om visualisering av lyd ved eit nærbilete av eit øyre under vatn. Thorgerson har vore involvert i alle Pink Floyd-albuma bortsett frå samlealbumet Relics, som var illustrert av Mason, The Piper at the Gates of Dawn, der bilete på framsida var tatt av Vic Singh, The Wall, som Gerald Scarfe illustrerte, og The Final Cut, som Waters designa på eigahand.
Berre omslaga for The Piper at the Gates of Dawn, A Saucerful of Secrets og Ummagumma har bilete av bandmedlemma, bortsett frå enkelte konsertbilete og andre bilete av bandet på innsida av omslaga til andre album.
[endre] Konsertar
- Sjå artikkelen: Pink Floyd-konsertar
Pink Floyd er kjend for sine spektakulære konsertar, med banebrytande visuelle effektar i lag med musikken der utøvarane sjølv nesten vert underordna. Dei har aldri brukt dei store skjermane til å vise bandmedlemmane i aksjon, og har i staden brukt musikkvideoar som følgjer musikken.
[endre] Konsertar i Noreg
- Valle Hovin - 19. august 1988
- Valle Hovin - 29. august 1994
- Valle Hovin - 30. august 1994
[endre] Diskografi
- Sjå artikkelen: Diskografien til Pink Floyd
[endre] Studioalbum
[endre] Personar som er relaterte til Pink Floyd
Offisielle Pink Floyd-medlemar
(1965)
- Syd Barrett - Rytmegitar og vokal
- Bob Klose - Sologitar
- Roger Waters - Bassgitar og vokal
- Rick Wright - Tangentar og vokal
- Nick Mason - Trommer og perkusjon
(1965-1968)
- Syd Barrett - Sologitar, rytmegitar og vokal
- Roger Waters - Bassgitar og vokal
- Rick Wright - Tangentar og vokal
- Nick Mason - Trommer og perkusjon
(1968)
- David Gilmour - Lead guitar, vocals
- Syd Barrett - Rhythm guitar, vocals
- Roger Waters - Bassgitar og vokal
- Rick Wright - Tangentar og vokal
- Nick Mason - Trommer, perkusjon og vokal.
(1968-1979)
- David Gilmour - Gitar og vokal
- Roger Waters - Bassgitar og vokal
- Rick Wright - Tangentar og vokal
- Nick Mason - Drums, percussion
(1980-1985)
- David Gilmour - Sologitar og vokal
- Roger Waters - Rytmegitar, bassgitar og vokal
- Nick Mason - Trommer og perkusjon
(1985-1987)
- David Gilmour - Gitar, tangentar og vokal
- Nick Mason - Trommer og perkusjon
(1987-til i dag)
- David Gilmour - Gitar, bassgitar og vokal
- Rick Wright - Tangentar og vokal
- Nick Mason - Trommer og perkusjon
[endre] Plateomslag
- Hipgnosis
- Storm Thorgerson -
- Gerald Scarfe - illustrerte omslaget til The Wall
[endre] Musikarar
- Ron Geesin — instrumentering og komponering av Atom Heart Mother
- Dick Parry — saksofon (Dark Side of the Moon, Wish You Were Here, The Division Bell, P*U*L*S*E)
- Clare Torry — korist og gjestevokal («The Great Gig in the Sky»)
- Roy Harper — gjestevokal («Have a Cigar»)
- Snowy White — gitarsolo («Pigs on the Wing», 8-sporskassetversjonen) og gitar (Is There Anybody Out There? The Wall Live 1980-81)
- Musikklassen Fourth Form frå Islington Green School i London — Kor på The Wall
- James Guthrie — produsent, lydteknikar og perkusjon.
- Bob Ezrin — produsent, tangentar og komponsering (The Wall, A Momentary Lapse of Reason, The Division Bell)
- Michael Kamen — instrumentering og tangentar (The Wall, The Final Cut)
- Andy Bown — tangentar (Is There Anybody Out There? The Wall Live 1980-81, The Final Cut)
- Raphael Ravenscroft — saksofon (The Final Cut)
[endre] Pink Floyd etter Roger Waters
Merk at dei som er merka utan album ved sida av navnet har medverka på alle Pink Floyd-innspelingar etter A Momentary Lapse of Reason.
- Jon Carin — tangentar, vokal, programmering og songskriving.
- Tony Levin — bassgitar (A Momentary Lapse of Reason)
- Guy Pratt — bassgitar og vokal (The Delicate Sound of Thunder, The Division Bell, P*U*L*S*E)
- Tim Renwick — gitar
- Gary Wallis — perkusjon (The Delicate Sound of Thunder, The Division Bell, P*U*L*S*E)
- Durga McBroom — korist
- Carol Kenyon — korist (The Division Bell, P*U*L*S*E)
- Sam Brown — korist (The Delicate Sound of Thunder, The Division Bell, P*U*L*S*E)
- Anthony Moore — tekstforfattar
- Polly Samson og Nick Laird-Clowes — tekstforfattarar (The Division Bell)
[endre] Kjelder
- Fitch, Vernon. The Pink Floyd Encyclopedia (3rd edition), 2005. ISBN 1-894959-24-8
- Jones, Cliff. Another Brick in the Wall: The Stories Behind Every Pink Floyd Song, 1996. ISBN 0-553-06733-8
- Mason, Nick. Inside Out: A Personal History of Pink Floyd, 2004. ISBN 0-297-84387-7
- Miles, Barry. Pink Floyd: A Illustrated Documentary, 1982. ISBN 0-399-41001-5
- Palacios, Julian. Lost in the Woods: Syd Barrett and the Pink Floyd, 2001. ISBN 0-7522-2328-3
- Schaffner, Nicholas. Saucerful of Secrets: The Pink Floyd Odyssey, 1991. ISBN 0-517-57608-2
- Forskjellige forfattarar frå «The Amazing Pudding» 1982–1992. (eit fanmagasin)
- en:Pink Floyd
[endre] Andre referansar
[endre] Lenkjer ut
[endre] Offisielle sider
- Pink Floyd si britiske side
- Pink Floyd si amerikanske side
- Roger Waters si offisielle side
- David Gilmour si offisielle side
[endre] Andre lenkjer
- Another Link on the Wall - Ei stor samling av fansider.