Lydteknikar
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ein lydteknikar jobbar med den tekniske sida av lydformidling, til dømes i samband med radio, TV, film, plateinnspeling, konsertar, teater og andre kunstuttrykk.
Lydteknikaren blir ofte ikkje gjeven mykje merksemd — han er ofte den som ingen ofrar ein tanke dersom han gjer ein god jobb, men blir lagt merke til dersom teknikken sviktar eller han gjer ein feil. Med sine verktøy og sin kunnskap om utstyr, instrument og akustikk, er han ofte i avgjerande grad med på å forme uttrykksforma til artistane. Av verktøy som ein lydteknikar brukar kan nemnast miksebord, digitale og analoge effektar, equalizer og mikrofonar.
Av og til kan overgangen mellom lydteknikar og musikkprodusent vere uklar. Popgruppa ABBAs lydteknikar, Michael B. Tretow regnast for eksempel ofte på linje med berømte plateprodusentar.