Hannover
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Byvåpen | Plassering |
Styresmakter | |
---|---|
Land Delstat Regierungsbezirk Landkreis |
Tyskland Niedersachsen Ingen Hannover |
Geografi | |
Flatevidd - By |
204,01 km² |
Innbyggjarar[1] - By (2007) - folketettleik - Storbyområde |
522 944 2 563/km² 1 128 543 |
Koordinatar | Koordinatar: |
Høgd over havet | 55 m |
Tidssone - Ved sommartid |
CET (UTC+1) CEST (UTC+2) |
Diverse annan informasjon | |
Postnummer | 30001 - 30669 |
Telefon-retningsnummer | 0511 |
Bilnummer | H |
Heimeside: www.hannover.de |
Hannover (engelsk Hanover) er ein by nord i Tyskland ved elva Leine. Han er hovudstaden i den tyske delstaten Niedersachsen, og styrte òg den mindre Hannover-regionen, fram til regionane i Niedersachsen vart oppløyst i 2005. Byen har eit folketal på 523 000 (2007), og er eit stort senter i Nord-Tyskland.
Hannover er ein kjend messeby. Kvar sommar huser han verdas største datamesse, CeBIT, og industrimessa Hannover Messe. I 2000 var Hannover vert for verdsudstillinga Expo 2000. Kvart år vert «Schützenfest Hannover» og Oktoberfest Hannover, som er den største Oktoberfest i verda, halde her.
Hannover har universitet med medisinsk utdanning, ein internasjonal flyplass og ein stor dyrehage (Hannover Zoo).
Innhaldsliste |
[endre] Historie
Hannover var opphavleg ein landsby av fiskarar og ferjemenn. Han vaks til ein by i mellomalderen, då ein mellom anna byggde bymuren og fleire kyrkjer.
Greven av Braunschweig flytta til byen i 1636, og grevskapet hans vart sidan kalla Hannover. Denne adelsslekta skulle seinare få innpass i det britiske kongehuset. I fem generasjonar var den britiske monarken òg regent av Hannover. Då Victoria overtok trona i Storbritannia gjekk kongedømet Hannover over til den næraste mannlige arvingen.
Hannover vart annektert av Preussen i 1866. Byen fortsette å veksa, men vart som så mange andre tyske byar svært øydelagd av bombeåtak under den andre verdskrigen. På grunn av dette har Hannover også mange moderne bygg.
[endre] Industri
Niedersachsen er eit viktig industriområde, og i Hannover ligg fabrikkane til mellom anna Volkswagen og Mercedes-Benz. På 1800-talet blei industrikonsernet Hanomag ein viktig industri i byen. Konsernet vart kjøpt opp av Mercedes-Benz på 1960-talet.
[endre] Anna
Rockegruppene Scorpions og Fury in the Slaughterhouse kjem frå denne byen
[endre] Galleri
Kröpckeplassen med Kröpckeklokka i desember 2004. |
Det nye rådhuset i Hannover. |
[endre] Bakgrunnstoff
- Reiseguide for Hannover frå Wikitravel
- Panorama frå Hannover
- Viktige kvinner frå Hannover