See also ebooksgratis.com: no banners, no cookies, totally FREE.

CLASSICISTRANIERI HOME PAGE - YOUTUBE CHANNEL
Privacy Policy Cookie Policy Terms and Conditions
A Momentary Lapse of Reason - Wikipedia

A Momentary Lapse of Reason

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

A Momentary Lapse of Reason
Studioalbum av Pink Floyd
Utgjeve 7. september 1987
Innspelt Oktober 1986 - mai 1987
Sjanger Rock
Lengd 51:14
Selskap EMI (Europa)
Columbia (USA)
Produsent David Gilmour og Bob Ezrin
Pink Floyd-kronologi
The Final Cut (1983) A Momentary Lapse of Reason Delicate Sound of Thunder (1988)

A Momentary Lapse of Reason er eit studioalbum av Pink Floyd frå 1987, og det første albumet deira etter at Roger Waters forlét bandet i 1985. Albumet nådde tredjeplass i både USA og Storbritannia. Det vart gjeve ut på EMI i Europa, og på Columbia Records i resten av verda.

Etter at The Final Cut var ferdig i 1983, gjekk dei forskjellige bandmedlemmane kvar sin veg, men i 1986 prøvde David Gilmour å vekke bandet til live igjen i lag med Nick Mason. Då følgde ein bitter rettstvist mellom Waters og dei to om kven som hadde rettane til namnet Pink Floyd. Waters tapte namnet, men fek einerett på enkelte visuelle effektar som den originale Pink Floyd-grisen, nesten alt som tilhøyrer The Wall (bortsett frå dei tre songane Gilmour var med og skreiv, «Young Lust», «Run Like Hell» og «Comfortably Numb») og alt i samband med The Final Cut. Richard Wright kom tilbake til bandet under innspelingane av albumet, men vart berre kredittert som studiomusikar.

Mason og Wright medverka lite på albumet, og sidan Waters var borte var det fleire som såg på A Momentary Lapse som Gilmour sitt tredje soloalbum, på same måte som det var mange som såg på The Final Cut som eit soloalbum av Roger Waters. Gilmour prøvde derimot hardt å få albumet til å høyrest ut som eit Pink Floyd-album med lydeffektar i bakgrunnen av songane.

Kritikarane var stort sett negative til albumet, men musikkmagasinet Rolling Stone hevda det viste at Pink Floyd kunne ha ei framtid. Albumet vart derimot mykje spelt på både radio og videokanalar. Waters skildra albumet som ei «grei forfalsking av eit Pink Floyd-album», og det beste han sa om albumet var at «av og til kunne han høyre ein liten bit her og der og tenke at kanskje det var noko der han kunne ha arbeida med». Waters kommenterte at for han eksisterte ikkje Pink Floyd meir. Musikkpressa rapporterte òg at Gilmour prøvde å gjere fred med Waters ved å spørre om han ville hjelpe til med nokre av tekstane.

Innhaldsliste

[endre] Innspeling

Albumet vart hovudsakleg spelt inn av David Gilmour og fleire studiomusikarar. Dei mest kjende av desse var Tony Levin (kjend frå Peter Gabriel og King Crimson), som spelte bass på dei fleste songane. Nick Mason følte at han ikkje var god nok til å spele trommer, sidan det var lenge sidan han hadde spelt noko som helst, og på nesten alle songane var det andre som spelte trommer eller det vart brukt trommemaskinar. T.d. spelte Carmine Appice trommer på «The Dogs of War», medan Jim Keltner spelte på «On The Turning Away» og «One Slip». Trommemaskinen som vart brukt på «Sorrow» var programmert av Gilmour.

Studiomusikaren Jon Carin, som spelte tangentar og som Gilmour møtte og spelte med i Bryan Ferry sitt band på Live Aid, samarbeidde i ettertid både med Pink Floyd og Roger Waters. Richard Wright kom inn i løpet av innspelingane, men vart ikkje offisielt medlem av Pink Floyd med ein gong, fordi bandet var bekymra sidan retten erklærte at Gilmour og Mason var Pink Floyd, og ikkje Waters. Ein kan høyre Wright på enkelte spor, t.d. «Sorrow» der han syng harmonivokal i bakgrunnen. Dei fleste andre tangentinstrumentdelane var spelt av Carin, Gilmour eller Bob Ezrin.

Det er òg rykte om at enkelte av songane på A Momentary Lapse of Reason var songar som David Gilmour ville ha med på The Final Cut, men som Waters ikkje lét han få ha med. Tidlege demoar av songar som «The Dogs of War», «Round and Around» og melodien til «On the Turning Away» er dei einaste songane ein veit vart avvist.

Stemmene ein kan høyre i midten av «Learning to Fly» er Nick Mason som snakkar med flytårnet frå sitt private fly (både han og Gilmour vart flypilotar etter at begge vann over flyskrekken sin). Songen er kjend som den første songen som berre vart gjeve ut på CD over heile verda.

A Momentary Lapse of Reason er Pink Floyd si første digitale innspeling, men dei akustiske trommene og enkelte bassgitarspor vart derimot spelt inn med analogt utstyr.

[endre] Plateomslag

Albumet viser 700 sjukehussenger plassert på ei strand i England. Biletet var faktisk ikkje eit fototriks, og kvar einaste seng vart faktisk sett ut på stranda. Første dagen regna det derimot så mykje at ein ikkje kunne sjå halvparten av sengene, og dei måtte kome tilbake dagen etter. Dette var det første albumet sidan Animals som var designa av Storm Thorgerson (om ein ser bort i frå samlealbumet A Collection of Great Dance Songs i 1981).

[endre] Utgjeving

A Momentary Lapse of Reason vart gjeve ut same dag som Bad av Michael Jackson og Actually av The Pet Shop Boys og begge desse gjekk til topps på albumlista i Storbritannia. Pink Floyd-albumet debuterte på tredjeplass, men kom aldri høgare, sjølv om albumet selde mykje. Turnéen som fylgde varte over to år. I USA debuterte albumet på 43. plass på Billboardlista, men steig til 3. plass her òg.

[endre] Nye utgåver

Ei utgåve med betre digital lyd vart gjeve ut tidleg på 90-talet i Europa, og i 1997 i resten av verda. Ei ny utgåve med enno betre lyd vart gjeve ut i 2005.

[endre] Innhald

  1. «Signs of Life» (David Gilmour, Bob Ezrin) – 4:24
    • Instrumental
  2. «Learning to Fly» (Gilmour, Anthony Moore, Ezrin, Jon Carin) – 4:53
  3. «The Dogs of War» (Gilmour, Moore) – 6:05
  4. «One Slip» (Gilmour, Phil Manzanera) – 5:10
  5. «On the Turning Away» (Gilmour, Moore) – 5:42
  6. (a) «Yet Another Movie» (Gilmour, Patrick Leonard) / (b) «Round and Around» (Gilmour) – 7:28
  7. «A New Machine (Part 1)» (Gilmour) – 1:46
  8. «Terminal Frost» (Gilmour) – 6:17
    • Instrumental
  9. «A New Machine (Part 2)» (Gilmour) – 0:38
  10. «Sorrow» (Gilmour) – 8:46
  • David Gilmour syng alle songane (bortsett frå instrumentalane).

[endre] Medverkande

  • David Gilmour – Gitar, vokal, tangengat og sekvensarar
  • Nick Mason – trommer, perkusjon, trommemaskin og lydeffektar.

med

  • Richard Wright – Tangentar, korist
  • Tony Levin – Elektrisk bass, Chapmanstick
  • Bob Ezrin – Tangentar, perkusjon og sekvensarar
  • Jim Keltner – Trommer
  • Steve Forman – Perkusjon
  • Jon Carin – Tangentar
  • Tom Scott – Alt og sopran saksofon
  • Scott Page – Tenor saksofon
  • Carmine Appice – Trommer
  • Patrick Leonard – Synthesizer
  • Bill Payne – Hammondorgel
  • Michael Landau – Gitar
  • John Helliwell – Saksofon
  • Darlene Koldenhaven, Carmen Twillie, Phyllis St. James, Donnie Gerrard – Koristar
  • Sfæriske lydar av: Ken Caillat, Tom Jones, Sarah Nean Bruce
  • Spelt inn av: Guy Charbonneau ved Le Mobile i Los Angeles
  • Lydeffektar: Andrew Jackson
  • Kontroll av teknisk og musikalsk utstyr: Phil Taylor
  • Mastra ved: Mastering Lab & Precision Lacquer

[endre] Singlar

  • «Learning to Fly (edit)»/«Terminal Frost» – gjeve ut 15. september 1987
  • «On the Turning Away»/«Run Like Hell (Live)» – gjeve ut 24. november 1987
  • «The Dogs of War»; gjeve ut april 1988 (berre for amerikansk radio)
  • «One Slip» / «Terminal Frost»; gjeve ut juni 1988.
Pink Floyd
Syd Barrett | David Gilmour | Nick Mason | Roger Waters | Richard Wright
Diskografi
Studioalbum: The Piper at the Gates of Dawn (1967) | A Saucerful of Secrets (1968) | Ummagumma (1969) | Atom Heart Mother (1970) | Meddle (1971) | The Dark Side of the Moon (1973) | Wish You Were Here (1975) | Animals (1977) | The Wall (1979) | The Final Cut (1983) | A Momentary Lapse of Reason (1987) | The Division Bell (1994)
Filmmusikk: Tonite Let’s All Make Love in London (1968) | More (1969) | Zabriskie Point (1970) | Obscured by Clouds (1972)
Konsertalbum: Ummagumma (1969) | Delicate Sound of Thunder (1988) | P*U*L*S*E (1995) | Is There Anybody Out There? The Wall Live 1980-81 (2000)
Samlealbum: Relics (1971) | A Nice Pair (1973) | Masters of Rock (1974) | A Collection of Great Dance Songs (1981) | Works (1983) | Shine On (The Early Singles) (1992) 1967 Singles Sampler (1997) | Echoes (2001)
Filmar
Live at Pompeii | The Wall | Delicate Sound of Thunder | La Carrera Panamericana | London ’66-’67 | P*U*L*S*E
Tilknytta artikklar
Bob Klose | Alan Parsons | Dick Parry | Storm Thorgerson/Hipgnosis | Steve O’Rourke | Konsertar | Publius Enigma | The Man and the Journey


aa - ab - af - ak - als - am - an - ang - ar - arc - as - ast - av - ay - az - ba - bar - bat_smg - bcl - be - be_x_old - bg - bh - bi - bm - bn - bo - bpy - br - bs - bug - bxr - ca - cbk_zam - cdo - ce - ceb - ch - cho - chr - chy - co - cr - crh - cs - csb - cu - cv - cy - da - de - diq - dsb - dv - dz - ee - el - eml - en - eo - es - et - eu - ext - fa - ff - fi - fiu_vro - fj - fo - fr - frp - fur - fy - ga - gan - gd - gl - glk - gn - got - gu - gv - ha - hak - haw - he - hi - hif - ho - hr - hsb - ht - hu - hy - hz - ia - id - ie - ig - ii - ik - ilo - io - is - it - iu - ja - jbo - jv - ka - kaa - kab - kg - ki - kj - kk - kl - km - kn - ko - kr - ks - ksh - ku - kv - kw - ky - la - lad - lb - lbe - lg - li - lij - lmo - ln - lo - lt - lv - map_bms - mdf - mg - mh - mi - mk - ml - mn - mo - mr - mt - mus - my - myv - mzn - na - nah - nap - nds - nds_nl - ne - new - ng - nl - nn - no - nov - nrm - nv - ny - oc - om - or - os - pa - pag - pam - pap - pdc - pi - pih - pl - pms - ps - pt - qu - quality - rm - rmy - rn - ro - roa_rup - roa_tara - ru - rw - sa - sah - sc - scn - sco - sd - se - sg - sh - si - simple - sk - sl - sm - sn - so - sr - srn - ss - st - stq - su - sv - sw - szl - ta - te - tet - tg - th - ti - tk - tl - tlh - tn - to - tpi - tr - ts - tt - tum - tw - ty - udm - ug - uk - ur - uz - ve - vec - vi - vls - vo - wa - war - wo - wuu - xal - xh - yi - yo - za - zea - zh - zh_classical - zh_min_nan - zh_yue - zu -