Rolling Stone
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
- Sjå òg musikkgruppa Rolling Stones
Rolling Stone er eit amerikansk magasin dedikert til musikk og populærkultur. Det blei grunnlagd i San Francisco i 1967 av Jann Wenner (som fortsatt er redaktør og utgivar) og musikkritikar Ralph J. Gleason,. Til å byrja med blei bladet identifisert med hippie-bevegelsen, men distanserte seg frå andre undergrunnsmagasiner ved å omfamne meir tradisjonelle journalistiske standarder og unngå radikale, politiske idear. Når Rolling Stone satsa på å dekke politikk på byrjinga av 70-talet, var det gjennom den særeigne gonzojournalistikken til Hunter S. Thompson.
På byrjinga av 80-talet flytta magasinet til New York for å kome nærmare reklamebransjen, og blei på same tidspunkt mer reinhåra (bl.a. ved å narkotikateste ansatte). Mange meinar at Rolling Stone mista sjela si, og blei eit anna blad ved denne overgangen.
Bladet gjennomgjekk ei ansiktsløfting på byrjinga av 2000-talet, etter at salstala hadde sunket takka vere konkurranse frå manneblad som Maxim og FHM. Bladet satsar no på å nå eit yngre publikum ved å fokusere på unge og pene stjernar.