See also ebooksgratis.com: no banners, no cookies, totally FREE.

CLASSICISTRANIERI HOME PAGE - YOUTUBE CHANNEL
Privacy Policy Cookie Policy Terms and Conditions
Napoléon Bonaparte - Wikipedia

Napoléon Bonaparte

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

"Napoleon ved Sankt Bernhard", måleri av Jacques-Louis David (1800)
"Napoleon ved Sankt Bernhard", måleri av Jacques-Louis David (1800)

Napoléon Bonaparte (fødd 15. august 1769 i AjaccioKorsika i Frankrike - 5. mai 1821St. Helena i sør i Atlanterhavet) var keisar av Frankrike under namnet Napoléon I frå 18. mai 1804 til 6. april 1814. Han erobra og regjerte over det meste av det vestlege og sentrale Europa. Han vert rekna som ein dei store feltherrane gjennom historia. Napoleonskrigane vart utkjempa frå 1800 til 1815.

Napoleon vart fødd på øya Korsika som son av Carlo Bonaparte og Laetitia Ramolino. I 1778 vart han sendt til militærskulen i Brienne i Frankrike der han vart utdanna til artillerist. Den franske revolusjonen i 1789 nye vegar fram for den ambisiøse unge Napoleon. Han steig raskt i dei militære gradene. I 1795 var han Frankrike sin yngste general. Året etter vart han utpeika som leiar av dei franske styrkane nord i Italia. I 1796–1797 sigra han over Austerrike i eit effektivt felttog, og avtala etter eige syn fred i Campo Formio. Frå 1798 til 1799 var Napoleon i Egypt. Han prøvde å gjera Egypt til ein del av det franske koloniveldet.


Då han kom attende til Frankrike i 1799 gjorde Napoleon statskupp, det såkalla Brumairekuppet. Han utnemnde seg sjølv til fyrstekonsul, i praksis militærdiktator. Etter eit felttog i 1800 kunne Austerrike på nytt tvingast til fred. Sjølv med Storbritannia vart det fred ei kort stund (freden i Amiens i 1802).

I 1804 lét Napoleon seg krona til keisar av Frankrike og det fyrste franske keisardømet vart etablert. I krigane sigra Storbritannia på havet, medan Napoleon vann sigrar på landjorda. I 1805 vann han over styrkar frå Russland og Austerrike i slaget ved Austerlitz. I 1806 sigra han over styrkar frå Preussen i slaget ved Jena-Auerstädt. I 1807 vart det fred med Russland etter slaget ved Friedland. Russland gjekk med i den såkalla 'kontinentalblokaden'. Målet var at Storbritannia skulle stengjast ute frå alle handel med kontinentet.

Napoleon på sitt kontor, måleri av Jacques-Louis David (1812)
Napoleon på sitt kontor, måleri av Jacques-Louis David (1812)

Etter indre stridar i Spania der tronarvingen Ferdinand avsette far sin, kong Carlos IV, gjekk Napoleon i 1808 inn med styrkar i Spania og utropa sin eldre bror Joseph til konge av Spania. Storbritannia sette i land styrkar i Portugal. Dei britiske styrkane vart leia av Arthur Wellesley (seinare kjend som hertug av Wellington). Målsetnaden var å hjelpa den spanske geriljaen.

I og med at Franske styrkar var bundne opp i Spania såg Austerrike rom for å slå attende. Dei gjekk til krig i 1809. Gjennom å flytta styrkane raskt lukkast det for Napoleon å slå austerrikarane ved Eckmühl og slå dei heilt i slaget ved Wagram.

Etter nederlaget i Russland i 1812, døydde store delar av dei franske styrkane under attendetoget om vinteren. Ein tysk frigjeringskrig fylgde der Napoleon tapte i slaget ved Leipzig.

Napoleon abdiserte den 11. april 1814, men leidde i 1815 Frankrike i hundre dagar. Etter nederlag i slaget ved Waterloo vart Napoleon send i eksil til øya St. Helena.

[endre] Napoleon sine kvinner og ekteskap

Ekteskap: Napoleon var gift to gonger.

Pierre-Paul Prudhon (1758-1823): Portrett av keisarinne Joséphine (1805)
Pierre-Paul Prudhon (1758-1823): Portrett av keisarinne Joséphine (1805)

]] Joséphine de Beauharnais. Det var henhan i 1804 krona til keisarinne. Dei fekk ingen born, og dette førde til skilsmisse i 1809.

  • Etterpå frå 11. mars 1810 (sjølve bryllupet ved stedfortreder) med erkehertuginne Marie Louise av Austerrike, som vart den andre keisarinna hans. Dei fekk eitt barn:
    • Napoléon Francis Joseph Charles Bonaparte (fødd 20. mars 1811- død 22. juli 1832), konge av Roma. Han er òg kjend som Napoleon II av Frankrike, men han regjerte aldri i røynda.

Samband med andre kvinner førde til i det minste to uekte barn, som begge fekk sine eigne etterkommarar:

  • Charles, grev Léon (1806 - 1881), som han fekk med Louise Catherine Eléonore Denuelle de la Plaigne (1787 - 1868).
  • Alexandre Joseph Colonna, grev Walewski, (1810 - 1868), som han fekk med grevinne Marie av Walewski (1789 - 1817).

Truleg fekk Napoleon barn med fleire andre kvinner:

  • Émilie Louise Marie Françoise Joséphine Pellapra, mora var Françoise-Marie LeRoy.
  • Karl Eugin von Mühlfeld, mora var Victoria Kraus.
  • Hélène Napoleone Bonaparte, mora var grevinna av Montholon.
  • Barthélemy St Hilaire (9. august 1805 - 24. november 1895), med ukjend mor.

[endre] Napoleon sine hærførarar (marskalkar)

  • Pierre François Charles Augereau
  • Jean Baptiste Bernadotte (som seinare vart kong Karl III Johan av Sverige og Noreg)
  • Louis Alexandre Berthier
  • Jean Baptiste Bessières
  • Guillaume Brune
  • Louis Nicolas Davout
  • Nicolas Jean de Dieu Soult
  • Emmanuel Grouchy
  • Jean Baptiste Jourdan
  • François Christophe Kellermann
  • Jean Lannes
  • François Lefebvre
  • Jacques Macdonald
  • Auguste Marmont
  • Laurent, Marquis de Gouvion Saint-Cyr
  • André Masséna
  • Bon Adrien Moncey
  • Édouard Mortier
  • Joachim Murat
  • Michel Ney
  • Nicolas Oudinot
  • Dominique Perignon
  • Józef Poniatowski
  • Jean Mathieu Serrurier
  • Louis Gabriel Suchet
  • Claude Perrin Victor

[endre] Napoleons sine brør og systre

Engelsk Wikiquote har ei samling med sitat som gjeld Napoléon Bonaparte.
Commons har multimedia som gjeld: Napoléon Bonaparte



aa - ab - af - ak - als - am - an - ang - ar - arc - as - ast - av - ay - az - ba - bar - bat_smg - bcl - be - be_x_old - bg - bh - bi - bm - bn - bo - bpy - br - bs - bug - bxr - ca - cbk_zam - cdo - ce - ceb - ch - cho - chr - chy - co - cr - crh - cs - csb - cu - cv - cy - da - de - diq - dsb - dv - dz - ee - el - eml - en - eo - es - et - eu - ext - fa - ff - fi - fiu_vro - fj - fo - fr - frp - fur - fy - ga - gan - gd - gl - glk - gn - got - gu - gv - ha - hak - haw - he - hi - hif - ho - hr - hsb - ht - hu - hy - hz - ia - id - ie - ig - ii - ik - ilo - io - is - it - iu - ja - jbo - jv - ka - kaa - kab - kg - ki - kj - kk - kl - km - kn - ko - kr - ks - ksh - ku - kv - kw - ky - la - lad - lb - lbe - lg - li - lij - lmo - ln - lo - lt - lv - map_bms - mdf - mg - mh - mi - mk - ml - mn - mo - mr - mt - mus - my - myv - mzn - na - nah - nap - nds - nds_nl - ne - new - ng - nl - nn - no - nov - nrm - nv - ny - oc - om - or - os - pa - pag - pam - pap - pdc - pi - pih - pl - pms - ps - pt - qu - quality - rm - rmy - rn - ro - roa_rup - roa_tara - ru - rw - sa - sah - sc - scn - sco - sd - se - sg - sh - si - simple - sk - sl - sm - sn - so - sr - srn - ss - st - stq - su - sv - sw - szl - ta - te - tet - tg - th - ti - tk - tl - tlh - tn - to - tpi - tr - ts - tt - tum - tw - ty - udm - ug - uk - ur - uz - ve - vec - vi - vls - vo - wa - war - wo - wuu - xal - xh - yi - yo - za - zea - zh - zh_classical - zh_min_nan - zh_yue - zu -