See also ebooksgratis.com: no banners, no cookies, totally FREE.

CLASSICISTRANIERI HOME PAGE - YOUTUBE CHANNEL
Privacy Policy Cookie Policy Terms and Conditions
Kjemi - Wikipedia

Kjemi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Kjemi er tradisjonelt definert som læra om stoffa og forholdet mellom stoffa, det vil seia om korleis stoffa reagerer med kvarandre og ordnar seg i forhold til kvarandre. Med grunnlag i nyare teoriar kan også kjemi uttrykkast som læra om elektron og overføring av elektron.

Kjemi vert ofte inndelt i to hovudkategoriar: organisk og uorganisk kjemi, der førstnemnde er læra om karbonsambindingar, medan sistnemnde tek for seg resten av kjemifaget. Ein kan òg dela faget inn i andre kategoriar som fysikalsk kjemi, teoretisk kjemi, miljøkjemi og analytisk kjemi

Innhaldsliste

[endre] Historie

Kjemi utvikla seg frå alkymi. På 1700-talet utvikla kjemien seg til ein vitskap. På denne tida vart oksygen oppdaga. Seinare vaks det fram ulike retningar, til dømes organisk og uorganisk kjemi.

[endre] Grunnstoff

Grunnstoffa er sentrale i kjemifaget; det er uavhengige stoff som ikkje kan omformast i seg sjølve. Desse vert samanfatta i det periodiske systemet.

Eit grunnstoff er ei samling av like atom, med eit bestemt protontal i kjernen og eit like stort elektrontal rundt kjernen. Dette talet kallast atomnummer til grunnstoffet.

[endre] Isotopar

Nøytrontalet i kjernen kan variera; isotopar er stoff av same grunnstoff som har ulike nøytontal.

Som eit døme kan me ta hydrogen, det enklaste grunnstoffet. Det har kjemisk symbol H og atomummer 1, men nøytrontalet kan vera 0 (vanleg hydrogen), 1 (deuterium) eller 2 (tritium).

[endre] Det periodiske systemet

I det periodiske systemet finn me ei oversikt over alle grunnstoffa, organisert etter atomnummer.

[endre] Kjemiske sambindingar

Eit grunnstoff vert sjeldan funne åleine i naturen; dei er som oftast i sambindingar med andre grunnstoff. Motdøme er til dømes oksygen, som kan finnast i to allotrope former: oksygengass og ozongass, men også desse er kjemiske sambindingar, då dei inneheld respektive to og tre oksygenatom, og ikkje eit enkelt eit.

Kjemiske sambindingar er gruppert i tre kategoriar - molekyl, salt og metall - som kvar for seg er karakterisert ved ein bindingstype: elektronparbinding, ionebinding og metallbinding. Desse bindingane kallast med eit samleord intramolekylære bindingar, dvs. bindingar mellom atoma i sambindinga.

Døme på kjemiske sambindingar er molekyl som metan (CH4), karbondioksid (CO2) og vatn (H2O), salt som natriumklorid (NaCl), kaliumsulfat (K2SO4) og magnesiumoksid (MgO) og metall som platina (Pt), wolfram (W) og tinn (Sn).

[endre] Organiske og uorganiske sambindingar

Organiske sambindingar er det store fleirtalet av karbonsambindingar, berre med unntak av karbondioksid (CO2), hydrogencyanid (HCN), og liknande stoff. Uorganiske sambindingar er på si side alle sambindingar som ikkje er organiske.

Me kjenner til fleire millionar organiske sambindingar, medan talet på uorganiske sambindingar er beskjedent i forhold.

[endre] Intermolekylære bindingar

Intermolekylære bindingar er bindingar mellom ulike kjemiske sambindingar. Blant desse har me mellom anna hydrogenbindinga og dipol-dipol-bindinga.

[endre] Kjemiske reaksjonar

Kjemiske stoff reagerer med kvarandre, og me får danna nye kjemiske stoff. Døme er at hydrogengass og oksygengass reagerer, og me får vatn, eller at organiske sambindingar i veden vert forbrent i vedomnen under nærver av oksygengass. Dette er kjemiske reaksjonar

Av vanlege reaksjonstypar har me redoksreaksjonar og syre-base-reaksjonar. Oppløysingsreaksjonar vert også nemnde, men dette er ikkje eigentlege reaksjonar, men endringar av intermolekylære bindingar (forholdet mellom ulike sambindingar endrar seg).

[endre] Kjemi i kvardagen

I kvardagslivet gjer ein seg stadig nytte av kjemiske reaksjonar. Til dømes i matlaging, vaskemiddel, hårfarging og forbrenning.

[endre] Sjå òg

[endre] På verdsveven

Commons har multimedia som gjeld: Kjemi


På andre språk


aa - ab - af - ak - als - am - an - ang - ar - arc - as - ast - av - ay - az - ba - bar - bat_smg - bcl - be - be_x_old - bg - bh - bi - bm - bn - bo - bpy - br - bs - bug - bxr - ca - cbk_zam - cdo - ce - ceb - ch - cho - chr - chy - co - cr - crh - cs - csb - cu - cv - cy - da - de - diq - dsb - dv - dz - ee - el - eml - en - eo - es - et - eu - ext - fa - ff - fi - fiu_vro - fj - fo - fr - frp - fur - fy - ga - gan - gd - gl - glk - gn - got - gu - gv - ha - hak - haw - he - hi - hif - ho - hr - hsb - ht - hu - hy - hz - ia - id - ie - ig - ii - ik - ilo - io - is - it - iu - ja - jbo - jv - ka - kaa - kab - kg - ki - kj - kk - kl - km - kn - ko - kr - ks - ksh - ku - kv - kw - ky - la - lad - lb - lbe - lg - li - lij - lmo - ln - lo - lt - lv - map_bms - mdf - mg - mh - mi - mk - ml - mn - mo - mr - mt - mus - my - myv - mzn - na - nah - nap - nds - nds_nl - ne - new - ng - nl - nn - no - nov - nrm - nv - ny - oc - om - or - os - pa - pag - pam - pap - pdc - pi - pih - pl - pms - ps - pt - qu - quality - rm - rmy - rn - ro - roa_rup - roa_tara - ru - rw - sa - sah - sc - scn - sco - sd - se - sg - sh - si - simple - sk - sl - sm - sn - so - sr - srn - ss - st - stq - su - sv - sw - szl - ta - te - tet - tg - th - ti - tk - tl - tlh - tn - to - tpi - tr - ts - tt - tum - tw - ty - udm - ug - uk - ur - uz - ve - vec - vi - vls - vo - wa - war - wo - wuu - xal - xh - yi - yo - za - zea - zh - zh_classical - zh_min_nan - zh_yue - zu -