See also ebooksgratis.com: no banners, no cookies, totally FREE.

CLASSICISTRANIERI HOME PAGE - YOUTUBE CHANNEL
Privacy Policy Cookie Policy Terms and Conditions
Köppen si klimaklassifisering - Wikipedia

Köppen si klimaklassifisering

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Oppdatert Köppen-Geiger klimakart     ██ Af ██ Am ██ Aw   ██ BWh ██ BWk ██ BSh ██ BSk   ██ Csa ██ Csb   ██ Cwa ██ Cwb ██ Cwc   ██ Cfa ██ Cfb ██ Cfc   ██ Dsa ██ Dsb ██ Dsc ██ Dsd   ██ Dwa ██ Dwb ██ Dwc ██ Dwd   ██ Dfa ██ Dfb ██ Dfc ██ Dfd   ██ ET ██ EF
Oppdatert Köppen-Geiger klimakart[1]
██ Af ██ Am ██ Aw ██ BWh ██ BWk ██ BSh ██ BSk ██ Csa ██ Csb ██ Cwa ██ Cwb ██ Cwc ██ Cfa ██ Cfb ██ Cfc ██ Dsa ██ Dsb ██ Dsc ██ Dsd ██ Dwa ██ Dwb ██ Dwc ██ Dwd ██ Dfa ██ Dfb ██ Dfc ██ Dfd ██ ET ██ EF

Köppen si klimaklassifisering er eit av dei mest brukte klimaklassifiseringssystema. Det vart utvikla av den tyske klimatologen Wladimir Köppen rundt 1900. Han gjorde seinare fleire utbedringar av systemet. Systemet kombinerar årlege og månadlege middel av temperatur og nedbør i samsvar med vegetasjonsfordelinga på jorda.

Innhaldsliste

[endre] Klimasoner

Köppen sitt skjema deler klimaet inn i fem klimasoner i tillegg til fleire klimatypar og klimaundertypar. Kvart enkelt klima vert representert ved ein bokstavkode på to til fire bokstavar.

[endre] Gruppe A: Tropisk klima

Tropisk klima har konstant høg temperatur (i havnivå og låge nivå). Alle månadane i året har ein middeltemperatur over 18ºC.

[endre] Tropiske klimatypar

  • Tropisk regnklima (Af): Alle tolv månadane har ein nedbørnormal på minst 60 mm. Ein finn vanlegvis dette klimaet innafor 5-10º frå ekvator, men i enkelte austlege kystområde kan dei strekke seg 25º frå ekvator. Dette klimaet er dominert av den intertropiske konvergenssona året rundt, og har lite årtidsvariasjon. Regnskogane i verda har tropisk regnklima.
    Døme:
    Singapore
    Store delar av Brasil.
    • Enkelte av områda som har dette klimaet har jamt fordelt nedbør gjennom heile året (t.d. Stillehavskysten av nordvestlige Sør- og Sentral-Amerika frå Ecuador til Costa Rica), men i mange tilfeller er perioden då sola står høgast og dagane er lengst den våtaste (som i Indonesia). Andre område (som Malaysia) er våtast når sola står lågast og dagane er kortast.
    • Enkelte område med dette klimaet finn ein i ytterkanten av tropane, og nesten berre på den sørlege halvkula. Eit døme er Santos i Brasil.

Merk at ein kan ha visse klimatiske variasjonar gjennom året òg i den tropiske sona, men ein har berre små skilnadar i talet på timar med dagslys og i månadlege (eller daglege) temperaturvariasjonar gjennom året. Dei klimatiske variasjonane er derimot ikkje så tydelege som i den tempererte sona, og det er stort sett nedbørsfordelinga gjennom året som varierar.

  • Tropisk monsunklima (Am): Denne typen klima er mest vanleg i Sør-Asia og Vest-Afrika og kjem som eit resultat av monsunen. Monsunvinden endrar retning med årstida. Dette klimaet får mindre enn 60 mm i den tørraste månaden men meir enn (100 − (total årleg nedbør {mm}/25)).
    Døme:
    Guinea
    Bangladesh
    • Ein kan ha enkelte andre område som òg passar inn i denne kategorien, og desse vert kalla passatvind litoralklima fordi austlege vindar fører med seg nok nedbør i «vintermånadane» til at klimaet ikkje vert tropiske savanneklima. Jakarta i Indonesia og NassauBahamas er døme på slike stader.
  • Tropisk savanneklima (Aw): Dennne typen klima har tydelege tørkeperiodar, der dei tørraste månadane har nedbør mindre enn 60 mm og i tillegg mindre enn (100 − (total årleg nedbør {mm}/25)).
    Døme:
    Bangalore, India
    Veracruz, Mexico
    Townsville, Australia.
    • Dei fleste områda med slikt klima finn ein i dei ytre områda av den tropiske sona, men av og til òg innafor tropane (til dømes San Marcos i Colombia).
    • Av og til vert As brukt i stadenfor Aw viss tørketida oppstår i tida då sola står høgt på himmelen og dagane er lange. Dette er til dømes tilfelle i delar av Hawaii, Aust-Afrika (Mombasa, Kenya) og Sri Lanka (Trincomalee).

[endre] Gruppe B: Tørt klima

Dette klimaet er karakterisert ved at nedbøren er mindre enn den potensielle evaportranspirasjonen. Grenseverdiane er som følgjer:

  • For å finne grenseverdien for nedbøren (i millimeter) kan ein multiplisere den årlege middeltemperature i ºC med 20, så legge til 280 om 70 % eller meir av den totale nedbøren kjem i det halvåret sola står høgast på himmelen (april-september på nordlege halvkule, oktober-mars på sørlege), eller legge til 140 om 30-70% av den totale nedbøren kjem i denne perioden, eller 0 om mindre enn 30 % av den totale nedbøren kjem i denne perioden.
  • Viss den totale nedbøren er mindre enn halvparten av grenseverdien for gruppe B, vert klimaet klassifisert som BW (ørkenklima). Visst den totale nedbøren er mindre enn grenseverdien, men meir enn halvparten av grenseverdien vert klimaet klassifisert som BS (steppeklima).
  • Ein kan legge til ein tredje bokstav for å indikere temperaturen. Før tyda h klima på låge breidder (årleg middeltemperatur over 18ºC), medan k tyda klima på midlare breidder (årleg middeltemperatur under 18ºC). I dag er det derimot vanleg å nytte h når den kaldaste månaden har middeltemperatur som er over 0ºC, medan k vert nytta når minst ein av månadane har middeltemperatur under 0ºC.
  • Døme:
    Yuma, Arizona, USA (BWh)
    Turfan, Xinjiang, Kina (BWk)
    Cobar, New South Wales, Australia (BSh)
    Murcia, Spania (BSh)
    Medicine Hat, Alberta, Canada (BSk).
    Enkelte ørkenområde på vestkystsida av tropiske eller nær-tropiske område har lågare temperaturar enn andre område på same breiddegrad (på grunn av kalde havstraumar nær kysten). Desse områda har ofte tåke og låge skyer, sjølv om desse områda er blant dei tørraste på jorda med omsyn på nedbørmengdene dei får. Dette klimaet vert av og til merka BWn og døme på dette finn ein i Lima, Peru og Walvis Bay, Namibia.
  • Av og til vert det lagt til ein fjerde boksav for å indikere om vinteren eller sommaren er «våtare» enn den andre halvparten av året. Den våtaste månaden må då ha minst 60 mm normalnedbør visst alle tolv månadane er over 18ºC, eller 30 mm viss ikkje. I tilleg må dei ha minst 70 % av den totale nedbøren i det same halvåret. Bokstaven som vert brukt indikerer derimot kortid den «tørre» tida oppstår, ikkje den «våte». Dette fører til at Khartoum, Sudan har BWhw, Niamey, Niger BShw, El Arish, Egypt BWhs, Asbi'ah, Libya BShs, Umnugobi, Mongolia BWkw, og Xining, Kina BSkw. BWks og BSks eksisterer ikkje viss ein har 0ºC i den kaldaste månaden. Om krava for w eller s ikkje er oppfyllt, legg ein ikkje til ein fjerde bokstav.

[endre] Gruppe C: Temperert klima

Dette klimaet har ein middeltemperatur over 10ºC i dei varmaste månadene, og dei kaldaste månadane ein middeltemperatur mellom −3°C og 18°C.

  • Den andre bokstaven indikerer nedbørsmønsteret. w indikerer tørre vintrar. Den tørraste vintermånaden har ein normal som er ein tiandedel av den våtaste sommarmånaden. Ein variasjon krev òg at den tørraste vintermånaden skal ha ein nedbørnormal mindre enn 30 mm. s indikerer tørre somrar. Den tørraste sommarmånaden skal ha ein nedbørnormal mindre enn 30 mm eller ein tredjedel av den våtaste vintermånaden. f vert brukt når ingen av vilkåra for w og s er oppfyllt og ein har jamt fordelt nedbør gjennom året.
  • Ein tredje bokstav indikerer kor varm sommaren er. a indikerer at den varmaste månaden har ein middeltemperatur over 22ºC. b indikerer ein middeltemperatur under 22ºC der minst fire av månadane har ein middeltemperatur over 10ºC. c tyder at tre eller mindre av månadane har ein middeltemperatur over 10ºC.

[endre] Temperete klimatypar

  • Fuktig subtropisk klima (Cfa, Cwa): Dette klimaet oppstår som vanleg i indre strøk av kontinent eller på austkysten mellom 25º og 39º (46ºN i Europa). I motsetnad til Middelhavsklima er somrane fuktige på grunn av ustabile tropiske luftmassar eller pålands passatvind. I Aust-Asia kan vintrane vere tørre (og kjølegare enn andre stader på same breiddegrad) på grunn av Sibirhøgtrykket og somrane våte på grunn av monsunen.
    Døme:
    Houston, Texas (Cfa — jamn nedbørsfordeling)
    Brisbane, Queensland, Australia (Cfa — somrane våtare enn vintrane)
    Atlanta Georgia, USA (Cfa)
    Yalta, Ukraina (Cfa — somrane tørrare enn vintrane)
    Luodian, Guizhou, Kina (Cwa)
    Porto Alegre, Brasil (Cwa)
  • Maritimt klima (Cfb, Cwb): Cfb klima har ein på vestsida av kontinent mellom 45º og 55º, vanlegvis like på polsida av Middelhavsklima, men i Australia finn ein dette klimaet sør for det fuktige subtropiske klimaet og på noko lågare breiddegrad. I Vest-Europa finn ein dette klimaet opp til 63ºN (som inkluderar store delar av kysten langs Noreg). Dette klimaet vert påverka av polarfronten heile året, noko som fører til ustabilt og ofte skya vêr. Somrane er forholdsvis kjølege på grunn av skydekket, medan vintrane er milde enn andre klima på same breidder.
    Døme:
    Limoges, France (Cfb — jamn nedbørfordeling)
    Langebaanweg, South Africa (Cfb — somrane våtare enn vintrane)
    Prince Rupert, British Columbia, Canada (Cfb — somrane tørrare enn vintrane).
    Bergen, Noreg (Cfb)
    Cfb klima har ein og i høgare strøk i visse tropiske område der klima elles ville ha vore tropiske regnklima om dette ikkje hadde vore for høgda. Bogotá, Colombia er kanskje det beste dømet.
    Cwb har ein berre i høgare strøk der klimaet elles ville ha vore tropisk savanneklima.
    Døme:
    Addis Ababa, Etiopia
    Mexico City, Mexico
    Campos do Jordão, Brasil
    Curitiba, Brasil.
  • Maritimt Subarktisk klima (Cfc): Dette klimaet har ein på polsida av det maritime tempererte klimaet, og berre i ei smal kyststripe på vestsida av kontinent som ligg nær polane. På nordlege halvkule gjeld det òg øyane som ligg utafor kysten langt mot nord.
    Døme:
    Punta Arenas, Chile (Cfc — jamn nedbørsfordeling)
    Monte Dinero, Argentina (Cfc — somrane våtare enn vintrane)
    Reykjavík, Island (Cfc — jamn nedbørsfordeling)
    Tórshavn, Færøyane (Cfc — somrane tørrare enn vintrane)
    Harstad, Noreg (Cfc — jamn nedbørsfordeling).

[endre] Gruppe D: Kontinentalt klima

Dette er klima med ein middeltemperatur over 10ºC i dei varmaste månadane, og den kaldaste månaden under −3°C. Desse har ein vanlegvis i indre område av kontinent eller på austkysten nord for 40ºN. På sørlege halvkule er denne typen klima svært sjeldan på grunn av mindre landmassar og svært små landmassar sør for 40º. Få unntak er høgare område på New Zealand.

  • Dei andre og tredje bokstavane er som for gruppe C klima, medan ein tredje bokstav, d, indikerer tre eller færre månadar med middeltemperatur over 10ºC og ein minimumstemperatur under −38°C i dei kaldaste månadane.

[endre] Kontinentale klimatypar

  • Kontinentalklima med varme somrar eller halvpolare klima (Dfb, Dwb, Dsb): Dfb og Dwb klima finn ein vanlegvis rundt 50ºN i Nord-Amerika, og rundt 60ºN i Sentral- og Aust-Europa og Russland, mellom maritimt klima og kontinentalt polarklima.
    Døme:
    Moncton, New Brunswick, Canada (Dfb)
    Minsk, Kviterussland (Dfb)
    Vladivostok, Russland (Dwb).
    Stockholm, Sverige (Dfb)
    Oslo, Noreg (Dfb)
    Dsb har ein i høgare strøk, hovudsakleg i Nord-Amerika, der ein elles ville hatt Middelhavsklima.
  • Kontinentalt subarktisk klima (Dfc, Dwc, Dsc): Dfc og Dwc klima har ein på polsida av dei andre gruppe D klimasonene, for det meste rundt 50ºN, sjølv om det kan strekke seg så lang nord som 70ºN. .
    Døme:
    Sept-Îles, Quebec, Canada (Dfc)
    Anchorage, Alaska (Dfc)
    Irkutsk, Russland (Dwc).
    Kirkenes, Noreg (Dfc)
    Dsc, som Dsa og Dsb, har ein berre i høgare område der ein elles ville hatt Middelhavsklima. Døme: Galena Summit, Idaho.
  • Kontinentalt polarklima med svært harde vintrar (Dfd, Dwd): Dette klimaet har ein berre aust i Sibir. Stader som Verkhoyansk og Oymyakon får svært låge temperaturar om vinteren, faktisk dei lågaste på heile den nordlege halvkula.

[endre] Gruppe E: Arktisk klima

Dette klimaet er karakterisert ved middeltemperatur under 10ºC i alle månadane.

  • Tundraklima (ET): Dei varmaste månadane har ein middeltemperatur mellom 0ºC og 10ºC. Ein har denne typen klima i dei nordlegaste områda av Nord-Amerika og Eurasia, og på øyane i nærleiken. Det kan óg eksistere i ytterkantane av Antarktis og nærliggande øyer.
    Døme:
    Iqaluit, Nunavut, Canada
    Provideniya, Russland
    Deception Island, Antarctica.
    Longyearbyen, Svalbard
    ET har ein og i høgare strøk utafor arktisk område, særleg over trelinja som i store delar av fjellstrøka i Noreg.
  • Av og til vert det brukt ein tredje bokstav til ET viss sommaren eller vinteren er tydeleg tørrare enn den andre halvdelen av året. Qikiqtaruk eller Herschel Island, utafor kysten av Canada har derfor ETw medan Pic du Midi de Bigorre i dei franske Pyreneane har ETs.

Viss nedbøren er jamt fordelt kan ein bruke ETf. Her gjeld dei same reglane som for gruppe C og D, men i tillegg må den våtaste månaden ha minst 30 mm nedbør (gruppe E kan vere like tørr og tørrare enn gruppe B, men fordampinga er mykje mindre).

[endre] Klimasoner i Noreg

Noreg inndelt etter Köppen si klimaklassifisering. Kjelde: Meteorologisk Institutt
Noreg inndelt etter Köppen si klimaklassifisering. Kjelde: Meteorologisk Institutt

Noreg kjem inn under fleire av klimasonene i Köppen si klimaklassifisering, hovudsakleg innafor dei tempererte og dei kontinentale klimasonene. Kyststrøka frå vestsida av ytre Oslofjord og heilt nord til Troms har maritimit klima som ein finn under gruppe C. Indre område av Austlandet, Sørlandet, Trøndelag har kontinentalt klima med varme somrar, medan sørlege delar av Finnmark har kontinentalt polarklima. Fjellstrøka i Sør-Noreg, grensetraktene i Midt-Noreg, Nordland og Troms, mråda nord i Finnmark og Svalbard har tilnærma arktisk klima.

[endre] Kritikk

Enkelte klimatologar meiner at Köppensystemet kan gjerast betre, særleg med tanke på gruppe C som mange meiner spenner over eit for stort område. I 1966 føreslo John Griffiths ei ny subtropisk klimasone, som har middeltemperatur i dei kaldaste månadene mellom 6ºC og 18ºC, noko som vil dele gruppe C i to like store delar.

Eit anna punkt er gruppe B der ein meiner at berre to termale underkategoriar er for lite. Det er føreslått at ein i stadenfor ei eiga gruppe, legg ein bokstav til ei av dei andre gruppene — S for steppe eller W (eller D) for ørken.

Ein tredje ide er å danne ei maritim arktisk eller EM sone innafor gruppe E for å skilje relative milde martimie stader (som Ushuaia, Argentina eller dei ytre Aleutane) frå kaldare, kontinentale tundraklima.

Klimasoner i Köppen si klimaklassifisering
Gruppe A: TropiskRegnskog (Af) - Monsun (Am) - Savanne (Aw, As)
Gruppe B: TørtØrkenklima (BW) - Steppe (BSh, BSk)
Gruppe C: TemperertFuktig subtropisk (Cfa, Cwa) - Maritimt (Cfb, Cwb, Cfc) - Middelhavsklima (Csa, Csb)
Gruppe D: KontinentaltFuktig kontinentalt (Dfa, Dwa, Dfb, Dwb) - Subarktisk (Dfc, Dwc, Dfd)
Gruppe E: ArktiskTundra (ET) - Permafrost (EF) - Alpint (ETH)

[endre] Fotnotar

  1. Peel, M. C., Finlayson, B. L. og McMahon, T. A. (2007) «Updated world map of the Köppen-Geiger climate classification» – {{{publikasjon}}}, bind 11, s. 1633-1644. (direkte: Siste utgåve)

[endre] Kjelder

  • McKnight, Tom L; Hess, Darrel (2000). “Climate Zones and Types: Highland Climate (Zone H)”, Physical Geography: A Landscape Appreciation. Upper Saddle River, NJ: Prentice Hall, pp. 237-40. ISBN 0-13-020263-0.
  • Kottek, M., J. Grieser, C. Beck, B. Rudolf, and F. Rubel (2006). World Map of the Köppen-Geiger climate classification updated. Meteorol. Z., 15, 259-263. DOI: 10.1127/0941-2948/2006/0130'.

[endre] Lenkjer ut - klimadata


aa - ab - af - ak - als - am - an - ang - ar - arc - as - ast - av - ay - az - ba - bar - bat_smg - bcl - be - be_x_old - bg - bh - bi - bm - bn - bo - bpy - br - bs - bug - bxr - ca - cbk_zam - cdo - ce - ceb - ch - cho - chr - chy - co - cr - crh - cs - csb - cu - cv - cy - da - de - diq - dsb - dv - dz - ee - el - eml - en - eo - es - et - eu - ext - fa - ff - fi - fiu_vro - fj - fo - fr - frp - fur - fy - ga - gan - gd - gl - glk - gn - got - gu - gv - ha - hak - haw - he - hi - hif - ho - hr - hsb - ht - hu - hy - hz - ia - id - ie - ig - ii - ik - ilo - io - is - it - iu - ja - jbo - jv - ka - kaa - kab - kg - ki - kj - kk - kl - km - kn - ko - kr - ks - ksh - ku - kv - kw - ky - la - lad - lb - lbe - lg - li - lij - lmo - ln - lo - lt - lv - map_bms - mdf - mg - mh - mi - mk - ml - mn - mo - mr - mt - mus - my - myv - mzn - na - nah - nap - nds - nds_nl - ne - new - ng - nl - nn - no - nov - nrm - nv - ny - oc - om - or - os - pa - pag - pam - pap - pdc - pi - pih - pl - pms - ps - pt - qu - quality - rm - rmy - rn - ro - roa_rup - roa_tara - ru - rw - sa - sah - sc - scn - sco - sd - se - sg - sh - si - simple - sk - sl - sm - sn - so - sr - srn - ss - st - stq - su - sv - sw - szl - ta - te - tet - tg - th - ti - tk - tl - tlh - tn - to - tpi - tr - ts - tt - tum - tw - ty - udm - ug - uk - ur - uz - ve - vec - vi - vls - vo - wa - war - wo - wuu - xal - xh - yi - yo - za - zea - zh - zh_classical - zh_min_nan - zh_yue - zu -