Alpint klima
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Alpint klima eller fjellklima er klima ein har over tregrensa i fjellområde. Klimaet vert kaldare med høgda, som følgje av den adiabatiske temperaturendringa. Den tørradiabatiske temperaturendringa med høgda er omlag 10ºC per kilometer. Dermed vil ein omlag få same temperaturendring om ein flyttar seg 100 m oppover eit fjell, som når ein flyttar seg 80 km nærmare polane. Dette forholdet er derimot berre ein grov tommelfingerregel fordi havet har ein stor påverknad på klimaet.
I Köppen si klimaklassifisering hamnar det alpine klimaet inn under det arktiske klimaet, fordi ingen av månadane har ein middeltemperatur over 10ºC. Otto Nordenskiöld laga derimot eit alternativt til Köppen sitt system som sa at den varmaste månaden måtte vere minst 9 grader minus 10% av middeltemperaturen i den kaldaste månaden. T.d. om temperaturen i den kaldaste månaden er -20ºC, må den varmaste månaden vere 11ºC. Ein kan då få små skilnadar på kva område som hamnar innafor det alpine klimaet.
Store delar av fjellområda i Noreg kjem inn under denne arktiske klimatypen.
Klimasoner i Köppen si klimaklassifisering |
---|
Gruppe A: Tropisk — Regnskog (Af) - Monsun (Am) - Savanne (Aw, As) |
Gruppe B: Tørt — Ørkenklima (BW) - Steppe (BSh, BSk) |
Gruppe C: Temperert — Fuktig subtropisk (Cfa, Cwa) - Maritimt (Cfb, Cwb, Cfc) - Middelhavsklima (Csa, Csb) |
Gruppe D: Kontinentalt — Fuktig kontinentalt (Dfa, Dwa, Dfb, Dwb) - Subarktisk (Dfc, Dwc, Dfd) |
Gruppe E: Arktisk — Tundra (ET) - Permafrost (EF) - Alpint (ETH) |