See also ebooksgratis.com: no banners, no cookies, totally FREE.

CLASSICISTRANIERI HOME PAGE - YOUTUBE CHANNEL
Privacy Policy Cookie Policy Terms and Conditions
Høgtrykk - Wikipedia

Høgtrykk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Eit høgtrykk er eit område der det atmosfæriske lufttrykket er større enn i dei omliggande områda. I enkelte land blir desse områda kalla antisyklonar. Atmosfæren prøver alltid å kome i likevekt med seg sjølv og derfor blir faktorar som lufttrykk og temperatur forsøkt utjamna. Dette fører til at lufta strøymer frå høgtrykk mot lågtrykk for å utjamne trykkskilnaden. Høgtrykk er assosiert ved rolige vindforhold og subsidens. Subsidens er synkande luftrørsler som gjer at lufta blir adiabatisk oppvarma. Dermed vil eventuelle skydropar fordampe i høgtrykkssituasjonar og det blir lite skyer på himmelen. Mangelen på skyer fører til at temperaturskilnaden mellom dag og natt ofte aukar i forhold til lågtrykkssituasjonar. Om dagen vil meir solinnstråling føre til auka temperatur, medan overflata blir avkjølt ved langbølgja utstråling om natta.

Klimatologisk oppstår høgtrykka oftast i subtropiske områder (omlag 25-35° N eller S). Over ekvator fører kraftig solinnstråling til at luftmassane blir løfta opp i høgda og ført enten nord eller sør. Denne lufta blir så avkjølt, og byrjar å synke ned mot overflata i subtropiske strøk. Denne sirkulasjonen er kjend som Hadleyceller. Den synkande, tørre lufta er hovudårsaka til at vi finn dei fleste ørkenar på desse breiddegrader.

Høgtrykk dekkjer ofte eit større område og har svakare overflatevind enn lågtrykk, fordi større overflatefriksjon på trykkgradienten og corioliskrafta hindrar sirkulasjonen rundt høgtrykket. Lufta strøymer alltid motsatt veg rundt eit høgtrykk og eit lågtrykk på same halvkule. På nordlege halvkule strøymer lufta med klokka rundt eit høgtrykk, medan det er motsett på sørlege halvkule.

Nokre høgtrykk varer så lenge at dei får spesielle namn. Det sibirske høgtrykket er eit tilnærma stasjonært høgtrykk som kan vare lenger enn ein månad om vinteren. Her i Europa kjenner vi til Azorehøgtrykket, som amerikanarane kalla Bermudahøgtrykket. Dette er eit kraftig høgtrykk som ofte gjev fint vêr i Nord-Atlanteren. I dei sørlege områda av dette høgtrykket vil den austlege vinden ofte føre havbølgjene inn mot austkysten av Nord-Amerika i løpet av orkansesongen.

[endre] Sjå òg


aa - ab - af - ak - als - am - an - ang - ar - arc - as - ast - av - ay - az - ba - bar - bat_smg - bcl - be - be_x_old - bg - bh - bi - bm - bn - bo - bpy - br - bs - bug - bxr - ca - cbk_zam - cdo - ce - ceb - ch - cho - chr - chy - co - cr - crh - cs - csb - cu - cv - cy - da - de - diq - dsb - dv - dz - ee - el - eml - en - eo - es - et - eu - ext - fa - ff - fi - fiu_vro - fj - fo - fr - frp - fur - fy - ga - gan - gd - gl - glk - gn - got - gu - gv - ha - hak - haw - he - hi - hif - ho - hr - hsb - ht - hu - hy - hz - ia - id - ie - ig - ii - ik - ilo - io - is - it - iu - ja - jbo - jv - ka - kaa - kab - kg - ki - kj - kk - kl - km - kn - ko - kr - ks - ksh - ku - kv - kw - ky - la - lad - lb - lbe - lg - li - lij - lmo - ln - lo - lt - lv - map_bms - mdf - mg - mh - mi - mk - ml - mn - mo - mr - mt - mus - my - myv - mzn - na - nah - nap - nds - nds_nl - ne - new - ng - nl - nn - no - nov - nrm - nv - ny - oc - om - or - os - pa - pag - pam - pap - pdc - pi - pih - pl - pms - ps - pt - qu - quality - rm - rmy - rn - ro - roa_rup - roa_tara - ru - rw - sa - sah - sc - scn - sco - sd - se - sg - sh - si - simple - sk - sl - sm - sn - so - sr - srn - ss - st - stq - su - sv - sw - szl - ta - te - tet - tg - th - ti - tk - tl - tlh - tn - to - tpi - tr - ts - tt - tum - tw - ty - udm - ug - uk - ur - uz - ve - vec - vi - vls - vo - wa - war - wo - wuu - xal - xh - yi - yo - za - zea - zh - zh_classical - zh_min_nan - zh_yue - zu -