Subsidens
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Subsidens er ei nedoverretta rørsle av ei flate (vanlegvis jordoverflata innan geologi, ingeniørkunst og landmåling) eller atmosfæriske luftmassar (brukt i meteorologi).
[endre] Atmosfæren
Den mest vanlege årsaka til subsidens i atmosfæren er låge temperaturar. Når lufta vert avkjølt får ho større tettleik, vert tyngre og søkk mot overflata, på same måte som oppvarma luft stig oppover. Subsidens fører vanlegvis til høgtrykk når luft søkk mot bakken over større område. I polare høgtrykk har ein nesten konstant subsidens, og det same har ein over subtropiske område. Desse områda med subsidens er noko av opphavet til mange av dei framherskande vindsystema i verda, som passatvindane. Subsidens på mindre skala kan gje vêrfenomen som tåke. Ein ekstrem form for subsidens er fallvind som kan gje liknande øydeleggjingar som ein tornado, medan ei mildare form for subsidens vert kalla nedvind.