Aminosyre
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ei aminosyre er ei organisk sambinding som inneheld ei aminogruppe (-NH2) og ei syregruppe (-COOH). Aminosyrer kan danna lange kjeder ved at aminogrupper reagerer med syregrupper. Dette vert kalla peptidbinding.
Innan biokjemi omtalar ein gjerne alfa-aminosyrer med det kortare namnet aminosyre. Alfa-aminosyrene har formel NH2-CHR-COOH der sidegruppa R kan variera. Desse er intermediat i stoffskiftet, og er spesielt byggesteinar i protein. Alfa-aminosyrene vert inndelte etter dei kjemiske eigenskapane til sidegruppene og korleis dei oppfører seg under fysiologiske forhold (37°C, pH 7,4).
Generell struktur av alfa-amionsyrer:
COOH | H-C-R | NH2
Innhaldsliste |
[endre] Inndeling
Det er normalt 20 ulike aminosyre som inngår i protein. Av desse er 9 essensielle (må skaffast gjennom matinntak), medan 11 kan syntetiserast av kroppen. (Tala er ikkje absolutte, då syntesen av enkelte ikkje-essensielle aminosyrer er nært kopla til matinntaket av bestemte essensielle aminosyrer. Spesifikt vert tyrosin danna med utgangspunkt i fenylalanin, medan cystein krev metionin i syntesen. I tillegg er også glysin og arginin essensielle på vilkår.) Under fylgjer ei anna inndeling av aminosyrene, etter enkelte kjemiske eigenskapar:
[endre] Upolar, alifatisk R
- Glysin (Gly): R = –H
- Alanin (Ala): R = –CH3
- Valin (Val): R = –CH(CH3)CH3
- Leucin (Leu): R = –CH2CH(CH3)CH3
- Isoleucin (Ile): R = –CH(CH3)CH2CH3
- Prolin (Pro): R = –CH2CH2CH2–βN (syklisk med beta-nitrogenet som del av sykelen)
[endre] Upolar, aromatisk R
- Fenylalanin (Phe): R = –CH2–fenyl (ei fenylgruppe med 6 karbonatom i aromatisk ring)
- Tyrosin (Tyr): R = –CH2–fenyl–para–OH (der para tyder at OH sit på motsett side av fenylgruppa enn resten av molekylet)
- Tryptofan (Trp): R = CH2–indolring
[endre] Polar, uladd R
- Serin (Ser): R = –CH2OH
- Treonin (Thr): R = –CH(OH)CH3
- Cystein (Cys): R = –CH2SH
- Metionin (Met): R = –CH2CH2SCH3
- Asparagin (Asn): R = –CH2C(=O)NH2
- Glutamin (Gln): R = –CH2CH2C(=O)NH2
[endre] Negativt ladd R (sur)
- Aspartat (Asp): R = –CH2COO–
- Glutamat (Glu): R = –CH2CH2COO–
[endre] Positivt ladd R (basisk)
[endre] Hugsereglar
Dei hydrofile aminosyrene: PROFET GAV LIM (prolin, fenylalanin, tyrosin, tryptofan, glysin, alanin, valin, leucin, isoleucin og - til ein viss grad - methionin).
Dei hydrofobe aminosyrene: SCOT HALL AGGA (serin, cystein, treonin, histidin, arginin, lysin, asparagin, aspartat, glutamin og glutamat).
Dei ikkje-essensielle aminosyrene: ACG pst... (alanin, arginin, asparagin, aspartat, cystein, glutamin, glutamat, glysin, prolin, serin, tyrosin).