See also ebooksgratis.com: no banners, no cookies, totally FREE.

CLASSICISTRANIERI HOME PAGE - YOUTUBE CHANNEL
Privacy Policy Cookie Policy Terms and Conditions
Algerie - Wikipedia

Algerie

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

[endre]
الجمهورية الجزائرية الديمقراطية الشعبية
Al-Jumhūrīyah al-Jazā’irīyah
ad-Dīmuqrāţīyah ash-Sha’bīyah
Det algeriske flagget Det algeriske riksvåpenet
Flagg Riksvåpen
Nasjonale motto: Revolusjonen av og for folket
Geografisk plassering av Algerie
Offisielle språk Arabisk og tamazightisk
Hovudstad Alger
Styresett
Republikk
Abdelaziz Bouteflika
Abdelaziz Belkhadem
Flatevidd
 - Totalt
 - Andel vatn
 
2 381 740 km² (11.)
0 %
Folketal
 - Estimert (2008)
 - Tettleik
 
33 769 669 (36.)
14,2 /km² (168.)
Sjølvstende
  - Dato
Frå Frankrike
5. juli 1962
BNP
  - Totalt (2006)
  - Per innbyggjar
 
101,922 mrd. USD (39.)
7 390,299 USD (85.)
Valuta Algerisk dinar
Tidssone UTC +1
Nasjonalsong «Kassaman»
Nasjonaldag 1. november
Internasjonal telefonkode +213
Nasjonale toppdomene .dz


Algerie er den nest største staten i Afrika. Han ligg i Nord-Afrika med kyst mot Middelhavet og landegrenser mot Tunisia og Libya i aust, Niger og Mali i sør og Mauritania, Marokko og Vest-Sahara i vest.

Innhaldsliste

[endre] Historie

Algerie var i perioden 1830 og fram til 1962 ein fransk koloni. Landet vart sjølvstendig 5. juli 1962 ved Evianavtala etter Algeriekrigen.

Forsvarsministeren Houari Boumedienne tok makta i eit statskupp 1965, og statleggjorde ein stor del av næringslivet. Landet orienterte seg mot Sovjetunionen. Boumedienne døydde i 1980. I 1991 vann det fundamentalistiske partiet FIS (Den Islamske Frelsarfronten) ein stor siger ved primærvalet, noko som førte til at hæren gjekk til åtak mot FIS og utsette det etterfylgjande valet. Etter dette var det konflikt mellom dei fundamentalistiske kreftene og staten kontinuerleg fram til 2000, då ulike militante grupper gav opp etter løfte om benåding. Dette gjaldt mellom anna FIS si væpna grein, Den Islamske Redningsarméen. Framleis finst små væpna grupper som gjennomfører isolerte åtak mot byar. Over 100 000 menneske er drepne sidan 1991.

Andre problem i Algerie er stor arbeidsløyse, mangel på bustader og at økonomien totalt er avhengig av olje.

[endre] Klima og miljø

Kystområda av Algerie har eit typisk middelhavsklima med solrike og varme somrar, og kjølegare og meir regnfulle vintrar. I resten av landet sør for Atlasfjella ligg Sahara som er svært tørr og steikande varm.

Mest regn har ein langs Middelhavskysten og i dei høgare områda av Tell Atlasfjella, og nedbørsmengdene varierar frå 400 til 800 mm kvart år. Den våtaste perioden er mellom september og mai. Over 900 m kan nedbøren kome som snø, og snødekket kan ligge i fleire veker. Frå mai til september er vêret hovudsakleg varmt og solrikt.

Det mildaste vêret om vinteren har ein langs kysten, som òg slepp unna den verste sommarvarmen. Den tørre og varme siroccovinden frå sør kan derimot føre Saharavarmen nordover.

Platået Chott og delen av Atlasfjella som ligg i Sahara har eit meir ekstremt kontinentalklima med svært varme somrar og kaldare vintrar. Her kan ein få frost og snø om vinteren og nettene kan vere kalde, medan dagen er forholdsvis varm. Ein har lite nedbør, men mest nedbør kjem på hausten og om våren. Like sør for Atlasfjella har ein eit smalt belte med steppelandskap, og her kan ein få litt nedbør om vinteren. Biskra, som ligg her, har ein årleg nedbørsnormal på 159 mm.

Sahara er praktisk talt heilt tørr. Ein kan få regn no og då kortid som helst på året, men mengdene er så små og kjem med så ujamne mellomrom at ingen klimastatistikk fangar det opp. Heilt sør i Algerie kan ein derimot få litt regn frå juni til september når den intertropiske konvergenssona strekk seg lengst nord, men det er ikkje alltid det blir dei store mengdene ut av det.

I det søraustlege Algerie stig fjellet Hoggar opp til nesten 2700 m, og her kan ein få litt regn i løpet av året. Sommartemperaturen held seg høg, men nattetemperaturane er ofte meir behaglege, medan vinternetten kan vere kjølege med frost.

I fjella hender det at det er jordskjelv.

Nokre av Algerie sine miljøproblem er jorderosjon, utslepp av ureina avløpssvatn, ureiningar frå oljeraffeneri samt at det er mangel på ferskvatn. Algerie har skrive under, men ikkje ratifisert avtala om forbod mot kjernevåpen. All elektrisitet vert produsert med fossile brenslar.

[endre] Økonomi

Petroleumindustrien er den viktigaste næringa i Algerie, og svarar for 30% av bruttonasjonalproduktet og over 95% av eksportinntektene. Algerie har verdas femte største naturgass-reservar, og er verdas nest største eksportør av naturgass. Landet har verdas fjortande største reserve av olje. Regjeringa prøvar å få investeringar i andre bransjar, men landet har problem med ei høg arbeidsløyse og låg levestandard.

[endre] Fakta

[endre] Administrativ inndeling

Algerie er inndelt i 48 provinsar:

  • Adrar
  • Ain Defla
  • Ain Temouchent
  • Alger
  • Annaba
  • Batna
  • Bechar
  • Bejaia
  • Biskra
  • Blida
  • Bordj Bou Arreridj
  • Bouira
  • Boumerdes
  • Chlef
  • Constantine
  • Djelfa
  • El Bayadh
  • El Oued
  • El Tarf
  • Ghardaia
  • Guelma
  • Illizi
  • Jijel
  • Khenchela
  • Laghouat
  • Mascara
  • Medea
  • Mila
  • Mostaganem
  • M'Sila
  • Naama
  • Oran
  • Ouargla
  • Oum el Bouaghi
  • Relizane
  • Saida
  • Setif
  • Sidi Bel Abbes
  • Skikda
  • Souk Ahras
  • Tamanghasset
  • Tebessa
  • Tiaret
  • Tindouf
  • Tipaza
  • Tissemsilt
  • Tizi Ouzou
  • Tlemcen
Kart over Algerie
Kart over Algerie

[endre] Kjende algeriarar

  • Zinedine Zidane, fransk fotballspelar
  • Albert Camus, fransk forfattar
  • Ahmed Ben Bella, (احمد بن بل) fyrste presidenten i landet etter frigjeringa frå fransk okkupasjon i 1962.
  • Lounis Ait Menguellet, musikar
  • Kateb Yacine, forfattar
  • Si Mohand, diktar
  • Jean Amrouche, diktar


Nord-Afrika

Algerie | Egypt | Libya |
Marokko | Sudan | Tunisia

[endre] Bakgrunnsstoff

Commons har multimedia som gjeld: Algerie
På andre språk


aa - ab - af - ak - als - am - an - ang - ar - arc - as - ast - av - ay - az - ba - bar - bat_smg - bcl - be - be_x_old - bg - bh - bi - bm - bn - bo - bpy - br - bs - bug - bxr - ca - cbk_zam - cdo - ce - ceb - ch - cho - chr - chy - co - cr - crh - cs - csb - cu - cv - cy - da - de - diq - dsb - dv - dz - ee - el - eml - en - eo - es - et - eu - ext - fa - ff - fi - fiu_vro - fj - fo - fr - frp - fur - fy - ga - gan - gd - gl - glk - gn - got - gu - gv - ha - hak - haw - he - hi - hif - ho - hr - hsb - ht - hu - hy - hz - ia - id - ie - ig - ii - ik - ilo - io - is - it - iu - ja - jbo - jv - ka - kaa - kab - kg - ki - kj - kk - kl - km - kn - ko - kr - ks - ksh - ku - kv - kw - ky - la - lad - lb - lbe - lg - li - lij - lmo - ln - lo - lt - lv - map_bms - mdf - mg - mh - mi - mk - ml - mn - mo - mr - mt - mus - my - myv - mzn - na - nah - nap - nds - nds_nl - ne - new - ng - nl - nn - no - nov - nrm - nv - ny - oc - om - or - os - pa - pag - pam - pap - pdc - pi - pih - pl - pms - ps - pt - qu - quality - rm - rmy - rn - ro - roa_rup - roa_tara - ru - rw - sa - sah - sc - scn - sco - sd - se - sg - sh - si - simple - sk - sl - sm - sn - so - sr - srn - ss - st - stq - su - sv - sw - szl - ta - te - tet - tg - th - ti - tk - tl - tlh - tn - to - tpi - tr - ts - tt - tum - tw - ty - udm - ug - uk - ur - uz - ve - vec - vi - vls - vo - wa - war - wo - wuu - xal - xh - yi - yo - za - zea - zh - zh_classical - zh_min_nan - zh_yue - zu -