Jernmalm
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jernmalm er ein malm som blir brukt til å framstilla jern.
Dei to vanlegaste typane jernmalm er dei to jernoksida magnetitt (Fe3O4) og hematitt (Fe2O3). Ettersom begge desse i stor grad er brukte opp på verdsbasis, er det også vanleg å ta ut annan jernmalm, som takonitt. Dette er ein samansett malm der ein må fjerna dei ikkje-jernhaldige delane før jernfremstillinga tek til.
I Noreg ble dei første jernmalmane vunne ut frå myrmalm. I nyare tid har ein teke ut jernmalm i mellom anna Varanger (Sydvaranger AS) i Finnmark og Rana (Rana Gruber AS) i Nordland.