Provins
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
- For byen i Frankrike, sjå byen Provins
Ein provins er ei under-nasjonal regjeringsform under direkte kontroll av den høgste regjeringa i nasjonen. I nokre land blir orda stat eller departement nytta i staden for provins.
Ordet provins har røter i latin og tyder innflytings-sone. Ordet vart introdusert av romarane, som delte imperiet sitt inn i provinciæ.
Den mest folkerike provinsen i verda er Henan i Kina som har 93 000 000 innbyggjarar. Provinsen Xinjiang i Kina med ei flate på 1 600 000 km² har det største arealet.