See also ebooksgratis.com: no banners, no cookies, totally FREE.

CLASSICISTRANIERI HOME PAGE - YOUTUBE CHANNEL
Privacy Policy Cookie Policy Terms and Conditions
Tsjad - Wikipedia

Tsjad

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

République du Tchad
جمهوريّة تشاد
(Detaljar) Riksvåpen
Nasjonalt motto: Unite - Travail - Progres (Fransk: Semje - Arbeid - Framsteg)
Image:LocationChad.png
Offisielt språk Fransk og arabisk
Hovudstad N'Djamena
President Idriss Déby
Statsminister Delwa Kassiré Koumakoye
Areal
 - Total
 - herav vann
Areal 20
1 284 000 km²
1,9 %
Folketal
 - Total (2003)
 - Pr. km²
Storleik 82
9 253 493
7,2/km²
Sjølvstende
Dato
Frå Frankrike
11. august, 1960
Valuta franc CFA
Tidssone UTC+1
Nasjonaldag 11. august
Nasjonalsong La Tchadienne
Nasjonalt toppnivådomene .TD

Republikken Tsjad (fransk Tchad) er ein republikk i Sentral-Afrika. Den nordre delen av Tsjad ligg i Saharaørkenen. Her ligg Tibestifjella, den største fjellkjeden i ørkenen. Landet var tidlegare del av Fransk Ekvatorialguinea, men har fått sitt noverande namn etter Tsjad-sjøen.

Innhaldsliste

[endre] Historie

Under mellomalderen vart Tsjad ein møtestad for muslimske handelsfolk og mange subsahariske stammar. Frankrike gjorde landet til koloni i 1891.

Etter sjølvstendet frå Frankrike i 1960 braut det ut ein revolusjon i 1965 i den muslimske nordre delen av landet, forårsaka av høge skattar. Denne borgarkrigen tok ikkje slutt før [[1996], då ei ny grunnlov vart vedteken, og den sitjande presidenten Idriss Déby vart gjenvald.

[endre] Geografi

Tsjad har ingen kyst mot havet. Landet har fire klimasonar: Store tørre sletter midt i landet, ørken i nord, tørt bergområde i nordvest og eit tropiskt lågland i sør. Tsjadsjøen, som er ein veldig grunn sjø, er Afrika sin nest største sjø og ligg vest i landet.

Nabolandet i nord er Libya, i aust ligg Sudan, i sør ligg Den sentralafrikanske republikken og i vest ligg Niger, Nigeria og Kamerun. Det siste landet har felles grense mot Tsjadsjøen, som ligg akkurat på grensa mellom dei to landa.

Kart over Tsjad
Kart over Tsjad

Langsmed den same grensa mot Kamerun ligg òg Tsjad sin hovudstad

N'Djamena.

[endre] Klima

Den nordlege delen av landet, Saharaørkenen får praktisk talt ingen nedbør, og klimaet er varmt året rundt med mykje sol. Den sørlege halvdelen av landet, om lag sør for 15 ºN, er ein del av Sahelområdet med regntid frå mai til september. N'Djamena i dette området har ein årleg nedbørsnormal på 754 mm.

[endre] Økonomi

Landet sin økonomi er jordbruksbasert, og lite utvikla. 80% av befolkninga lev av primitivt jordbruk og på fedrift.

Eit konsortium leia av to amerikanske føretak byrja i 2000 å bygge ut eit stort oljefelt, og til og med byggje ein rørleidning til omverda. Det vert beregna at Tsjad har oljereservar på cirka 1 milliard tønner.

[endre] Folkesetnad

Det finst meir enn 200 etniske grupper i landet. I nord og aust er ein hovudsakleg muslimar, i sør kristne eller animistar. Ved sida av fransk og arabisk vert det snakka om lag 100 stammespråk i landet. Den gjennomsnittlege levealderen ligg på 49 år. 48% av befolkninga er lesekyndige.


Sentral-Afrika

Ekvatorial-Guinea | Gabon | Kamerun | Kongo |
Kongo-Brazzaville |Den sentralafrikanske republikken | Tsjad


På andre språk


aa - ab - af - ak - als - am - an - ang - ar - arc - as - ast - av - ay - az - ba - bar - bat_smg - bcl - be - be_x_old - bg - bh - bi - bm - bn - bo - bpy - br - bs - bug - bxr - ca - cbk_zam - cdo - ce - ceb - ch - cho - chr - chy - co - cr - crh - cs - csb - cu - cv - cy - da - de - diq - dsb - dv - dz - ee - el - eml - en - eo - es - et - eu - ext - fa - ff - fi - fiu_vro - fj - fo - fr - frp - fur - fy - ga - gan - gd - gl - glk - gn - got - gu - gv - ha - hak - haw - he - hi - hif - ho - hr - hsb - ht - hu - hy - hz - ia - id - ie - ig - ii - ik - ilo - io - is - it - iu - ja - jbo - jv - ka - kaa - kab - kg - ki - kj - kk - kl - km - kn - ko - kr - ks - ksh - ku - kv - kw - ky - la - lad - lb - lbe - lg - li - lij - lmo - ln - lo - lt - lv - map_bms - mdf - mg - mh - mi - mk - ml - mn - mo - mr - mt - mus - my - myv - mzn - na - nah - nap - nds - nds_nl - ne - new - ng - nl - nn - no - nov - nrm - nv - ny - oc - om - or - os - pa - pag - pam - pap - pdc - pi - pih - pl - pms - ps - pt - qu - quality - rm - rmy - rn - ro - roa_rup - roa_tara - ru - rw - sa - sah - sc - scn - sco - sd - se - sg - sh - si - simple - sk - sl - sm - sn - so - sr - srn - ss - st - stq - su - sv - sw - szl - ta - te - tet - tg - th - ti - tk - tl - tlh - tn - to - tpi - tr - ts - tt - tum - tw - ty - udm - ug - uk - ur - uz - ve - vec - vi - vls - vo - wa - war - wo - wuu - xal - xh - yi - yo - za - zea - zh - zh_classical - zh_min_nan - zh_yue - zu -