Kamerun
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
|
|||||
Nasjonale motto: Fransk:Paix, Travail, Patrie (Fred, Arbeid, Fedreland) |
|||||
Offisielle språk | Engelsk og fransk | ||||
Hovudstad | Yaoundé | ||||
Styresett |
Republikk Paul Biya Ephraïm Inoni |
||||
Flatevidd - Totalt - Andel vatn |
475 440 km² (58.) 1,3 % |
||||
Folketal - Estimert (2005) - Folketeljing (—) - Tettleik |
16 380 005 (59.) — 34,9/km² (139.) |
||||
Sjølvstende - Dato |
Frå Frankrike og Storbritannia 1. januar 1960 |
||||
BNP - Totalt (2005) - Per innbyggjar |
40 744 mrd. USD (83.) 2 284 USD (134.) |
||||
Valuta | CFA-franc (XAF) | ||||
Tidssone | UTC +1 | ||||
Nasjonalsong | Chant de Ralliement | ||||
Nasjonaldag | 20. mai (Republikkens dag) | ||||
Internasjonal telefonkode | +237 | ||||
Nasjonale toppdomene | .cm | ||||
Kamerun er ein stat i Sentral-Afrika, som har kyst mot Biafra-bukta som som har grense mot Den sentralafrikanske republikken, Kongo-Brazzaville, Gabon Nigeria, Tsjad og Ekvatorial-Guinea.
[endre] Klima
Kamerun ligg i eit grenseområde mellom fleire afrikanske vêrregime. Det er få stader i verda som kan få så mykje nedbør som kystdeltaet i Kamerun, der sørvestleg vind vert pressa opp av fjella (orografisk heving) i Kamerun og nabolanda. Douala sin årlege nedbørsnormal er på 4027 mm, og det mest kjem då frå mars til november. Lenger aust regnar det litt mindre, og nedbøren her minkar eit par veker i juli mellom dei to passeringane av den intertropiske konvergenssona (ITCZ). Yaoundé har ein årleg nedbørsnormal på 1555 mm. Det meste av regnet kjem i korte, men intense, periodar, og vert avløyst av ein frisk austleg vind og klår himmel.
Den smale stripa i Nord-Kamerun strekk seg inn i Sahelområdet. Her har ein meir spreidd nedbør i tida juni til september, og elles på året tørt og svært varmt vêr. Nettene her er ganske behaglege i desember og januar, då temperaturen går ned mot 15 ºC før den sprett opp att i rundt 32 ºC om ettermiddagen. Frost har ein stort sett berre på fjelltoppane som strekk over 3000 m over havet.
Sentral-Afrika |
Ekvatorial-Guinea | Gabon | Kamerun | Kongo | |