See also ebooksgratis.com: no banners, no cookies, totally FREE.

CLASSICISTRANIERI HOME PAGE - YOUTUBE CHANNEL
Privacy Policy Cookie Policy Terms and Conditions
Regionen Auckland - Wikipedia

Regionen Auckland

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Regionen Auckland
Land: New Zealand
Regionstyre
Namn: Auckland Regional Council
Leiar: Michael Lee
Folketal: 1 303 068
Folketeljinga i 2006
Flatevidd: 6 059 km²
Heimeside: http://www.arc.govt.nz
Byar og større stader
Byar: Auckland, Manukau, North Shore, Waitakere
Større stader: Orewa, Helensville, Warkworth, Wellsford, Pukekohe, Waiuku, Clevedon, Maraetai, Muriwai, Piha, Coatesville, Kumeu, Drury
Distriktsstyre
Namn: Auckland City
Manukau City
North Shore City
Waitakere City
Papakura
Franklin District (delvis)
Rodney District
Heimesider: http://www.aucklandcity.govt.nz
http://www.manukau.govt.nz
http://www.northshorecity.govt.nz
http://www.waitakere.govt.nz
http://www.papakura.govt.nz
http://www.franklindistrict.co.nz
http://www.rodney.govt.nz

Regionen Auckland er ein av dei seksten regionaneNew Zealand, og har fått namn etter Auckland City, den store byen som ligg midt i regionen. Dette er den mest folkerike regionen på New Zealand, og også den mest velståande økonomisk sett.

Innhaldsliste

[endre] Geografi

Fargebilete av North Auckland Peninsula med Aucklandregionen nede i biletet og Haurakigolfen til høgre. Foto: NASA
Fargebilete av North Auckland Peninsula med Aucklandregionen nede i biletet og Haurakigolfen til høgre. Foto: NASA

Regionen ligg på Nordøya og strekkjer seg frå munningen til Kaipara Harbour i nord, over dei sørlege delene til halvøya North Auckland Peninsula, forbi Waitakere Ranges og eidet der Auckland ligg, til Hunua Ranges og søretter låglandet til Manukau Harbour. Regionen sluttar nokre få km frå utløpet til elva Waikato River. Han grensar i nord til regionen Northland, og i sør til regionen Waikato. Øyene i Haurakigolfen høyrer òg med til regionen.

Landarealet er det minste av alle newzealandske regionar og territoriale distrikt utanom Nelson. Det høgaste punktet i regionen er fjellet Mount Hauturu som ligg på øya Little Barrier Island, og som måler 722 m.o.h..

[endre] Territoriale farvatn

Stillehavet og Tasmanhavet dannar kystlinja kring regionen Auckland. Austkysten grensar mot Haurakigolfen, ein arm av Stillehavet som ligg i ly av ei betydeleg mengde større og mindre øyer, mellom dei Great Barrier Island i nordaust. Ein arm av Hauraki, Waitematahamna dannar hovudhamna i Auckland City. Kystlinja til regionen måler 1 613 km. Mykje av kystområda omfattar følsame marine tidevassområde og elveutløp og dei halvt innestengde havbuktene Waitemata, Manukau og Kaipara.

Mot vest ligg to store, naturlege hamner, Kaipara og Manukau. På grunn av vanskelege seglingsfarvatn ved innløpa er desse hamnene lite bruka av skipsfarten. Kaipara Harbour, der den sørlege delen ligg i regionen Auckland, er ei av dei største naturlege hamnene i verda, og dekkjer ei flate på 530 km². Manukau Harbour, som ligg i den sørvestlege delen av regionen, har ei lita hamn i Onehunga, men her er det også vanskelege seglingstilhøve - særleg i sørvestleg vind som er den mest vanlege vindretningen. Flyplassen Auckland International Airport ligg inntil Manukau Harbour Regionen har mange fine strender, særleg ved Tasmankysten sør for Kaipara. Mellom desse er strendene Muriwai og Piha.

Stranda Piha Beach sett frå sør mot Lion Rock
Stranda Piha Beach sett frå sør mot Lion Rock

[endre] Vulkanske område

Mykje av dei urbane områda i Auckland ligg i det vulkanske området Auckland Volcanic Field. Området er spekka med 49 vulkanar av ulik alder, dei eldste i regionen er 150 000 år gamle. Det siste utbrotet fann stad for omlag 600 år sidan, dette avslutta nokre få hundre års vulkansk aktivitet då øya Rangitoto Island vart danna.

Kvart vulkansk utbrot har hatt tendens til å vera større enn det førre, og Rangitoto utgjer nesten 60% av det vulkanske materialet i området. Alle vulkanane er heller små, dei fleste under 150 meter høge.

Ein stor del av vulkanane i Auckland er gjennom åra blitt utjamna eller sterkt endra — for ein liten del brukte māoriar dei i historisk tid som forskansa landsbyar (pa), eller til jordbruksland anlagt i terrassar, men for det meste har det vore utgravingar i nyare tid, og massane er då brukte til vegbygging og andre former for byggematerialar. Det er no teke åtgjerder for å ta vare på mange av dei vulkanane som er att, og bruka dei som landemerke eller parkar.

[endre] Vêrlag

Regionen Auckland har temperert klima, varmt og fuktig om sommaren, kjølegare og rått om vinteren. Gjennomsnittstemperaturen i januar er frå 21-24 °C. Februar er gjerne varmare enn januar og maksimumstemperaturen i juli er mellom 14-16 °C. Nedbøren er rikeleg nesten heile året (over 1200 mm årleg), særleg om vinteren. Vêrlaget kan variera lokalt i ulike delar av regionen av topografiske årsaker (åsar og trevokstrar) og vekslande vindar som kjem inn frå havet.

Klimatabell: Auckland (Owairaka)
Jan Feb Mar Apr Mai Jun Jul Aug Sep Okt Nov Des År
Gjennomsnittleg dagleg maksimumstemperatur 23,3°C
73,94°F
23,7 °C
74,7 °F
22,4 °C
72,3°F
20,0°C
68,0 °F
17,4 °C
63,3 °F
15,2 °C
59,4 °F
14,5 °C
58,1 °F
15,0 °C
59,0 °F
16,2 °C
61,2 °F
17,8 °C
64,1 °F
19,6 °C
67,3 °F
21,6 °C
70,9 °F
18,9°C
66,0°F
Gjennomsnittleg dagleg minimumstemperatur 15,3°C
59,6°F
15,8 °C
60,5 °F
14,6 °C
58,3 °F
12,3 °C
54,2 °F
10,0 °C
50,0 °F
8,0 °C
46,4°F
7,1 °C
44,8 °F
7,6 °C
45,7 °F
8,9 °C
48,0 °F
10,5 °C
50,9 °F
12,1 °C
53,78 °F
13,9 °C
57,0 °F
11,3°C
52,4°F
Gjennomsnittleg total nedbør 75 mm
2.95 "
65 mm
2.56 "
94 mm
3.70 "
105 mm
4.13 "
103 mm
4.06 "
139 mm
5.47 "
146 mm
5.75 "
121 mm
4.76 "
116 mm
4.57 "
91 mm
3.58 "
93 mm
3.66 "
91 mm
3.58 "
1240 mm
48.82 "
Gjennomsnittleg tal på regnvêrsdagar 8 7 9 11 12 15 16 15 14 12 11 9 137
Kjelde: Niwa Science climate data

[endre] Innbyggjarar

Trass i den vesle storleiken er regionen langt den mest folkerike på New Zealand med eit folketal på 1 358 200 (estimat juni 2006), omlag 33% av innbyggjarane i landet. Regionen veks snøggare enn nokon annan del av landet, og folketalet har gått opp med meir enn 240 000 dei siste ti åra — ein auke på meir enn 22% (i følgje folketeljingane i 1996, 2001 og 2006). I følgje folketeljinga frå 2001, bur det i Aucklandregionen 26,3 prosent av New Zealand sine innbyggjarar med europeisk bakgrunn, 24,3 prosent av den totale māoripopulasjonen (det samme i 2006), 66,7 prosent av frå Stillehavsøyene, 63,7 prosent av alle med asiatisk avstamming og 54,7 prosent av alle som tilhøyrer andre etninske grupper. Denne statistikken set lys på det etniske mangfaldet i Aucklandregionen, særleg når ein samanliknar med resten av New Zealand.

Regionen omfattar byane i Auckland metropolitan area, mindre byar, landområde og øyene i Haurakigolfen.

[endre] Administrasjon

[endre] Regionen

Aucklandregionen er styrt av regionrådet, Auckland Regional Council, som er ei vidareføring av Auckland Regional Authority. Regionrådet (vanlegvis kalla ARC) har heller liten kontroll over byen, og tek seg mest av miljøvern, løyvingar til offentleg transport og tilsyn med parkar og kystområde i regionen. Myndet over andre saker er lagt til lokale territorialstyresmakter, Territorial Local Authorities (TLA), som det er sju av i Aucklandregionen, fire byar og tre distrikt.

[endre] Distrikt

Rodney District ligg nord for byområda i Auckland og omfattar byane Orewa, Warkworth, Helensville og Wellsford.

Papakura District ligg i sør. Det omfattar ein forstad med samme namn.

Franklin District ligg lenger mot sør, og den nordlege delen av dette distriktet tilhøyrer Aucklandregionen (den sørlege halvdelen ligg i Waikatoregionen). Franklin omfattar byane Waiuku og Pukekohe.

[endre] Byar

Auckland bysentrum
Auckland bysentrum

Mellom dei stort sett landlege distrikta Rodney og Franklin ligg ligg dei utbreidde tettare bygde områda til dei fire største byane i regionen. Auckland omkransar Waitematahamna og strekker seg sørover frå Auckland eidet langs breiddene til Manukau Harbour. Han breier seg også nordover langs kysten til Haurakigolfen til Waiwera.

Auckland City dekker det meste av eidet.

North Shore City ligg tvers over Waitemata frå Auckland City.

Waitakere City ligg vest for Auckland City, nedunder dei austlege sidene til åsrekkja Waitakere Ranges.

Manukau ligg sør for Auckland, nær den austlege stranda til hamna som han har gjeve namn til. Auckland International Airport ligg i Manukau City.

«Stor-Auckland» strekkjer seg også litt utanom desse fire byane og inn i tilstøytande deler av distrikta Papakura, Franklin og Rodney.

[endre] Helsedistrikt

Tre helsedistrikt District Health Board (DHB) dekkjer Aucklandregionen. Det er Waitemata Health, Auckland District Health Board og Counties Manukau Health.

[endre] Framtidig struktur

I den seinare tid er det — i samband med diskusjonar om auka rentekostnader og planar om å betra dei offentlege tenestene i regionen — blitt reist spørsmål om ei vidare samanslåing av dei lokale administrasjonseiningane i Auclandregionen. I hovudsak har dette dreia seg om samanslåing av dei tettliggjande byane i Auckland, men det har òg vore på tale å danna ein territorial region (unitary authority), d.v.s. avskaffa distriktsstyra og berre ha att eit regionstyre for alle offentlege funksjonar, som i t.d. Nelson.

  • Dei som forsvarar eit slikt trekk peikar på at det for tida er åtte valde lokale råd i regionen (sju lokale distriktsstyre og eit regionstyre), med alt det fører med seg av ineffektivt byråkrati og auka administrasjonskostnader.
  • Motstandarane peikar på «mislukka» samanslåingar av andre urbane område, og tvilar på at effektiviteten vert høgare og kostnadane lågare. Dei held også fram at slike samanslåingar som er føreslegne kan svekka demokratiet, ialle fall på det lokale planet.

[endre] Referansar

[endre] Lenkjer ut

[endre] Kjelde

Flag of New Zealand

Regionar på New Zealand

Nordøya:

Northland | Auckland | Waikato | Bay of Plenty | Gisborne¹ | Hawke's Bay | Taranaki | Manawatu-Wanganui | Wellington

Sørøya:

Tasman¹ | Marlborough¹ | Nelson¹ | West Coast | Canterbury | Otago | Southland

¹ Territorial region


aa - ab - af - ak - als - am - an - ang - ar - arc - as - ast - av - ay - az - ba - bar - bat_smg - bcl - be - be_x_old - bg - bh - bi - bm - bn - bo - bpy - br - bs - bug - bxr - ca - cbk_zam - cdo - ce - ceb - ch - cho - chr - chy - co - cr - crh - cs - csb - cu - cv - cy - da - de - diq - dsb - dv - dz - ee - el - eml - en - eo - es - et - eu - ext - fa - ff - fi - fiu_vro - fj - fo - fr - frp - fur - fy - ga - gan - gd - gl - glk - gn - got - gu - gv - ha - hak - haw - he - hi - hif - ho - hr - hsb - ht - hu - hy - hz - ia - id - ie - ig - ii - ik - ilo - io - is - it - iu - ja - jbo - jv - ka - kaa - kab - kg - ki - kj - kk - kl - km - kn - ko - kr - ks - ksh - ku - kv - kw - ky - la - lad - lb - lbe - lg - li - lij - lmo - ln - lo - lt - lv - map_bms - mdf - mg - mh - mi - mk - ml - mn - mo - mr - mt - mus - my - myv - mzn - na - nah - nap - nds - nds_nl - ne - new - ng - nl - nn - no - nov - nrm - nv - ny - oc - om - or - os - pa - pag - pam - pap - pdc - pi - pih - pl - pms - ps - pt - qu - quality - rm - rmy - rn - ro - roa_rup - roa_tara - ru - rw - sa - sah - sc - scn - sco - sd - se - sg - sh - si - simple - sk - sl - sm - sn - so - sr - srn - ss - st - stq - su - sv - sw - szl - ta - te - tet - tg - th - ti - tk - tl - tlh - tn - to - tpi - tr - ts - tt - tum - tw - ty - udm - ug - uk - ur - uz - ve - vec - vi - vls - vo - wa - war - wo - wuu - xal - xh - yi - yo - za - zea - zh - zh_classical - zh_min_nan - zh_yue - zu -