See also ebooksgratis.com: no banners, no cookies, totally FREE.

CLASSICISTRANIERI HOME PAGE - YOUTUBE CHANNEL
Privacy Policy Cookie Policy Terms and Conditions
Bay of Plenty - Wikipedia

Bay of Plenty

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Regionen Bay of Plenty
Bay of Plenty Regional Council
Land: New Zealand
Regionstyre
Namn: Environment Bay of Plenty
Leiar: John Cronin
Folketal: 262,900
June 2006 estimate
Areal: 12 277 km²
Heimeside: http://www.envbop.govt.nz
Større og mindre byar
Større byar: Tauranga, Rotorua, Whakatane
Mindre byar: Te Puke, Taneatua, Edgecumbe, Opotiki, Kawerau, Murupara, Ohope, Matata, Maketu, Mount Maunganui, Ngongotaha
Distrikt
Namn: Tauranga City
Del av Rotorua District
Whakatane District
Western Bay of Plenty District
Kawerau District
Opotiki District
Del av Taupo District
Heimesider: http://www.tauranga.govt.nz
http://www.rdc.govt.nz
http://www.whakatane.govt.nz
http://www.wbopdc.govt.nz
http://www.kaweraudc.govt.nz
http://www.odc.govt.nz

Bay of Plenty (māorispråk: Te Moana-a-Toi), ofte avkorta til BoP, er ein regionNordøyaNew Zealand, eit landområde som ligg innanfor havbukta med samme namn. Den største byen i Bay of Plenty er Tauranga, i den vestlege delen.

[endre] Sjølve havbukta

Bay of Plenty
Bay of Plenty

Bukta strekkjer seg frå basis av halvøya Coromandel Peninsula i vest til Cape Runaway i aust. Området er avgrensa av åsrekkjene Kaimai og Mamaku Ranges mot vest, og strekkjer seg innover i landet til dei sparsamt busette skogområda kring Rotorua, Kawerau og Murupara. Fleire øyer ligg ute i bukta, mellom desse Mayor Island/Tuhua, Motiti Island, Whale Island og, mest kjend, den aktive vulkanen på øya Whakaari/White Island.

Bukta vart namngjeven av kaptein James Cook ein gong i november 1769. Cook gav henne namnet Bay of Plenty («overflodsbukta») etter at han la merke til dei overveldande matlagra i fleire māorilandsbyar han vitja langs kysten; i sterk motsetning til dei observasjonane han tidlegare hadde gjort i Poverty Bay («fattigdomsbukta»).

[endre] Regionen

Regionen hadde ved folketeljinga i 2006 eit folketal på 257 379 [1], som ein stipulerer vil auka til 277 900 i året 2011. Av innbyggjarane rekna 28% seg som etniske māoriar. 23% var under 15 år, og 3,9% utan arbeid.[2] To byar dominerer Bay of Islands: Tauranga (folketal 103 635)[3] og Rotorua (folketal 65 901)[4]. Som eit kompromiss mellom byane, vart byen Whakatane i 1989 vald til sete for regionstyret. I 2007 vart det likevel bestemt at Tauranga skulle ta over denne rolla.[5]. Andre byar i regionen omfattar Te Puke, Kawerau, Katikati og Opotiki. Jordbruk og turisme er dei to hovudnæringsvegane i regionen, og det geotermiske området kring Roturoa er eit populært turistmål.

Regionen er skogkledd, mykje av skogen er kommersielt planta og ivareteken, og det er dessutan eit utstrekt jordbruk i området. Klimaet i kystsona er nesten tropisk, både fuktig og varmt året rundt. I innlandet derimot, kring Roturoa, er gjennomsnittstemperaturen generelt sett 2°C kjølegare. Viktige produkt er kiwi, eple, avocado og tømmer. Som i det meste av New Zealand er sauehald vanleg, men produksjon av mjølkeprodukt og kjøt frå storfe er i aukande grad i ferd med å overta for sauehaldet.

Vegnettet har vorte utbygd i aukande grad, særskilt vest i Bay of Plenty, på grunn av tiltakande vegtransport av tømmer til hovudhamna i Tauranga. Jarnvegslinjer går mellom Tauranga og Waikatoregionen og til den austlege delen av bukta, men desse fraktar berre gods.

[endre] Referansar

Flag of New Zealand

Regionar på New Zealand

Nordøya:

Northland | Auckland | Waikato | Bay of Plenty | Gisborne¹ | Hawke's Bay | Taranaki | Manawatu-Wanganui | Wellington

Sørøya:

Tasman¹ | Marlborough¹ | Nelson¹ | West Coast | Canterbury | Otago | Southland

¹ Territorial region


aa - ab - af - ak - als - am - an - ang - ar - arc - as - ast - av - ay - az - ba - bar - bat_smg - bcl - be - be_x_old - bg - bh - bi - bm - bn - bo - bpy - br - bs - bug - bxr - ca - cbk_zam - cdo - ce - ceb - ch - cho - chr - chy - co - cr - crh - cs - csb - cu - cv - cy - da - de - diq - dsb - dv - dz - ee - el - eml - en - eo - es - et - eu - ext - fa - ff - fi - fiu_vro - fj - fo - fr - frp - fur - fy - ga - gan - gd - gl - glk - gn - got - gu - gv - ha - hak - haw - he - hi - hif - ho - hr - hsb - ht - hu - hy - hz - ia - id - ie - ig - ii - ik - ilo - io - is - it - iu - ja - jbo - jv - ka - kaa - kab - kg - ki - kj - kk - kl - km - kn - ko - kr - ks - ksh - ku - kv - kw - ky - la - lad - lb - lbe - lg - li - lij - lmo - ln - lo - lt - lv - map_bms - mdf - mg - mh - mi - mk - ml - mn - mo - mr - mt - mus - my - myv - mzn - na - nah - nap - nds - nds_nl - ne - new - ng - nl - nn - no - nov - nrm - nv - ny - oc - om - or - os - pa - pag - pam - pap - pdc - pi - pih - pl - pms - ps - pt - qu - quality - rm - rmy - rn - ro - roa_rup - roa_tara - ru - rw - sa - sah - sc - scn - sco - sd - se - sg - sh - si - simple - sk - sl - sm - sn - so - sr - srn - ss - st - stq - su - sv - sw - szl - ta - te - tet - tg - th - ti - tk - tl - tlh - tn - to - tpi - tr - ts - tt - tum - tw - ty - udm - ug - uk - ur - uz - ve - vec - vi - vls - vo - wa - war - wo - wuu - xal - xh - yi - yo - za - zea - zh - zh_classical - zh_min_nan - zh_yue - zu -