North Shore
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
North Shore City (uformelt berre North Shore, eller The Shore) i New Zealand er ein av fire byar i Auckland.
I 2005 hadde byen 212 200 innbyggjarar, dvs det er den fjerde største byen i New Zealand.
[endre] Geografi
North Shore grensar til Rodney District i nord, Waitemata Harbour i sør og Rangitoto Channel ved Hauraki Gulf i aust. Brua Auckland Harbour Bridge knyt det til Auckland City på sørsida av Waitemata Harbour, mens Upper Harbour Bridge knyt det til Waitakere i vest.
[endre] Transport
North Shore er knytt til sentrum av stor-Auckland-området med berre to bruer, og dermed sterkt plaga av kø i rushtida. Det har vore mykje diskusjon rundt dette problemet, men lite handling, grunna kostnadene med å lage fleire samband over Waitemata Harbour.
Byen rustar opp busstilbodet sin i perioden 2005-2008, men kritikarar hevdar at dette ikkje er nok til å kompensere for folkeauka, og at det ikkje vil løyse trafikkproblemet.