See also ebooksgratis.com: no banners, no cookies, totally FREE.

CLASSICISTRANIERI HOME PAGE - YOUTUBE CHANNEL
Privacy Policy Cookie Policy Terms and Conditions
Rangitoto Island - Wikipedia

Rangitoto Island

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Rangitoto Island (merka med raudt).
Rangitoto Island (merka med raudt).

Rangitoto Island er ei vulkansk øy i Haurakigolfen ved AucklandNew Zealand. Øya er eit kjent landemerke i Auckland, der den karakteristiske symmetriske 260 m høge toppen er synleg frå store delar av byen. Dette er den yngste og største av dei omlag 48 vulkanane som utgjer vulkanfeltet ved Auckland (The Auckland Volcanic Field). Øya vart danna etter ein serie vulkanutbrot som tok slutt for omkring 500 år sidan. Ein ventar ikkje nye utbrot her, sjølv om nye utbrot kan koma andre stader i vulkanfeltet. Toppen har eit imponerande sentralt krater.

maori tyder «Rangi» «himmel», og «toto» «blod», dette kan tyda på at øya fekk namnet sitt av maoriar som var vitne til utbrotet. Det fulle maorinamnet til Rangitoto Island er Nga Rangi-i-totongia-a Tama-te-kapua (Dagane medan Tama-te-kapua blødde). Tama-te-kapua var etter segna kaptein på Arawakanoen som førte ein av maoristammane fram til New Zealand, og han vart stygt skada i kamp på øya.

Det er ferjeturar kvar dag til øya frå Auckland, men der er ikkje høve til overnatting på Rangitoto. Ein dagstur gir likevel rikeleg høve til å gå fram og attende til toppen der det er fin utsikt over byen og Waitematahamna. Eit alternativ til fottur er å ta eit «traktortog» frå ferja og opp under toppen. Då vert det berre eit kort stykke å gå til topps.

[endre] Busetnad

Fram til utpå 1970-talet var det tett med hytter langs stranda på øya. Dei fleste av desse er rivne, ettersom det var tvilsomt om det var lovleg å byggja ute på øya heilt frå bygginga starta på 1920- og 1930-talet. Dessutan er Rangitoto no eit naturreservat. Nokre få hytter står likevel att, for å gje eit inntrykk av korleis øya kunne vera den gongen ho hyste fleire hundre menneske. Der er òg att eindel leivningar frå den andre verdskrigen på øya. Desse var ein del av forsvarsverka til hamna.

Fil:Rangitoto island from north head.jpg
Rangitoto Island sett frå North Head

[endre] Plante- og dyreliv

Rangitoto Island sett frå One Tree Hill
Rangitoto Island sett frå One Tree Hill

Der er ingen elver eller bekkar på Rangitoto, så plante- og dyrelivet er avhengig av nedbør for å klara seg. Øya er likevel for ein stor del kledd av tre og meir uvanlege plantar som t.d. bregner (Trichomanes reniforme) [1]. Der er ein større skog av naturleg frødd pohutukawa (Metrosideros excelsa) og ratatre (Metrosideros robusta). Innførte pungrevar (revekusu),(lat. Trichosurus vulpecula) (på New Zealand kalla possum)) og wallabies (ei lita kenguruart) vart fjerna seint i det 20. hundreåret.

Bregne, Gleichenia dicarpa, på Rangitoto Island
Bregne, Gleichenia dicarpa, på Rangitoto Island

På somme delar av øya ligg område med lett, svart lavastein enno oppe i dagen, ettersom dei ikkje er blitt dekka av vegetasjon.

Over ei landbru er Rangitoto knytt til den mykje eldre, ikkje-vulkanske øya Motutapu, der det er mogeleg å sjå arkeologiske restar etter maoribustader som vart øydelagde ved utbrotet til Rangitoto.

[endre] Lenkjer ut

Commons har multimedia som gjeld: Rangitoto Island
På andre språk


aa - ab - af - ak - als - am - an - ang - ar - arc - as - ast - av - ay - az - ba - bar - bat_smg - bcl - be - be_x_old - bg - bh - bi - bm - bn - bo - bpy - br - bs - bug - bxr - ca - cbk_zam - cdo - ce - ceb - ch - cho - chr - chy - co - cr - crh - cs - csb - cu - cv - cy - da - de - diq - dsb - dv - dz - ee - el - eml - en - eo - es - et - eu - ext - fa - ff - fi - fiu_vro - fj - fo - fr - frp - fur - fy - ga - gan - gd - gl - glk - gn - got - gu - gv - ha - hak - haw - he - hi - hif - ho - hr - hsb - ht - hu - hy - hz - ia - id - ie - ig - ii - ik - ilo - io - is - it - iu - ja - jbo - jv - ka - kaa - kab - kg - ki - kj - kk - kl - km - kn - ko - kr - ks - ksh - ku - kv - kw - ky - la - lad - lb - lbe - lg - li - lij - lmo - ln - lo - lt - lv - map_bms - mdf - mg - mh - mi - mk - ml - mn - mo - mr - mt - mus - my - myv - mzn - na - nah - nap - nds - nds_nl - ne - new - ng - nl - nn - no - nov - nrm - nv - ny - oc - om - or - os - pa - pag - pam - pap - pdc - pi - pih - pl - pms - ps - pt - qu - quality - rm - rmy - rn - ro - roa_rup - roa_tara - ru - rw - sa - sah - sc - scn - sco - sd - se - sg - sh - si - simple - sk - sl - sm - sn - so - sr - srn - ss - st - stq - su - sv - sw - szl - ta - te - tet - tg - th - ti - tk - tl - tlh - tn - to - tpi - tr - ts - tt - tum - tw - ty - udm - ug - uk - ur - uz - ve - vec - vi - vls - vo - wa - war - wo - wuu - xal - xh - yi - yo - za - zea - zh - zh_classical - zh_min_nan - zh_yue - zu -