See also ebooksgratis.com: no banners, no cookies, totally FREE.

CLASSICISTRANIERI HOME PAGE - YOUTUBE CHANNEL
Privacy Policy Cookie Policy Terms and Conditions
Pas-de-Calais - Wikipedia

Pas-de-Calais

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Pas-de-Calais
Våpenskjoldet til Pas-de-Calais
Plassering
Plasseringa til Pas-de-Calais i Frankrike
Administrasjon
Departmentnummer: 62
Region: Nord-Pas-de-Calais
Préfecture: Arras
Sous-préfectures: Béthune
Boulogne-sur-Mer
Calais
Lens
Montreuil-sur-Mer
Saint-Omer
Arrondissement: 7
Kantonar: 77
Kommunar: 894
Président du conseil général: Dominique Dupilet
Statistikk
Folketal Rangering 5.
 -1999 1 411 568
Folketettleik: 216/km²
Landareal¹: 6 671 km²
¹ Franske landdata, som ikkje tar med elvemunningar, innsjøar, vatn og isbrear større enn 1 km².
Frankrike

Pas-de-Calais er eit departementet sør i Frankrike. Departementet ligg i regionen Nord-Pas-de-Calais, og er kalla opp etter Doversundet, som på fransk har same namn som departementet og som ligg like nord for departementet.

Innhaldsliste

[endre] Historie

Pas-de-Calais er eit av dei 83 opphavlege departementa som vart oppretta 4. mars 1790 under den franske revolusjonen. Det vart danna frå delar av dei tidlegare provinsane Boulonnais, Ponthieu og Artois.

Området har vore busett sidan førhistorisk tid, og har etter tur vore busett av keltarar, romarar, germanske frankarar og alemannarar. På 300- og 400-talet samarbeida romarane med germanske stammer, som medverka med militær støtte langs ruta frå Boulogne til Cologne. Dette skapte ei germansk-romansk språkgrense i området, som varte fram til 700-talet. Då saksarar koloniserte området frå 400- til 700-talet strakk denne grensa seg noko lenger sørover og vestover, slik at dei fleste innbyggjarane nord for Béthune på 800-talet snakka ein dialekt av middelnederlandsk, medan innbyggjarane i sør snakka forskjellige romanske dialektar. Denne språkgrensa ser ein framleis i dag i stadnamna.

Under den første verdskrigen vart nokre av dei hardaste slaga utkjempa her, mellom anna Slaget om Vimyhøgda der kanadiarane mista mange soldatar.

Pas-de-Calais var òg mål for Operasjon Fortitude under den andre verdskrigen, som var dei allierte sin plan om å lure tyskarane til å tru at invasjonen av Europa skulle skje her, og ikkje i Normandie.

[endre] Geografi

Departementet er i dag ein del av regionen Nord-Pas-de-Calais og grenser til departementa Nord og Somme, i tillegg til Den engelske kanalen og Nordsjøen i nord og vest.

Byar med meir enn 10 000 innbyggjarar
Byar med meir enn 10 000 innbyggjarar

Dei største byane på kysten er Calais og Boulogne-sur-Mer og i Artois Lens, Liévin, Arras og Saint-Omer.

Dei viktigaste elvane er:

[endre] Økonomi

Økonomien i departementet var lenge avhengig av gruvedrift, hovudsakleg etter kol. Etter den andre verdskrigen har derimot økonomien vorte meir variert.

[endre] Demografi

Innbyggjarane i departementet vert på fransk kalla Pas-de-Calaisiens.

Pas-de-Calais er eit av departementa i Frankrike med høgaste folketettleik, og har likevel ingen storbyar. Calais har berre like over 100 000 innbyggjarar, fulgt av Boulogne-sur-Mer og Saint-Omer. Resten av folkesetnaden bur hovudsakleg langs grensa til departementet Nord i gruvedistriktet, der fleire småbyar til saman dannar eit storbyområde med om lag 1,2 millionar innbyggjarar. Sentrale og sørlege delar er meir landleg, men likevel ganske tett folkesett med mange landsbyar og småbyar.

Sjølv om nokre av dei kraftigaste kampane under den første verdskrigen vart utkjempa her tok folketalet seg raskt opp att etter begge krigane. Mange av gruvebyane har derimot opplevd stor fråflytting, og enkelte har i dag berre halvparten av innbyggjarane dei ein gong hadde.

[endre] Bakgrunnsstoff

Commons har multimedia som gjeld: Pas-de-Calais


Flagget til Frankrike Departement i Frankrike Flagget til Frankrike

Fastlands-Frankrike:
01 Ain
02 Aisne
03 Allier
04 Alpes-de-Haute-Provence
05 Hautes-Alpes
06 Alpes-Maritimes
07 Ardèche
08 Ardennes
09 Ariège
10 Aube
11 Aude
12 Aveyron
13 Bouches-du-Rhône
14 Calvados
15 Cantal
16 Charente
17 Charente-Maritime
18 Cher
19 Corrèze
2A Corse-du-Sud
2B Haute-Corse

21 Côte-d'Or
22 Côtes-d'Armor
23 Creuse
24 Dordogne
25 Doubs
26 Drôme
27 Eure
28 Eure-et-Loir
29 Finistère
30 Gard
31 Haute-Garonne
32 Gers
33 Gironde
34 Hérault
35 Ille-et-Vilaine
36 Indre
37 Indre-et-Loire
38 Isère
39 Jura
40 Landes
41 Loir-et-Cher
42 Loire

43 Haute-Loire
44 Loire-Atlantique
45 Loiret
46 Lot
47 Lot-et-Garonne
48 Lozère
49 Maine-et-Loire
50 Manche
51 Marne
52 Haute-Marne
53 Mayenne
54 Meurthe-et-Moselle
55 Meuse
56 Morbihan
57 Moselle
58 Nièvre
59 Nord
60 Oise
61 Orne
62 Pas-de-Calais
63 Puy-de-Dôme
64 Pyrénées-Atlantiques

65 Hautes-Pyrénées
66 Pyrénées-Orientales
67 Bas-Rhin
68 Haut-Rhin
69 Rhône
70 Haute-Saône
71 Saône-et-Loire
72 Sarthe
73 Savoie
74 Haute-Savoie
75 Paris
76 Seine-Maritime
77 Seine-et-Marne
78 Yvelines
79 Deux-Sèvres
80 Somme
81 Tarn
82 Tarn-et-Garonne
83 Var
84 Vaucluse
85 Vendée
86 Vienne

87 Haute-Vienne
88 Vosges
89 Yonne
90 Territoire de Belfort
91 Essonne
92 Hauts-de-Seine
93 Seine-Saint-Denis
94 Val-de-Marne
95 Val-d'Oise

Oversjøiske departement:
971 Guadeloupe
972 Martinique
973 Guyane
974 Réunion

Collectivités d'outre mer:
975 Saint-Pierre-et-Miquelon (collectivité territoriale)
976 Mayotte (collectivité departementale)
986 Wallis-et-Futuna
987 Fransk Polynesia (pays d'outre-mer)
988 Nouvelle-Calédonie (collectivité sui generis)
Saint-Barthélemy
Saint-Martin


aa - ab - af - ak - als - am - an - ang - ar - arc - as - ast - av - ay - az - ba - bar - bat_smg - bcl - be - be_x_old - bg - bh - bi - bm - bn - bo - bpy - br - bs - bug - bxr - ca - cbk_zam - cdo - ce - ceb - ch - cho - chr - chy - co - cr - crh - cs - csb - cu - cv - cy - da - de - diq - dsb - dv - dz - ee - el - eml - en - eo - es - et - eu - ext - fa - ff - fi - fiu_vro - fj - fo - fr - frp - fur - fy - ga - gan - gd - gl - glk - gn - got - gu - gv - ha - hak - haw - he - hi - hif - ho - hr - hsb - ht - hu - hy - hz - ia - id - ie - ig - ii - ik - ilo - io - is - it - iu - ja - jbo - jv - ka - kaa - kab - kg - ki - kj - kk - kl - km - kn - ko - kr - ks - ksh - ku - kv - kw - ky - la - lad - lb - lbe - lg - li - lij - lmo - ln - lo - lt - lv - map_bms - mdf - mg - mh - mi - mk - ml - mn - mo - mr - mt - mus - my - myv - mzn - na - nah - nap - nds - nds_nl - ne - new - ng - nl - nn - no - nov - nrm - nv - ny - oc - om - or - os - pa - pag - pam - pap - pdc - pi - pih - pl - pms - ps - pt - qu - quality - rm - rmy - rn - ro - roa_rup - roa_tara - ru - rw - sa - sah - sc - scn - sco - sd - se - sg - sh - si - simple - sk - sl - sm - sn - so - sr - srn - ss - st - stq - su - sv - sw - szl - ta - te - tet - tg - th - ti - tk - tl - tlh - tn - to - tpi - tr - ts - tt - tum - tw - ty - udm - ug - uk - ur - uz - ve - vec - vi - vls - vo - wa - war - wo - wuu - xal - xh - yi - yo - za - zea - zh - zh_classical - zh_min_nan - zh_yue - zu -