Manche
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Manche | |
---|---|
Våpenskjoldet til Manche | |
Plassering | |
Administrasjon | |
Departmentnummer: | 50 |
Region: | Basse-Normandie |
Préfecture: | Saint-Lô |
Sous-préfectures: | Avranches Cherbourg-Octeville Coutances |
Arrondissement: | 4 |
Kantonar: | 52 |
Kommunar: | 602 |
Président du conseil général: | Jean-François Le Grand |
Statistikk | |
Folketal | Rangering 52. |
-1999 | 481 471 |
Folketettleik: | 81/km² |
Landareal¹: | 5 938 km² |
¹ Franske landdata, som ikkje tar med elvemunningar, innsjøar, vatn og isbrear større enn 1 km². | |
Manche er eit departementet nordvest i Frankrike. Departementet ligg i regionen Basse-Normandie og er kalla opp etter La Manche («ermet»), som er fransk for Den engelske kanalen.
Innhaldsliste |
[endre] Historie
Manche er eit av dei 83 opphavlege departementa som vart oppretta 4. mars 1790 under den franske revolusjonen. Det vart danna frå delar av den tidlegare provinsen Normandie.
Den første hovudstaden var Coutances fram til 1796 då Saint-Lô overtok, men han fekk igjen denne rolla etter den andre verdskrigen, sidan Saint-Lô nesten vart heilt øydelagd under Operasjon Overlord i Normandie. Då Saint-Lô var bygd opp att vart han igjen hovudstad.
[endre] Geografi
Departementet er i dag ein del av regionen Basse-Normandie og grenser til departementa Calvados, Orne, Mayenne og Ille-et-Vilaine.
Departementet inkluderar òg halvøya Cotentin og øyane Chausey, og er omringa av Den engelske kanalen på tre sider med ei kystlinje på 350 km.
[endre] Klima
Manche har eit maritimt klima med milde vintrar der temperaturane sjeldan går under 0 ºC, og tempererte sommrar med temperaturar rundt 25 ºC. Departementet får ein god del nedbør, men dette varierar ein del i området frå rundt 700 mm i året på kysten til 1 300 mm i sørlege område.
Det er ofte ein sjøbris ved kysten, som i kombinasjon med tidvatnet gjev raske temperaturendringar i løpet av ein enkelt dag.
[endre] Demografi
Innbyggjarane i departementet vert kalla manchots eller manchois.