Côtes-d'Armor
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Côtes-d'Armor | |
---|---|
Våpenskjoldet til Côtes-d'Armor | |
Plassering | |
Administrasjon | |
Departmentnummer: | 22 |
Region: | Bretagne |
Préfecture: | Saint-Brieuc |
Sous-préfectures: | Dinan Guingamp Lannion |
Arrondissement: | 4 |
Kantonar: | 52 |
Kommunar: | 373 |
Président du conseil général: | Claudy Lebreton |
Statistikk | |
Folketal | Rangering 43. |
-1999 | 542 373 |
Folketettleik: | 79/km² |
Landareal¹: | 6 878 km² |
¹ Franske landdata, som ikkje tar med elvemunningar, innsjøar, vatn og isbrear større enn 1 km². | |
Côtes-d'Armor (bretonsk:Aodoù-an-Arvor) er eit departementet nordvest i Frankrike. Departementet ligg nord i regionen Bretagne.
Innhaldsliste |
[endre] Historie
Côtes-du-Nord var eit av dei 83 opphavlege departementa som vart oppretta 4. mars 1790 under den franske revolusjonen. Det vart danna frå delar av den tidlegare provinsen Bretagne. Namnet vart endra i 1990 til Côtes-d'Armor (ar mor tyder havet på bretonsk). Namnet har òg ein historisk samanheng til minne om den romerske provinsen Armorica.
[endre] Geografi
Departementet er i dag ein del av regionen Bretagne og grenser til departementa Finistère, Morbihan og Ille-et-Vilaine, med Den engelske kanalen i nord.
[endre] Demografi
Innbyggjarane i departementet vert på fransk kalla costarmoricains.
[endre] Kultur
Det har vore spente debattar om det bretonske språket i mange delar av Bretagne, og mange som brukar bretonsk vil ha tospråklege skular. Gallo vert òg snakka i aust og mange skular har tilbod om språket, i tillegg til universitetsgrader i det.