Den engelske kanalen
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Den engelske kanalen (engelsk The English Channel, fransk La Manche) er sundet som skil England frå Frankrike. Han er ein del av Atlanterhavet, og knyter dette til Nordsjøen. Kanalen er smalast i Doverkanalen, dvs. mellom Dover og Calais der han er 34 km breid. På det breidaste er han 240 km.
Kanaløyane Jersey og Guernsey og ein del småøyar ligg i kanalen, nærmast den franske sida. Ile d'Ouessant markerer den vestlige enden åt kanalen, Pas de Calais (engelsk The strait of Dover) den austlege.
Innhaldsliste |
[endre] Opphavet åt kanalen
Før slutten åt den siste istida, for omkring 10 000 år sidan, var Dei britiske øyane ein del av det europeiske fastlandet. Då isen smelta vart det dana ein stor ferskvannssjø i den sørlege delen av området, den som i dag er Nordsjøen. Vatn rann ut frå denne sjøen til Atlanterhavet mellom Dover og Calais.
Omkring år 6500 fvt. slipte kraftig erosjon bort kalk slik at Den engelske kanalen vart dana. Han er seinare vorten noko breidare når bølgene har tæra på kalkklippene. Denne utviklinga held fram.
[endre] Kanaltunnelen
Planane om ein tunnel under kanalen er gamle. I det 19. århundret vart det teke fleire prøver av grunnen, og gravinga byrja, men det synte seg at teknologien ikkje var komen langt nok.
Fyrst i 1994 opna Kanaltunnelen, som bind saman Cheriton i Kent på den engelske sida og Sangatte på den fransk sida. Den er ein jernbanetunnel, som vert bruka både til person- og godstransport.
[endre] Kryssingar av kanalen
Den engelske kanalen er så smal at han lett kan kryssast, men likevel eit hinder ein må forbi, både for enkeltpersonar og armear. Han er kjend som invasjonsveg for normannarane i 1066, den spanske armadaen i 1588, og den britiske hæren under D-dagen i 1944.
Medan sjøfolk har kryssa kanalen dagleg i århundre, er det og blitt gjort mange uvanlege forsøk på å koma seg over til den andre sida utan bruk av båt.
Fyrste luftferd | 7. januar 1785 vart franskmannen Jean-Pierre Blanchard og amerikanaren John Jeffries dei fyrste som kryssa kanalen med ballong. |
---|---|
Fyrste symjar | Den fyrste som sumde over kanalen var Matthew Webb, i 1875. 6. august 1926 vart Gertrude Ederle den første kvinna som gjorde dette, og ho slo samstundes mannsrekorden med to timar. |
Fyrste i fly | Den fyrste som flaug over kanalen i fly var Louis Bleriot, i 1909. |
Fyrste i menneskedrive fly | I 1979 vann Bryan Allen 100 000 pund da han vart den fyrste som til å kryssa kanalen i eit menneskedrive fly. Han hadde då trakka pedalene åt det omkring 35 kg tunge Gossamer Albatross i tri timar. |
Fyrste frie svev | 31. juli 2003 hoppa den østerrikske fallskjermhopparen Felix Baumgarter ut av eit fly omkring 9 000 m over Dover, og med vinger av karbon sigla han i fritt fall over til Calais der han opna fallskjermen. |
[endre] Siste verdsrekord
Den siste verdsrekorden som vart sett for ei kanalkryssing var då Sir Richard Branson slo rekorden for amfibiebil-kryssing med omkring seks timar den 14. juni 2004.