Erosjon
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Erosjon (latin erosio, «avgnaging») er den prosessen der ytre krefter som vind, bølger, isbreer og rennande vatn riv laus og flyttar materiale frå ein stad på jordoverflata til ein annan. Ofte deler ein erosjon inn etter kva kraft som rår, som vinderosjon, bølgeerosjon, breerosjon og elveerosjon.