Prefektur i Frankrike
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Eit prefektur (fransk préfecture) i Frankrike kan vere:
- Chef-lieu de département, administrasjonsenteret eller hovudstaden i eit departement.
- Chef-lieu de région, administrasjonssenteret i ein region
- Rettskretsen til eit préfecture.
- Den offisielle boligen eller hovudkvarteret til ein préfet.
[endre] Rolla til prefektur i departement
Det er 100 préfecture i Frankrike, eit for kvart departement. Øvste leiar er ein préfet. Prefekturet er ein administrasjon som høyrer til det franske innanriksdepartementet, og har derfor ansvaret for å levere ut legitimasjonskort, førerkort, pass, arbeids- og oppholdstillatelse for utlendingar, registrering av kjøretøy, registrerting av foreningar, og styret av politi og brannvesen.
Prefektet representerar den nasjonale regjeringa på eit lokalt nivå, og utøver på den måten makta som er grunnlovsmessig tillagt den nasjonale regjeringa.
[endre] Inndeling av departementet
Departementa er delt inn i arrondissement, som igjen er delt inn i kantonar. Chef-lieu d'arrondissement er underprefektur eller sous-préfecture. Personen som er øvste leiar vert kalla sous-préfet. Kantonane har relativt få oppgåver, og den viktigaste er den lokale organiseringa av val (kantonar fungerar som valkretsar).