Dordogne
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
- For elva med same namn, sjå elva Dordogne
Dordogne | |
---|---|
Våpenskjoldet til Dordogne | |
Plassering | |
Administrasjon | |
Departmentnummer: | 24 |
Region: | Aquitaine |
Préfecture: | Périgueux |
Sous-préfectures: | Bergerac Nontron Sarlat-la-Canéda |
Arrondissement: | 4 |
Kantonar: | 50 |
Kommunar: | 557 |
Président du conseil général: | Bernard Cazeau |
Statistikk | |
Folketal | Rangering 58. |
-1999 | 388 293 |
Folketettleik: | 43/km² |
Landareal¹: | 9 060 km² |
¹ Franske landdata, som ikkje tar med elvemunningar, innsjøar, vatn og isbrear større enn 1 km². | |
Dordogne er eit departementet sør i Frankrike. Departementet ligg i regionen Aquitaine, og er kalla opp etter elva med same namn. Préfecture (administrasjonsstad) i departementet er Périgueux. Andre sentrale byar i Dordogne er Bergerac og Sarlat.
Innhaldsliste |
[endre] Historie
Dordogne er eit av dei 83 opphavlege departementa som vart oppretta 4. mars 1790 under den franske revolusjonen. Det vart danna frå delar av den tidlegare provinsen Périgord.
[endre] Geografi
Departementet er i dag ein del av regionen Aquitaine og grenser til departementa Haute-Vienne, Corrèze, Lot, Lot-et-Garonne, Gironde, Charente-Maritime og Charente.
Dordogne er det tredje største departementet i den europeiske delen av Frankrike.
[endre] Demografi
Innbyggjarane i departementet vert kalla périgordiens eller périgourdins.
[endre] Turisme
Det er om lag 1000 slott i Dordogne, inkludert:
- Beynac
- Biron
- Bourdeilles
- Castelnaud-la-Chapelle
- Commarque
- Milandes
- Monbazillac
- Pécany
Området er best kjend for sin vakre natur, mange borger frå mellomalderen og fleire førhistoriske holer. Den mest kjende hola er Lascaux ved Montignac som viser holemaleri som er 15000 - 17000 år gamle.
[endre] Økonomi
Landbruksspesialitetar i området er raudvin, gåseleverpostei og valnøtter.
[endre] Bakgrunnsstoff
- Reiseguide for {{{2}}} frå Wikitravel
- Prefekturet si nettside
- Offisiell nettside
- Bilete frå Dordogne
- Reiseguide for Dordogne
- Landsbyar og slitt i Dordogne