Meterkonvensjonen
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Meterkonvensjonen er ein konvensjon inngått i Paris 20.mai 1875 om å opprette eit internasjonalt byrå for mål og vekt, med standardiserte måleiningar som byggjer på desimalsystemet.
Faktor | Namn | Symbol |
---|---|---|
1024 | yotta | Y |
1021 | zetta | Z |
1018 | exa | E |
1015 | peta | P |
1012 | tera | T |
109 | giga | G |
106 | mega | M |
103 | kilo | k |
102 | hekto | h |
101 | deka | da |
10−1 | desi | d |
10−2 | centi | c |
10−3 | milli | m |
10−6 | mikro | µ |
10−9 | nano | n |
10−12 | pico | p |
10−15 | femto | f |
10−18 | atto | a |
10−21 | zepto | z |
10−24 | yocto | y |
17 land underteikna konvensjonen, mellom dei Noreg. Noreg var 26. mai 1875 det første landet som ratifiserte traktaten, etter at lovforslag om overgang til metersystemet vart vedtatt 12. mai 1875. Sverige ratifiserte Meterkonvensjonen tre år seinare, Danmark i 1907.
Den første direktøren for Bureau international des Poids & Mesures var Ole Jacob Broch.
Metersystemet byggjer på meteren som grunneining for mål og vekt. Ein meter var opphavleg ein materialisering av 1/10 000 000 av avstanden frå ekvator til Nordpolen, ein kubikkdesiemeter var ein liter, medan vekta av ein kubikkcentimeter vatn ved 4° temperatur var eit gram.
Innhaldsliste |
[endre] Signaturstatar
Oversikta viser når statane signerte meterkonvensjonen; ikkje når avtalen vart ratifisert i landet.
[endre] 1875 (Opphavlege signaturstatar)
- Austerrike
- Belgia
- Danmark
- Spania
- Frankrike
- Iran
- Italia
- Noreg
- Russland
- Sverige
- Sveits
- Tyrkia
- Tyskland
[endre] 1876 til 1900
- Portugal (1876)
- Argentina (1877)
- USA (1878)
- Serbia (1879)
- Venezuela (1879)
- Romania (1884)
- Storbritannia (1884)
- Japan (1885)
- Mexiko (1890)
[endre] 1901 til 1925
- Canada (1907)
- Chile (1908)
- Uruguay (1908)
- Bulgaria (1911)
- Thailand (1912)
- Brasil (1921)
- Slovakia (1922) [seinare Tsjekkoslovakia]
- Finland (1923)
- Ungarn (1925)
- Irland (1925)
- Polen (1925)
[endre] 1926 til 1950
[endre] 1951 til 1975
- Den dominikanske republikk (1954)
- India (1957)
- Sør-Korea (1959)
- Indonesia (1960)
- Egypt (1962)
- Sør-Afrika (1964)
- Kamerun (1970)