See also ebooksgratis.com: no banners, no cookies, totally FREE.

CLASSICISTRANIERI HOME PAGE - YOUTUBE CHANNEL
Privacy Policy Cookie Policy Terms and Conditions
METAR - Wikipedia

METAR

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

METAR er ein spesiell kode for vêrobservasjonar frå ein flyplass, og står for Meteorological Aerodrome Report. Desse vert brukt av flypilotar, hovudsakleg som ein vêrbrief før dei tar av. Dei vert òg brukt av meteorologar som nyttar informasjonen til å varsle vêret. Rapportane kjem vanlegvis ti minutt på kvar heile time, og stundom ti minutt før kvar halve time. Om vêrsituasjonen skulle endre seg drastisk kan dei i tillegg sende ut oppdateringar kalla SPECI. Koden vart internasjonalt innført i 1968 og har vore modifisert fleire gonger sidan.

Ein typisk METAR rapport innheld data om temperatur, doggpunkt, vind, nedbør, skydekke, skyhøgd, sikt og lufttrykk. Dei kan òg innehalde nedbørmengder, lyn og anna informasjon som er av interesse for pilotane eller meteorologane.

I tillegg kan det leggast ved eit kortidsvarsel kalla TREND på slutten av ein METAR for å vise til sannsynlege vêrendringar dei neste to timane etter ein observasjon. Desse er på same formatet som ein TAF (Terminal Aerodrome Forecast).

Innhaldsliste

[endre] Internasjonal METAR kode

Amerikansk METAR kode er litt annleis enn World Meteorological Organization sin, som me brukar her i Noreg.

[endre] Stasjons ID

METARkoden byrjar med ein stasjon ID på fire bokstavar etter ICAO (International Civil Aviation Organization) sine flyplasskodar.

Døme: ENBR som er Bergen lufthamn.

[endre] Observasjonstidspunkt

Format: ddttmmZ

  • dd - dag i månaden
  • ttmm - time og minutt i rapporten.
  • Z - indikerer Zulu tidsone, eller UTC-tid.

Døme: 222150Z - klokka 21:50Z den 22. i månaden.

[endre] Vindstyrke og retning

Format (ein av fire):

  1. dddkkKT
  2. dddkkGkkKT
  3. dddkkKT dddVddd
  4. VRBkkKT
  • ddd - vindretninga runda av til næraste ti grader. 90 grader vert skriven 090.
  • kk - midla vindstyrke siste ti minutt i knop (KT).
  • Gkk - vindkast, viss vindkastet er meir enn 10 knop kraftigare enn vindstyrken.
  • dddVddd - Viss vindretninga har variert meir enn 60 grader siste 10 minutt og vindstyrken er større enn 3 knop. Vindretningane er gjeve i rekkefølge med klokka, t.d. 23013KT 210V250
  • VRBkk - Vist vindretninga varierar og vindstyrken er mindre enn 3 knop, t.d. VRB03KT
  • Om det er vindstille vert det skrive 000000KT

Døme: 36023G33KT - Vind frå 360 grader (nord), vindstyrke på 23 knop med vindkast på 33 knop.

[endre] Horisontal sikt

Format: VVVV, eller VVVVDv eller VVVVDv VxVxVxVxDv

  • VVVV: Den minste horisontale sikten i meter. Visst sikten er meir enn 10 km vert 9999 brukt.
  • VxVxVxVx. Den beste sikten i meter.
  • Dv: Gjev retninga med lågast eller høgast sikt, og vert skriven som ein av dei 8 kompassretningane (N, SW osv.)

Døme: 5000NW - Minste sikt er 5000 m mot nordvest.

Vanlegvis vert berre den minste sikten rapportert, men om den minste sikten er mindre enn 1500 m i ei retning, og den største sikten over 5000 m i ei anna retning, så bruker ein i tilegg gruppa for maksimal sikt og retningsindikasjonen. I USA vert sikten gjeve i miles og brøkdelar. I dette tilfellet vert VVVVVSM brukt.

[endre] Rullebanesikt

Format: RDRDR/VRVRVRVRi eller RDRDR/VRVRVRVRVVRVRVRVRi

  • RDRDR seier kva rullebane det gjeld. Første bokstaven gjev kva rullebane det gjeld visst det er parallelle rullebanar (R, C og L som er høgre, midtre eller venstre rullebane)
  • VRVRVRVR er rullebanesikten i meter. Visst sikta varierer mykje vert både minimums og maksimumsverdiar brukt, separerte med V.
  • i: Om sikten vil endre seg indikert ved D (vert lågare), U (vert høgare) eller N (ingen endring)

Døme: R10/1000V1800D. Rullebanesikta på høgre rullebane 10 er 1000 m i ein retninga og 1800 m i andre retninga, men vert lågare.

[endre] Noverande vêr

Format: w′w′

Skildrar vêret på flyplassen i observasjonstidspunktet, og består av følgjande komponentar:

[endre] Intensitet

Indikerer nedbørsintensitet.

  • − indikerer lett
  • ingen teikn føre indikerer moderat
  • + indikerer kraftig
  • VC indikerer at vêrfenomenet er observert i nærleiken men ikkje på flyplassen.

[endre] Skildring

Skildrar nedbøren.

  • MI: Grunn
  • BC: Flak
  • PR: Delvis
  • DR: Drivande (som i snøfokk)
  • BL: Blesande
  • SH: Byger
  • TS: Torevêr
  • FZ: Underkjølt

[endre] Nedbør

Gjev type nedbør.

Sludd vert skriven SNRA eller RASN.

[endre] Siktnedsettande

Gjev årsaka til nedsett sikt

  • BR: Dis (sikt > 1000 m)
  • FG: Tåke (visibility < 1000 m)
  • FU: Røyk
  • VA: Vulkansk oske
  • DU: Støv
  • SA: Sand
  • HZ: Tørrdis
  • PY: Sjøsprøyt

[endre] Andre

Døme: -RA BCFG BR - Lett regn, tåkeflak (område med sikt mindre enn 1000 m) og elles disig.

[endre] Skyer

Format: NsNsNshshshs eller VVhshshs eller SKC eller NSC eller CLR.

  • NsNsNs: Skydekke. Ein av følgjande:
    • FEW: Few (1/8–2/8)
    • SCT: Scattered (3/8–4/8)
    • BKN: Broken (5/8–7/8)
    • OVC: Overcast (8/8)
  • VV: Det er ikkje mogeleg å sjå himmelen (t.d. på grunn av tåke)
  • hshshs: Høgda opp til skybasen eller den vertikale sikten (VV) i talet på hundre fot over bakken. Visst høgda ikkje er målt vert /// brukt i staden.
  • SKC: Klår himmel
  • NSC: Ingen signifikante skyer. Viss det ikkje er skyer under 1500 m og ingen cumulonimbus i nokon høgde.
  • CLR: Ingen skyer under 3600 m (brukt i automatiske observasjonar)

Viss eit skylag har cumulonimbus eller opptårna cumulus, vert CB eller TCU brukt etter skybasehøgda.

Døme: FEW010 SCT020CB BKN070 - få skyer i 1000 ft, spredt skydekke i 2000 ft med CB-skyer og tettare skydekke i 7000 ft.

[endre] CAVOK

CAVOK står for «Ceiling and visibility OK» som erstattar gruppene for sikt, vêr og skyer visst følgjane vilkår er oppfyllt:

  • Sikta er 10 km eller meir
  • Ingen skyer under 5000 ft
  • Ingen cumulonimbusskyer
  • Ingen signifikante vêrfenomen

[endre] Temperatur og doggpunkt

Format: T′T′/T′dT′d

  • T′T′: Temperaturen runda av til næraste heile grad i Celsius.
  • T′dT′d: Doggpunktet runda av til næraste heile grad i Celsius.

Minusgrader vert skrive med ein M føre temperaturen.

Døme: 04/M02 - temperatur på 4ºC og doggpunkt på -2ºC.

[endre] Lufttrykk

Format: QPHPHPHPH

  • PHPHPHPH: Midla lufttrykk i havnivå (QNH). I enkelte land som USA og Canada vert trykket gjeve i tommar og hundredelar. I slike rapportar vert forstavinga Q erstatta med A.

Døme: Q0996 - lufttrykk midla til havnivå på 996 hPa.

[endre] Nyleg vêr

Format: REw′w′

Same kodane som for noverande vêr.

Døme: RETSRA - indikerer at det har vore torevêr med regn sidan forrige observasjon.

[endre] Vindskjer

Format: WS RWYDRDR eller WS ALL RWY

  • DRDR: Namn på rullebane. RWY tyder «runway»

Døme: WS RWY11L - indikerer vindskjer på rullebane 11L.

[endre] Trend

Bruker følgjande forkortingar i lag med andre komponentar nemnd ovanfor.

  • BECMG: Becoming - blir
  • TEMPO: Temporarily - midlertidig
  • NOSIG: Ingen signifikante endringar er venta dei neste to timane
  • AT: ved
  • FM: frå
  • TL: til

Døme: BECMG -SHRA SCT030CB TEMPO 4000 RADZ BKN010 - vêret innan dei neste to timane blir lette regnbyger, spredt skydekke i 3000 ft med cumulonimbus (og dermed torefare), midlertid sikt på 4000 m med regn og yr og nesten overskya i 1000 ft høgd.

[endre] Merknadar

Format: RMK etterfulgt av andre komponentar nemnd ovanfor og andre forkortingar.

Døme: RMK WIND 850 FT 29015 KT - merknad: vind i 850 ft er 15 knop frå retning 290 grader.

[endre] Døme på fullstendig METAR-kode

Denne er henta frå Bergen lufthamn (Flesland)

ENBR 220120Z 09006KT 050V120 9999 BKN051 07/M00 Q0984

22. i månaden kl. 0120Z. Vindstyrke 6 knop frå 90 grader (aust), men vindretninga har variert frå 50 til 120 grader siste 10 minutt. Sikt meir enn 10 km. Skydekke «broken» i 5100 ft. Temperatur 7ºC og doggpunkt 0ºC. Lufttrykk (QNH) 984 hPa.


aa - ab - af - ak - als - am - an - ang - ar - arc - as - ast - av - ay - az - ba - bar - bat_smg - bcl - be - be_x_old - bg - bh - bi - bm - bn - bo - bpy - br - bs - bug - bxr - ca - cbk_zam - cdo - ce - ceb - ch - cho - chr - chy - co - cr - crh - cs - csb - cu - cv - cy - da - de - diq - dsb - dv - dz - ee - el - eml - en - eo - es - et - eu - ext - fa - ff - fi - fiu_vro - fj - fo - fr - frp - fur - fy - ga - gan - gd - gl - glk - gn - got - gu - gv - ha - hak - haw - he - hi - hif - ho - hr - hsb - ht - hu - hy - hz - ia - id - ie - ig - ii - ik - ilo - io - is - it - iu - ja - jbo - jv - ka - kaa - kab - kg - ki - kj - kk - kl - km - kn - ko - kr - ks - ksh - ku - kv - kw - ky - la - lad - lb - lbe - lg - li - lij - lmo - ln - lo - lt - lv - map_bms - mdf - mg - mh - mi - mk - ml - mn - mo - mr - mt - mus - my - myv - mzn - na - nah - nap - nds - nds_nl - ne - new - ng - nl - nn - no - nov - nrm - nv - ny - oc - om - or - os - pa - pag - pam - pap - pdc - pi - pih - pl - pms - ps - pt - qu - quality - rm - rmy - rn - ro - roa_rup - roa_tara - ru - rw - sa - sah - sc - scn - sco - sd - se - sg - sh - si - simple - sk - sl - sm - sn - so - sr - srn - ss - st - stq - su - sv - sw - szl - ta - te - tet - tg - th - ti - tk - tl - tlh - tn - to - tpi - tr - ts - tt - tum - tw - ty - udm - ug - uk - ur - uz - ve - vec - vi - vls - vo - wa - war - wo - wuu - xal - xh - yi - yo - za - zea - zh - zh_classical - zh_min_nan - zh_yue - zu -