See also ebooksgratis.com: no banners, no cookies, totally FREE.

CLASSICISTRANIERI HOME PAGE - YOUTUBE CHANNEL
Privacy Policy Cookie Policy Terms and Conditions
Støvkvervel - Wikipedia

Støvkvervel

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Støvkvervel i Johnsonville, South Carolina, USA
Støvkvervel i Johnsonville, South Carolina, USA

Ein støvkvervel, kvervelvind eller dust devil er ei roterande luftsøyle som kan vere alt frå ein halv meter i diameter til over 10 meter. Høgda på dei kan variere frå eit par meter til over 1000 meter.

Støvkvervlar er vanlegvis ufarlege, men i sjeldne tilfelle kan dei vekse seg så pass store at dei kan gjere skade på menneske og eigedom. Dei kan samanliknast med tornadoar sidan dei begge er uvanlege vêrfenomen og roterande luftsøyler. Tornadoar blir derimot danna i samband med synkande luft i kraftige toreskyer, medan støvkvervlar blir danna av stigande luft når det ofte er sol og fint vêr. Dei kjem sjeldan opp mot intensiteten til tornadoar.

Innhaldsliste

[endre] Korleis dei oppstår

Støvkvervlar oppstår når svært varm luft nær overflata stig raskt gjennom små lommer med kjølegare luft i høgda over. Visst forholda ligg til rette for det, kan dei byrje å rotere. Når lufta plutseleg stig, kan den varme lufta bli strekt ut vertikalt. Dette fører til ein auka rotasjon som følgje av prinsippet om bevaring av angulært moment. Rotasjonseffekten gjer at varm luft vil strøyme inn mot botn av kvervelen. Når meir varm luft støymer inn i mot kvervelen for å erstatte den stigande lufta, vil rotasjonseffekten auke og oppretthalde seg sjølv. Ein støvkvervel er som ein traktforma skorstein der varm luft strøymer oppover i roterande rørsle. Til slutt vil den varme lufta bli avkjølt og synke ned att gjennom midten av kvervelen. Denne kjølegare lufta balanserar den roterande varmlufta på utsida og gjer systemet stabilt.

Rotasjonseffekten, i lag med friksjon på overflata, skapar eit momentum som flyttar kvervelen framover. Dette gjer at støvkvervelen kan oppretthalde seg sjølv lenger ved å flytte seg over nærliggande kjelder med varm luft. Støvpartiklar blir sugd inn i kvervelen og fører til luftmotstand som senkar farten på systemet.

Når den tilgjengelege varme lufta nær overflata har forsvunne opp i støvkvervelen vil til slutt kjølegare luft bli sugd inn i kvervelen. Når dette skjer kan støvkvervelen forsvinne i løpet av få sekund. Vanlegvis skjer dette når støvkvervelen ikkje flyttar seg raskt nok, eller flyttar seg over ei kjølegare overflate.

Visse vilkår aukar sjansen for at ein støvkvervel skal oppstå.

  • Flatt terreng, ørken eller asfalt: Flate forhold aukar sjansen for at den varme lufta som strøymer inn i kvervelen meir eller mindre er konstant. Støv og sand som blir fanga av kvervelen fører til at den blir lett synleg.
  • Klår himmel eller lite skyer Overflata må absorbere store mengder solenergi for å varmast opp så pass mykje at ein støvkvervel kan oppstå.
  • Lite eller ingen vind og kjølegare temperatur i atmosfæren over Ein av dei viktigaste faktorane for å få danna ein støvkvervel er den store temperaturskilnaden mellom lufta like over bakken og lufta over. Visst ein har vind vil dette destabilisere rotasjonseffekten til ein støvkvervel.

[endre] Intensitet

Dei fleste støvkvervlar blir danna i varmt og tørt vêr, og rekk sjeldan meir enn eit par meter opp i høgda. Sjølv om dei kan oppstå kor som helst, er dei lettast å sjå på støvete jorde eller i ørkenar, der støvpartiklane gjer dei lett synlege.

Fenomenet kan òg observerast når dei oppstår over asfalt eller betong, og bles søppel og løv i sirklar på overflata.

Typisk diameter på ein støvkvervel er mellom 3 og 100 m, med ei gjennomsnittleg høgd på mellom 150 og 300 m. Støvkvervlar varer vanlegvis eit par minutt før dei døyr ut, men under optimale forhold kan dei vare i fleire titals minutt.

Visse støvkvervlar kan nå ein intensitet lik ein F0 tornado, og kan då føre til øydeleggingar og skade på menneske. I mai 2006 løfta ein støvkvervel i North Dakota ei fire år gamal jente og trampolina ho leika på omlag 8 meter opp i lufta.

[endre] Elektrisk aktivitet

Ein har nyleg funne ut at sjølv dei minste støvkvervlane kan produsere radiostøy og elektriske felt større enn 10 000 volt per meter.

[endre] Støvkvervlar på planeten Mars

Støvkvervlar kan òg oppstå på planeten Mars, og blei først fotografert av Vikingsondar på 1970-talet. Støvkvervlar på Mars kan vere opp til femti gonger så breie og ti gonger så høge som her på Jorda, og kan føre til skadar på utstyr som er sent til Mars frå Jorda.

Marskjøretøyet Spirit rover har teke bilete av støvkvervlar på Mars, og i mars 2005 kom den ut for ein kvervel som tilfeldigvis fjerna støv og skit frå solpanelet til kjøretøyet.

I tillegg har ein observert ein storskala syklon på Mars.

Støvkvervel på Mars, fotografert av marskjøretøyet Spirit. Teljaren i nedre venstre hjørne er tida i sekund etter at første bilete blei tatt. Tre andre støvkvervlar kan så vidt skimtast i bakgrunnen.
Støvkvervel på Mars, fotografert av marskjøretøyet Spirit. Teljaren i nedre venstre hjørne er tida i sekund etter at første bilete blei tatt. Tre andre støvkvervlar kan så vidt skimtast i bakgrunnen.

[endre] Referansar


[endre] Lenkjer ut

Commons har multimedia som gjeld: Støvkvervel


aa - ab - af - ak - als - am - an - ang - ar - arc - as - ast - av - ay - az - ba - bar - bat_smg - bcl - be - be_x_old - bg - bh - bi - bm - bn - bo - bpy - br - bs - bug - bxr - ca - cbk_zam - cdo - ce - ceb - ch - cho - chr - chy - co - cr - crh - cs - csb - cu - cv - cy - da - de - diq - dsb - dv - dz - ee - el - eml - en - eo - es - et - eu - ext - fa - ff - fi - fiu_vro - fj - fo - fr - frp - fur - fy - ga - gan - gd - gl - glk - gn - got - gu - gv - ha - hak - haw - he - hi - hif - ho - hr - hsb - ht - hu - hy - hz - ia - id - ie - ig - ii - ik - ilo - io - is - it - iu - ja - jbo - jv - ka - kaa - kab - kg - ki - kj - kk - kl - km - kn - ko - kr - ks - ksh - ku - kv - kw - ky - la - lad - lb - lbe - lg - li - lij - lmo - ln - lo - lt - lv - map_bms - mdf - mg - mh - mi - mk - ml - mn - mo - mr - mt - mus - my - myv - mzn - na - nah - nap - nds - nds_nl - ne - new - ng - nl - nn - no - nov - nrm - nv - ny - oc - om - or - os - pa - pag - pam - pap - pdc - pi - pih - pl - pms - ps - pt - qu - quality - rm - rmy - rn - ro - roa_rup - roa_tara - ru - rw - sa - sah - sc - scn - sco - sd - se - sg - sh - si - simple - sk - sl - sm - sn - so - sr - srn - ss - st - stq - su - sv - sw - szl - ta - te - tet - tg - th - ti - tk - tl - tlh - tn - to - tpi - tr - ts - tt - tum - tw - ty - udm - ug - uk - ur - uz - ve - vec - vi - vls - vo - wa - war - wo - wuu - xal - xh - yi - yo - za - zea - zh - zh_classical - zh_min_nan - zh_yue - zu -