Josef Stalin
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Josef Stalin (18. desember [6. desember juliansk kalender] 1878–5. mars 1953) var den andre leiaren for det sovjetiske kommunistpartiet og den reelle leiaren av Sovjetunionen frå midt på 1920-talet til han døydde.
Stalin sitt eigentlege namn var Ioseb Dzjughasjvili (georgisk იოსებ ჯუღაშვილი), på russisk Iosif Vissarionovitsj Dzjugasjvili (Иосиф Виссарионович Джугашвили). Pseudonymet Stalin (russisk Сталин) tyder stålmannen. Han blei fødd i Gori i Georgia der han voks opp i fattige kår. Han fekk utdanninga si på eit presteseminar i heimstaden. Medan han studerte, var han aktivt med i ulovleg politisk arbeid. Han blei utvist frå skulen i 1899 sidan han ikkje møtte fram ved eksamen.
Stalin blei medlem i det russiske sosialdemokratiske partiet same året, og etter splittinga i partiet blei han med bolsjevikane. Han blei vald inn i sentralkomitéen i 1912 og stod for partiorganet Pravda. Etter revolusjonen blei Stalin generalsekretær i kommunistpartiet i 1922. Dette var ei reint administrativ stilling, men Stalin brukte ho til i løynd å byggje opp maktbasisen sin, gjennom å kontrollere kven som kunne gjere karriere i systemet.
Utover 1920-talet festa Stalin gradvis grepet. Han utmanøvrerte motstandarane og konkurrentane sine i partiet, og hadde frå slutten av tiåret all makt i landet. Denne allmakta, som i stor grad bygde på kontrollen over det politiske politiet, brukte han mellom anna til å setje igang ei svært valdeleg tvangskollektivisering av jordbruket og ei svært rask industrialisering frå 1929 av, og ei omfattande utreinsking i partiet og hæren frå 1936 av. Svært mange menneske hamna i fangeleirsystemet Gulag eller blei skotne.
Under andre verdskrigen viste det seg at trass i terroren og utreinskingane i offiserskorpset hadde Sovjetunionen likevel blitt styrkt som industri- og militærmakt, slik at landet mesta aleine vann sigeren over Hitler-Tyskland. Men tapa var store både i menneskeliv og materielt. Ein reknar med at minst 25 millionar sovjetiske statsborgarar mista livet under andre verdskrigen. Stalin stod i 1945 på høgda av prestisjen sin, og hadde militær kontroll over Aust-Europa, men leidde eit blodtappa land som for ein stor del var ein ruin.
Da den kalde krigen mellom Sovjetunionen og USA begynte like etter andre verdskrigen, blei jerngrepet om befolkninga stramma (igjen), og ikkje før Stalin var død kunne den allmenne frykten sleppe taket, og dei fleste gjenverande fangane i Gulag blei sleppte fri.
[endre] Sjå òg