See also ebooksgratis.com: no banners, no cookies, totally FREE.

CLASSICISTRANIERI HOME PAGE - YOUTUBE CHANNEL
Privacy Policy Cookie Policy Terms and Conditions
Gjedde - Wikipedia

Gjedde

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Gjedde

Gjedde
Gjedde

Systematikk
Rike: Animalia
Rekkje: Chordata
Klasse: Actinopterygii
Orden: Esociformes
Familie: Esocidae
Slekt: Esox
Art: E. lucius
Vitskapleg namn
Esox lucius

Gjedde (Esox lucius) er ein stor rovfisk som lever i ferskvatn og brakkvatn i kalde og tempererte strok over heile den nordlege halvkulen. I Noreg er han vanlegast på Austlandet og i Finnmark, som regel på stadar med tett vegetasjon.

[endre] Kjenneteikn

Gjedda er ein særs avlang fisk med finnene plassert langt bak på kroppen for akselerasjonen si skuld. Fargen varierar frå vatn til vatn, men skal fungera som kamuflasje. Gjedda er underbitt, og har særs kraftige kjever. Alt dette er gode tilpassingar til livet som snikjegar.

Dei største gjeddene kan bli opptil 35 kg tunge og 1,5 m lange. Dei største eksemplara her til lands har "berre" voge 18 kg. Det er stor skilnad på ho og hann, hoa er opp til fem gonger så stor. Hannen har maksvekt på 8 kg (I Noreg 3,5 kg) og maksimallengd på ein meter.

[endre] Levesett

Gjedda lever åleine i vatn med mykje vegetasjon. Ho er ein effektiv jegar, med bakholdsangrep som den viktigaste jaktteknikken. Som regel står fisken stille i sivet og ventar på at eit passande byttedyr skal koma nær nok til at han kan hogga til. Føda til gjedda omfattar dei fleste fisk som er mindre enn gjedda sjølv, men på grunn av piggane lærar dei fort å unngå stingsild. Dei et òg frosk, symjande smågnagarar og unger av symjefugl.


Gjedda kan m.a. eta frosk
Gjedda kan m.a. eta frosk

[endre] Formeiring

Gjedda gyter i tett vegetasjon på grunt vatn tidleg på våren. Talet på egg er avhengig av storleiken på hoa; ei ho på 10 kg legg opp til 300 000. Ofte vert hoa fulgd av to hannar under gytinga.

Egga klistrar seg til botnen eller vegetasjonen og klekkast etter 2-3 veker. Dei første to vekene lever larvane av plommesekken sin, før dei får munn og går over til å jakta på dyreplankton og insektlarvar. Yngelen er sjølv bytte for dei fleste større fisk, òg vaksne gjedder.


aa - ab - af - ak - als - am - an - ang - ar - arc - as - ast - av - ay - az - ba - bar - bat_smg - bcl - be - be_x_old - bg - bh - bi - bm - bn - bo - bpy - br - bs - bug - bxr - ca - cbk_zam - cdo - ce - ceb - ch - cho - chr - chy - co - cr - crh - cs - csb - cu - cv - cy - da - de - diq - dsb - dv - dz - ee - el - eml - en - eo - es - et - eu - ext - fa - ff - fi - fiu_vro - fj - fo - fr - frp - fur - fy - ga - gan - gd - gl - glk - gn - got - gu - gv - ha - hak - haw - he - hi - hif - ho - hr - hsb - ht - hu - hy - hz - ia - id - ie - ig - ii - ik - ilo - io - is - it - iu - ja - jbo - jv - ka - kaa - kab - kg - ki - kj - kk - kl - km - kn - ko - kr - ks - ksh - ku - kv - kw - ky - la - lad - lb - lbe - lg - li - lij - lmo - ln - lo - lt - lv - map_bms - mdf - mg - mh - mi - mk - ml - mn - mo - mr - mt - mus - my - myv - mzn - na - nah - nap - nds - nds_nl - ne - new - ng - nl - nn - no - nov - nrm - nv - ny - oc - om - or - os - pa - pag - pam - pap - pdc - pi - pih - pl - pms - ps - pt - qu - quality - rm - rmy - rn - ro - roa_rup - roa_tara - ru - rw - sa - sah - sc - scn - sco - sd - se - sg - sh - si - simple - sk - sl - sm - sn - so - sr - srn - ss - st - stq - su - sv - sw - szl - ta - te - tet - tg - th - ti - tk - tl - tlh - tn - to - tpi - tr - ts - tt - tum - tw - ty - udm - ug - uk - ur - uz - ve - vec - vi - vls - vo - wa - war - wo - wuu - xal - xh - yi - yo - za - zea - zh - zh_classical - zh_min_nan - zh_yue - zu -