Eg synger jolekvad
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
«Eg synger jolekvad» er ei nynorsk omsetjing av den tysk-latinske salmen «In dulci jubilo» frå 1300-talet. Songen handler om gleda over at frelsaren er fødd, og er ein utbreidd norsk julesong, også kjend i bokmålsomsetjinga «Jeg synger julekvad».
Første verset av teksten vert tilskriven dominikanaren Henrik Suso som døydde i 1366, mens dei tre neste versa truleg er skrivne til seinare. Salmen er opphavleg skriven som eit makaronisk dikt, det vil seie med vers som vekslar mellom to ulike språk. Slike dikt er kjende frå 900-talet i folkeleg dikting, og kom med denne salmen òg inn i den kyrkjelege diktinga. I Hans Thomissøns Psalmebog frå 1569 vart den tyske teksten omsett til dansk. Ved reformasjonen vart latinske salmar elles omsette til morsmålet for kyrkjebruk, men nokre slike tospråklege salmar vart ståande enno ei tid i salmebøkene som vart bruka i Danmark-Noreg.
Teksten som i dag vert bruka på bokmål og nynorsk byggjer på Martin Luthers tyske gjendikting frå 1533. Landstad si gjendikting vart første gongen trykt som nr. 30 i hans Jule-Salmer i 1856 som «Jeg synger Frydekvad». I Landstads kirkesalmebog fekk salmen den forma vi kjenner på bokmål i dag, om lag slik han er trykt i Norsk salmebok. Bernt Støylen omsette salmen til nynorsk i 1905 på grunnlag av M.B. Landstads gjendikting.
I Svenska psalmboken er salmen tatt med i tospråkleg verseform.
Innhaldsliste |
[endre] Engledikt
I ei forteljing om dominikanarmunken Henrik Suso vert det fortalt at Gud sende ein engel som ein himmelsk spelemann med eit følgje for å trøyste den lidande munken. Han skulle ikkje tenkje meir på plagane sine, men gje seg i lag i engledansen. Så tok englane Suso i handa, drog han med i dansen medan ein av dei song «In dulci jubilo». Då vart Suso vel til mote, og alle plagane hans forsvann.
Suso skal ha høyrd songen på mikkelsmesse; salmen var opphavleg ikkje ein julesong, men ein rekkjedans som vart framførd som ei hylling til jomfru Maria. På Suso si tid song dei berre eitt vers, dette vart sunge opp att fleire gonger. I hundreåret som følgde kom fleire vers til. Seinare vart salmen bruka i kyrkjelege julespel. Martin Luther gav salmen den forma som er kjend i Noreg i dag.
[endre] Melodien
Den eldste kjente melodikjelda er frå rundt 1420, og denne melodien er, med små endringar, enno i bruk. Frå mellomalderen finst det òg andre melodiar til salmen.
Den mest kjende melodisatsen stammar frå Johann Walter, og det finst talrike vidare bearbeidingar, som koralforspelet til Johann Sebastian Bach og ein kantate komponert av Dietrich Buxtehude. I 1976 hadde Mike Oldfield ein populærversjon av melodien på LP-en Boxed.
[endre] Første verset i dei eldste kjeldene
[endre] I Val. Babst Gesangbuch (1545)
|
[endre] Hos Hans Thomissøn (1569)
|
[endre] I Landstads Kirkesalmebog (1869):
|
[endre] Bernt Støylens nynorske omsetjing (1905):
|
[endre] Kjelder
- Johannes N. Skaar 1879: Norsk salmehistorie
- Kristen sang og musikk Runa forlag 1962 (red. Lars Aanestad, Karsten Ekorness, Sigurd Lunde og Johan B. Straume)
- Cappelens musikkleksikon, Cappelen forlag, 1979, (red. Kari Michelsen) ISBN 82-02-03687-9.
[endre] Bakgrunnsstoff
- «In dulci jubilo» på latin og svensk på Wikisource
- Tekst og melodi i ulike versjonar frå Tyskland og Nederland
Advent: Adventskrans - Adventsstjerne - Luciadagen Julefeiringar: Litle julaftan - Julaftan - Juledag - Andre juledag - Tredje juledag Julemat: Julekaker - Juleøl - Lutefisk - Pinnekjøt - Ribbe Julemusikk: Julesongar Julefigurar: Jesusbarnet - Julenissen - Tre vise menn Julepynt: Julekrybbe - Juletre Anna: Juleevangeliet - Julefred - Julekort |