Litle julaftan
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Litle julaftan er dagen før julafta, den 23. desember.
[endre] Norske tradisjonar
I Noreg vart dagen tradisjonelt kalla torlaksmesse eller tollesmesse. Tollesmessdagen gjorde ein reint i husa, bytta sengehalm og la reint på sengene.
For mange er det tradisjon å pynte juletre denne dagen og gjere dei siste førebuingane før sjølve julaftan. Dei siste åra har litlejulaftan vore den dagen i året då butikkane har hatt størst omsetting, som følgje av julehandel.
Eit nytt element i feiringa av dagen før julaften er Grevinnen og hovmesteren, eit kort, humoristisk fjernsynsprogram som har vore sendt kvar 23. desember på NRK dei siste 25-30 åra og sett av mange. I 2003 vart til dømes programmet sett av 1,4 millionar nordmenn.
[endre] Feiringar elles i verda
I Oaxaca i Mexico er dagen kjend som Noche de Rabanos, reddikkvelden, etter ei mengd raude og kvite reddikar som blir skorne ut i jule- eller andre motiv til denne kvelden.
Advent: Adventskrans - Adventsstjerne - Luciadagen Julefeiringar: Litle julaftan - Julaftan - Juledag - Andre juledag - Tredje juledag Julemat: Julekaker - Juleøl - Lutefisk - Pinnekjøt - Ribbe Julemusikk: Julesongar Julefigurar: Jesusbarnet - Julenissen - Tre vise menn Julepynt: Julekrybbe - Juletre Anna: Juleevangeliet - Julefred - Julekort |