See also ebooksgratis.com: no banners, no cookies, totally FREE.

CLASSICISTRANIERI HOME PAGE - YOUTUBE CHANNEL
Privacy Policy Cookie Policy Terms and Conditions
Juleevangeliet - Wikipedia

Juleevangeliet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Fødselen til Jesus og openberringa av englane for gjetarane er skildra i juleevangeliet. Illustrasjon frå Bamberger Apokalypse frå rundt år 1000.
Fødselen til Jesus og openberringa av englane for gjetarane er skildra i juleevangeliet. Illustrasjon frå Bamberger Apokalypse frå rundt år 1000.

Juleevangeliet eller joleevangeliet er ei nemning på forteljinga i Bibelen om då Jesus Kristus vart fødd. Forteljinga har kome til å stå sentralt i feiringa av jul. Forteljinga står i Lukasevangeliet kapittel 2, vers 1 til 20.

[endre] Forteljinga

Keisar Augustus av Romarriket lét lysa ut at det skulle takast manntal over heile verda. Foreldra til Jesus, Josef og Maria, reiste då til Betlehem, byen til kong David I av Israel.

Dei strevde med å skaffa husly, men fekk til slutt plass i ein stall. Der fødde Maria Jesus.

Nokre gjetarar på markene utanfor Betlehem fekk ei openberring:

9 Best det var, stod ein engel frå Herren framfor dei, og Herrens herlegdom lyste kringom dei. Då vart dei fælande redde.
10 Men engelen sa til dei; «Ver ikkje redde! Eg kjem med bod til dykk om ei stor glede som skal timast alt folket.
11 I dag er det fødd dykk ein frelsar i Davids by; han er Kristus, Herren.
12 Og det skal de ha til teikn. De skal finna eit barn som er sveipt og ligg i ei krubbe.

Frå nynorskomsetjinga av nytestamentet frå 1978


[endre] Bruk

Juleevangeliet blir ofte gjenskapt i julekrybbe.
Juleevangeliet blir ofte gjenskapt i julekrybbe.

Juleevangeliet blir naturleg nok lese mykje rundt juletider. Juleevangeliet var tidlegare preiketekst i norske kyrkjer juledagen. No vert det i staden ein del av gudstenesta i kyrkja julaftan. Det vert òg lese i heimar og på samlingar i advents- eller sjølve juletida.

Forteljinga er blitt gjenskapt talrike gonger i julespel og julekrybber, opphavleg i kyrkjer, seinare også i heimar, på skular og som julepynt andre stader.

[endre] Bakgrunnsstoff

Commons har multimedia som gjeld: Juleevangeliet

* Kake * Gåver * Tre* Jul *Tre * Gåver * Kake *

Advent: Adventskrans - Adventsstjerne - Luciadagen Julefeiringar: Litle julaftan - Julaftan - Juledag - Andre juledag - Tredje juledag Julemat: Julekaker - Juleøl - Lutefisk - Pinnekjøt - Ribbe Julemusikk: Julesongar Julefigurar: Jesusbarnet - Julenissen - Tre vise menn Julepynt: Julekrybbe - Juletre Anna: Juleevangeliet - Julefred - Julekort


aa - ab - af - ak - als - am - an - ang - ar - arc - as - ast - av - ay - az - ba - bar - bat_smg - bcl - be - be_x_old - bg - bh - bi - bm - bn - bo - bpy - br - bs - bug - bxr - ca - cbk_zam - cdo - ce - ceb - ch - cho - chr - chy - co - cr - crh - cs - csb - cu - cv - cy - da - de - diq - dsb - dv - dz - ee - el - eml - en - eo - es - et - eu - ext - fa - ff - fi - fiu_vro - fj - fo - fr - frp - fur - fy - ga - gan - gd - gl - glk - gn - got - gu - gv - ha - hak - haw - he - hi - hif - ho - hr - hsb - ht - hu - hy - hz - ia - id - ie - ig - ii - ik - ilo - io - is - it - iu - ja - jbo - jv - ka - kaa - kab - kg - ki - kj - kk - kl - km - kn - ko - kr - ks - ksh - ku - kv - kw - ky - la - lad - lb - lbe - lg - li - lij - lmo - ln - lo - lt - lv - map_bms - mdf - mg - mh - mi - mk - ml - mn - mo - mr - mt - mus - my - myv - mzn - na - nah - nap - nds - nds_nl - ne - new - ng - nl - nn - no - nov - nrm - nv - ny - oc - om - or - os - pa - pag - pam - pap - pdc - pi - pih - pl - pms - ps - pt - qu - quality - rm - rmy - rn - ro - roa_rup - roa_tara - ru - rw - sa - sah - sc - scn - sco - sd - se - sg - sh - si - simple - sk - sl - sm - sn - so - sr - srn - ss - st - stq - su - sv - sw - szl - ta - te - tet - tg - th - ti - tk - tl - tlh - tn - to - tpi - tr - ts - tt - tum - tw - ty - udm - ug - uk - ur - uz - ve - vec - vi - vls - vo - wa - war - wo - wuu - xal - xh - yi - yo - za - zea - zh - zh_classical - zh_min_nan - zh_yue - zu -