Julekrybbe
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Julekrybbe er ei nemning på ei kunstnarleg framstilling av hendingane då Jesus vart fødd i Betlehem. Ei julekrybbe vert gjerne utgjort av figurar utskorne i tre, til minne om hendingane skildra i Juleevangeliet. Julekrybber vert nytta i samband med feiringa av jul i fleire land der kristendomen er vanleg religion. På (engelsk:) vert ei julekrybbe kalla Nativity scene, crib eller crèche; (spansk:) Belen (dvs. Betlehem), presebre (i f.eks. Argentina) eller nacimento (f.eks. i Mexico); (tysk:) Weihnachtskrippe; (fransk:) Crèche de Noël; (italiensk:) Presepe.
Julekrybba syner vanlegvis Jesus liggjande i ei krybbe i ein stall (eller i ei hole innretta for dyr). Josef og Maria er sentrale figurar. Over det heile kan Betlehemsstjerna lysa. Heilage tre kongar kan verta synt medan dei kjem med gåver.
[endre] Lenkjer ut
Advent: Adventskrans - Adventsstjerne - Luciadagen Julefeiringar: Litle julaftan - Julaftan - Juledag - Andre juledag - Tredje juledag Julemat: Julekaker - Juleøl - Lutefisk - Pinnekjøt - Ribbe Julemusikk: Julesongar Julefigurar: Jesusbarnet - Julenissen - Tre vise menn Julepynt: Julekrybbe - Juletre Anna: Juleevangeliet - Julefred - Julekort |