See also ebooksgratis.com: no banners, no cookies, totally FREE.

CLASSICISTRANIERI HOME PAGE - YOUTUBE CHANNEL
Privacy Policy Cookie Policy Terms and Conditions
Julemat - Wikipedia

Julemat

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Dansk julemiddag (Foto: Malene Thyssen)
Dansk julemiddag (Foto: Malene Thyssen)

Julemat er nemninga på maten ein et i jula. Mange tradisjonelle retter blir servert bare i samband med denne høgtida.

Maten i juletida er prega av å vere søt, feit og rikesleg. I dei gamle dagane var dette eit overdådig avbrekk frå den magre kvardagskosten ein hadde om vinteren. Også i romslegare tider har julematen bore preg av luksus og fråtsing som skilde seg frå det daglege, til dømes ved at ein et meir enn ein klarer, eller ved at ein byr på store mengder sjokolade, nøtter eller eksotisk frukt.

Christmas Time av Sophie Gengembre Anderson viser ein kalkun før han er blitt julemiddag.
Christmas Time av Sophie Gengembre Anderson viser ein kalkun før han er blitt julemiddag.

Innhaldsliste

[endre] Julerettar

[endre] Middagsrettar

Vanlege julemiddagar i Noreg
Rett Kvar Et dette på julaftan¹
Ribbe Tradisjonell mat på Austlandet og i Midt-Noreg 56%
Pinnekjøt Tradisjonell mat på Vestlandet 31%
Kalkun Nyare juletradisjon, helst i byane 6%
Svinesteik eller svinekam Helst i byane 4%
Lutefisk Spreidd i Austlandet, innlandet og Nord-Noreg 2%
Torsk Sørlandet 1%
¹I følge ei spørjeundersøking blant 1000 nordmenn gjort av Research International i 2003. Ei tilsvarande landsdekkjande undersøking i 2005 gav nøyaktig same resultat.

Tabellen til høgre viser dei vanlegaste julerettane i Noreg. Nokre hovudrettar blir bare etne ved juletider, eller er eit typisk middagsval julaften. Ofte blir det servert fleire kjøtrettar, som medisterkaker, sylte og pølser, i tillegg til hovudretten. Også tilbehøyret er tradisjonsbunde og kan vera til dømes poteter, kålrabistappe, surkål, sennep og tyttebærsyltetøy.

Risgraut er òg ein juleprega hovudrett som ofte blir servert tidleg på dagen julaften, eller ein annan dag i jula.

Riskrem med ein skjult mandel er ein typisk juledessert i heile Skandinavia. (Foto: Malene Thyssen)
Riskrem med ein skjult mandel er ein typisk juledessert i heile Skandinavia. (Foto: Malene Thyssen)

[endre] Søtmat

Julemiddagen blir gjerne følgd opp med ein søt dessert, til dømes riskrem, multekrem eller sjokolademousse.

Ei tid etter middagen har ein ofte kaffi og kaker, både store kaker, som bløtkake og delfiakake, og småkaker.

[endre] Matleikar

Ein kan leggja mykje sjel i eit peparkakehus.
Ein kan leggja mykje sjel i eit peparkakehus.

Nokre typar julemat kan ein leika med, til dømes ved å baka peparkaker i ulike fasongar, bygga peparkakehus eller bruka dei som juletrepynt. Mange familiar har tradisjon med å ha ein mandel i risgrauten eller riskremen som ein blir premiert for å finna, gjerne med ein marsipangris. I Storbritannia finst ein tilsvarande skikk med å gøyma ein penny i plumpuddingen.

[endre] Bakgrunnsstoff

Commons har multimedia som gjeld: Julemat

[endre] Kjelder

* Kake * Gåver * Tre* Jul *Tre * Gåver * Kake *

Advent: Adventskrans - Adventsstjerne - Luciadagen Julefeiringar: Litle julaftan - Julaftan - Juledag - Andre juledag - Tredje juledag Julemat: Julekaker - Juleøl - Lutefisk - Pinnekjøt - Ribbe Julemusikk: Julesongar Julefigurar: Jesusbarnet - Julenissen - Tre vise menn Julepynt: Julekrybbe - Juletre Anna: Juleevangeliet - Julefred - Julekort


aa - ab - af - ak - als - am - an - ang - ar - arc - as - ast - av - ay - az - ba - bar - bat_smg - bcl - be - be_x_old - bg - bh - bi - bm - bn - bo - bpy - br - bs - bug - bxr - ca - cbk_zam - cdo - ce - ceb - ch - cho - chr - chy - co - cr - crh - cs - csb - cu - cv - cy - da - de - diq - dsb - dv - dz - ee - el - eml - en - eo - es - et - eu - ext - fa - ff - fi - fiu_vro - fj - fo - fr - frp - fur - fy - ga - gan - gd - gl - glk - gn - got - gu - gv - ha - hak - haw - he - hi - hif - ho - hr - hsb - ht - hu - hy - hz - ia - id - ie - ig - ii - ik - ilo - io - is - it - iu - ja - jbo - jv - ka - kaa - kab - kg - ki - kj - kk - kl - km - kn - ko - kr - ks - ksh - ku - kv - kw - ky - la - lad - lb - lbe - lg - li - lij - lmo - ln - lo - lt - lv - map_bms - mdf - mg - mh - mi - mk - ml - mn - mo - mr - mt - mus - my - myv - mzn - na - nah - nap - nds - nds_nl - ne - new - ng - nl - nn - no - nov - nrm - nv - ny - oc - om - or - os - pa - pag - pam - pap - pdc - pi - pih - pl - pms - ps - pt - qu - quality - rm - rmy - rn - ro - roa_rup - roa_tara - ru - rw - sa - sah - sc - scn - sco - sd - se - sg - sh - si - simple - sk - sl - sm - sn - so - sr - srn - ss - st - stq - su - sv - sw - szl - ta - te - tet - tg - th - ti - tk - tl - tlh - tn - to - tpi - tr - ts - tt - tum - tw - ty - udm - ug - uk - ur - uz - ve - vec - vi - vls - vo - wa - war - wo - wuu - xal - xh - yi - yo - za - zea - zh - zh_classical - zh_min_nan - zh_yue - zu -