Atomvåpen
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Eit atomvåpen, eller eit kjernefysisk våpen, er eit våpen med enorme øydeleggjande krefter som brukar energien frå ein kjernefysisk reaksjon som sprengkraft. Eitt enkelt atomvåpen kan øydeleggje ein heil by, noko som vart vist under andre verdskrigen da USA bomba dei japanske byane Hiroshima og Nagasaki i august 1945. Dette er dei éinaste gongene atomvåpen har vorte nytta i krigshandlingar, men prøvesprengingar har vorte gjort fleire hundretals gonger av ulike land.
Sprengkrafta blir målt i antal kg, eller tonn TNT som A-bomba tilsvarer.. Den første atombomba vart prøvesprengt i New Mexico, USA, 16. juli 1945.
Dei kjende atommaktene er USA, Russland, Storbritannia, Frankrike, Kina, India og Pakistan. I tillegg er det fleire land som ein veit, eller trur, har atomvåpen, sjølv om dei ikkje vedkjenner seg det.
- Ein går ut frå at Israel har atomvåpen, sjølv om dei offisielt nektar for det.
- Nord-Korea har stadfesta overfor amerikanske diplomatar at dei har atomvåpen.
- Ukraina har kanskje gamle sovjetiske atomvåpen lagra.
- Iran legg til rette for å utvikle sine eigne atomvåpen.
Innhaldsliste |
[endre] Våpentypar
[endre] Vanlege våpen
[endre] Fisjonsbomber
Fisjonsbomber nyttar energien frå ein fisjon (ei spalting) av tunge atomkjerner (uran eller plutonium), der dei blir spalta i mindre einingar når dei vert bombardert av nøytron, som igjen produserer flere nøytron, og som igjen bombarderer andre atomkjerner (ein kjedereaksjon). Fisjonsbombene blir av historiske årsaker kalla atombomber eller A-bomber, sjølv om dette ikkje er heilt rett, sidan fusjon (nedanfor) ikkje er mindre «atomisk» enn fisjon.
[endre] Fusjonsbomber
Fusjonsbomber baserer seg på ein fusjon (ei samansmelting) av lette atomkjerner, som f.eks. hydrogen og helium, med tyngre atomkjerner. Desse bombene blir òg kalla hydrogenbomber (H-bomber), på grunn av hydrogenet si rolle, og termonukleære bomber på grunn av den ekstremt høge temperaturen som må til for at fusjon skal hende.
Eit atomvåpen blir definert ut frå måten dei fungerer på, dvs. om dei er fisjons- eller fusjonsbaserte. Forskjellen på desse to våpentypane har imidlertid vorte mindre etter kvart, fordi kompleksiteten i dagens våpen krev at desse to teknologiane blir kombinert. Ei mindre fisjonsbombe blir ofte bruka til å generere høg nok temperatur og høgt nok trykk til at ein fusjon skjer. På den andre sida vil ei fisjonsbombe vera meir effektiv viss ei fusjonskjerne først bidreg til å auke energien i våpenet. På grunn av dette er det vanleg å omtala begge desse våpentypane som «atomvåpen».
[endre] «Skitne» bomber
«Skitne» bomber, dirty bombs, er ei nemning for eit radioaktivt våpen som ikkje er kjernefysisk laga på same måten som fisjons- og fusjonsbomber, men som fungerer på same måte som konvensjonelle - vanlege - bomber. Dei er imidlertid pakka inn med eit radioaktivt stoff, og dette stoffet vil fungere på same måten som radioaktivt nedfall etter ein eksplosjon.
[endre] Avanserte, termonukleære våpen
Dei største og mest avanserte atomvåpna i dag har eit ytre skal av uran. Farta - og intensiteten - til nøytrona som oppstår ved ein fusjon gjer til og med at utarma uran fisjonerer, noko som igjen aukar effekten mange gonger.
[endre] Kobolt-bomber
Kobolt-bomba brukar kobolt i skalet, og nøytrona danna ved ein fusjon omdannar dette stoffet til kobolt-60 - eit stoff som sender ut kraftig gammastråling med lang verknadstid (fem år). Effekten av det radioaktive nedfallet kan i stor grad bestemmast ut frå kva isotop-samansetning ein vel. Hovudformålet med slike bomber er nettopp å skapa radioaktivt nedfall, slik at eit større område blir umogleg å bu på i lang tid framover. Til no har denne typen bomber aldri vorte testa offentleg.
[endre] Nøytronbomber
Nøytronbomba, strålebomba, er eit forholdsvis lite termonukleært våpen, der nøytrona generert ved ein fusjon ikkje vert absorbert i sjølve våpenet, men blir sleppt fri. Dette fører til ei dødeleg stråling, mens sjølve trykkbølgja og varmeeffekten berre er ein brøkdel av det som er vanleg for andre typar atomvåpen.
Nøytronstrålinga blir fanga opp av hydrogen, men har ei god evne til å trengje gjennom andre stoff og materiell. For dei fleste dyr, som for det meste består av vatn, er denne strålinga svært skadeleg. Mange former for beskyttelse mot atomvåpen, som primært beskyttar mot gammastråling, vil ikkje gi vern mot ei nøytronbombe. For å isolere ei nøytronkjelde er det vanleg å bruke parafinvoks fordi det er eit billeg materiale som inneheld mykje hydrogen.
[endre] Sjå òg
[endre] Bakgrunnsstoff
- Query Nuclear Explosions Database - Liste over alle atombombeeksplosjoner i historien
- The Nuclear Weapon Archive