Kjernefysikk
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kjernefysikk er ein del av fysikkfaget som prøver å forstå og skildra dei indre tilhøva i ein atomkjerne. Kjernefysikken kan mellom anna forklara radioaktivitet.
Ein har enno ikkje forstått fullt ut kva som skjer inni atomkjerna (dynamikken i atomkjerna), men dei teoretiske skildringane me har i dag, fungerer tilfredsstillande med visse avgrensingar. Den best dekkande og samtidig mest generelle skildringa er ein skalmodell på linje med skalmodellen for atomet. Me veit at atomkjerna inneheld positivt ladde proton og elektrisk nøytrale nøytron. Desse er igjen bygde opp av kvarkar.
[endre] Historie
Dei første kjernefysiske eksperimenta blei utførde av Ernest Rutherford på slutten av 1800-talet. Han sende ein stråle av alfapartiklar inn mot ein tynn gullfolie. Observasjonane hans førte til kunnskapen om at atom måtte ha ein indre struktur med ei ørlita, positivt ladd kjerne i midten.
Denne artikkelen er ikkje (ferdig) omsett frå bokmål enno.
Hjelp oss gjerne med å gjera omsetjinga ferdig! |