Charles Darwin
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Charles Robert Darwin (12. februar 1809–19. april 1882) var ein vidgjeten britisk naturforskar. Han vert rekna for å vere grunnleggjaren av utviklingslæra. Boka The Origin of Species by Means of Natural Selection, or The Preservation of Favoured Races in the Struggle for Life, vanlegvis forkorta til The Origin of Species (norsk Artenes opprinnelse), som kom ut i 1859, la fram teorien hans om utvikling gjennom naturleg utval, og vert rekna som hovudverket hans.
[endre] Oppvekst
Charles Darwin vart fødd den 12. februar 1809 i Shrewsbury. Han var den nest yngste av Robert og Susannah Darwin sine i alt seks born. Då mor hans døydde var guten bare åtte år. Året etter blei han send til kostskolen Shrewsbury School.
[endre] Lenkjer ut
- Forskning.no om Charles Darwin
- Charles Darwin sine samla verk- publisert på internett
- Darwinismen -- er debatten slutt? Av Thomas Hylland Eriksen