See also ebooksgratis.com: no banners, no cookies, totally FREE.

CLASSICISTRANIERI HOME PAGE - YOUTUBE CHANNEL
Privacy Policy Cookie Policy Terms and Conditions
Utviklingslæra - Wikipedia

Utviklingslæra

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Eit kladogram syner evolusjonært slekskap mellom medlemmar av ei biologisk gruppe. Dette syner korleis dei ulike underslektene  groblad (Plantago) er i slekt med kvarandre.
Eit kladogram syner evolusjonært slekskap mellom medlemmar av ei biologisk gruppe. Dette syner korleis dei ulike underslektene groblad (Plantago) er i slekt med kvarandre.

Utviklingslæra er den vitskaplege teorien om at alt liv på jorda har sams opphav, og at nye artar oppstår som følgje av visse evolusjonsfaktorar, først og fremst arv med tilfeldig variasjon og naturleg utval.

Av di utviklingslæra skildrar evolusjonen av nye artar, vert teorien ofte med eit framandord kalla evolusjonsteorien, men medan det finst fleire ulike teoriar om evolusjon (til dømes lamarckisme), har utviklingslæra sidan siste halvdel av 1800-talet vore den forklaringa som vert brukt av forskarar og naturvitarar i heile verda.

Naturforskaren Charles Darwin har bidrege so sterkt til utforminga av utviklingslæra at dagens versjon av somme vert kalla darwinisme, og især tilhengjarar av kreasjonistisk ideologi brukar omgrepet darwinistar om dei som fremjar utviklingslæra.

Innhaldsliste

[endre] Prinsipp

Darwin sin teori om evolusjon ved naturleg utval kan samanfattast i tre hovudprinsipp:

  • 1. Eigenskapane til individa innanfor same art varierer
  • 2. Noko av den individuelle variasjonen er arveleg
  • 3. Det vert produsert totalt fleire avkom enn dei som kan overleva til å få avkom sjølv.

Av dette følgjer at dei individa med eigenskapar som er best skikka til å overleva og få avkom vil få spreidd eigenskapane sine; og at bestanden gradvis vil bli meir og meir tilpassa omgjevnadane.

[endre] Historie

Charles Darwin, den moderne utviklingslæra sin far
Charles Darwin, den moderne utviklingslæra sin far

Evolusjonære idear som felles opphav og transmutasjon av artar har eksistert sidan 600-talet før vår tidsrekning, då den greske filosofen Anaximander foreslo desse. Tidlege tenkjarar som Empedokles, Lucretius og Al-Jahiz var mellom dei som plukka ideane opp og utvikla dei. Då biologi som vitskap vaks fram på 1700-talet og kunnskapen auka markant, dukka slike tankar opp att. Først ute var Pierre Maupertuis i 1745, seinare fulgde òg naturfilosofar som Erasmus Darwin og Jean-Baptiste Lamarck.

I 1858 lanserte Charles Darwin og Alfred Russel Wallace teorien om evolusjon ved naturleg utval, som vart den første vitskapleg haldbare evolusjonsteorien. I 1918 kombinerte Ronald Fisher han med Gregor Mendels arvelære etter ein lang og ufruktbar konflikt mellom tilhengarar av Darwin og Mendel. Sidan den gongen har det vore brei semje om teorien i fagmiljøa, sjølv om det har vorte diskutert ein del rundt einskilddetaljar om korleis dei ulike mekanismane går føre seg.

Per i dag finst det ikkje noko vitskapleg truverdig alternativ til ideen.

[endre] Kritikk av utviklingslæra

Utviklingslæra gjer intelligent design overflødig i naturen og vert difor kritisert av religiøse fundamentalistar som meiner at ho er i konflikt med religiøse skapingsforteljingar. I delstaten Kansas i Sambandsstatane har dei no innført retningsliner som tillèt skulane å undervisa både i utviklingslæra og den kristne skapingsforteljinga som like vitskapleg gyldige[1]. I Nederland har utdanningsministeren, Maria van der Hoeven (katolikk og kristeligdemokrat), i 2005 lagt fram planar om å stimulera til akademisk debatt om intelligent design.[manglar kjelde]

[endre] Lenkjer ut

[endre] Referansar

Spire Denne biologiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.


aa - ab - af - ak - als - am - an - ang - ar - arc - as - ast - av - ay - az - ba - bar - bat_smg - bcl - be - be_x_old - bg - bh - bi - bm - bn - bo - bpy - br - bs - bug - bxr - ca - cbk_zam - cdo - ce - ceb - ch - cho - chr - chy - co - cr - crh - cs - csb - cu - cv - cy - da - de - diq - dsb - dv - dz - ee - el - eml - en - eo - es - et - eu - ext - fa - ff - fi - fiu_vro - fj - fo - fr - frp - fur - fy - ga - gan - gd - gl - glk - gn - got - gu - gv - ha - hak - haw - he - hi - hif - ho - hr - hsb - ht - hu - hy - hz - ia - id - ie - ig - ii - ik - ilo - io - is - it - iu - ja - jbo - jv - ka - kaa - kab - kg - ki - kj - kk - kl - km - kn - ko - kr - ks - ksh - ku - kv - kw - ky - la - lad - lb - lbe - lg - li - lij - lmo - ln - lo - lt - lv - map_bms - mdf - mg - mh - mi - mk - ml - mn - mo - mr - mt - mus - my - myv - mzn - na - nah - nap - nds - nds_nl - ne - new - ng - nl - nn - no - nov - nrm - nv - ny - oc - om - or - os - pa - pag - pam - pap - pdc - pi - pih - pl - pms - ps - pt - qu - quality - rm - rmy - rn - ro - roa_rup - roa_tara - ru - rw - sa - sah - sc - scn - sco - sd - se - sg - sh - si - simple - sk - sl - sm - sn - so - sr - srn - ss - st - stq - su - sv - sw - szl - ta - te - tet - tg - th - ti - tk - tl - tlh - tn - to - tpi - tr - ts - tt - tum - tw - ty - udm - ug - uk - ur - uz - ve - vec - vi - vls - vo - wa - war - wo - wuu - xal - xh - yi - yo - za - zea - zh - zh_classical - zh_min_nan - zh_yue - zu -