See also ebooksgratis.com: no banners, no cookies, totally FREE.

CLASSICISTRANIERI HOME PAGE - YOUTUBE CHANNEL
Privacy Policy Cookie Policy Terms and Conditions
Tragedie - Wikipedia

Tragedie

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Scene frå tragedien Richard III av Shakespeare. Måleri av William Hogarth.
Scene frå tragedien Richard III av Shakespeare. Måleri av William Hogarth.

Tragedie (gamalgresk, av trag-oideia, 'bukkesong') er nemninga på ein hovudsjanger innanfor teater og film.

Ein tragedie tyder til vanleg ein forteljing som endar tragisk, med andre ord at ho har ulykkeleg utgang eller slutt. I teaterfaget reknar ein med at tragedien er bygd opp etter ei fast form, som vart stadfest alt i den greske antikken. Den tragiske musen i gresk mytologi heiter Melpomene.

[endre] Opphav

Tragedien som teatertype oppsto som ein lekk i høgtidinga og festane til ære for guden Dionysos i det gamle Hellas. Her vart det framført soger om gudar og heltar, og mange av dei handla om menneskeleg overmot eller hybris. I møte med gudane gjekk det oftast gale med menneska, og difor vart utgangen av soga heller tragisk. Desse framsyningane vart laga med ein forteljar og eit kor, og slik meiner forskarane at teateret vart til, då ein skodespelar fekk ein motskodespelar i tillegg til koret.

Den første forfattaren av tragediar vi kjenner var Aischylos. Forma vart finslepen av Sofokles og Euripides. Tragedietradisjonen vart vidareført av romerske forfattarar som Terents og Seneca. I nyare tid vert William Shakespeare rekna som den fremste tragedieforfattaren.

[endre] Form

Aristoteles nytta Sofokles sitt verk Kong Ødipus som døme på den mest fullkomne tragedien i verket Poetikken. Han fastsette følgjande reglar for ein god tragedie:

  • Einskap i stad, tid og rom.
  • Fast forteljarramme og fem aktar.

Dei fem aktane kallast oftast med serskilde namn:

1. Eksposisjon, der handlinga og personane vert presenterte. 2. Stigning, der utviklinga vert openberra og fastsett. 3. Vendepunkt, der helten gjer eit tragisk mistak, bodet ikkje når fram eller anna. 4. Fall, der lagnaden vert uavvendeleg, og 5. Katastrofe, der alt går gale for helten eller heltinna.

Denne ramma var så fast at dei fleste skodespel opp i nyare tid følgde lesten. Dette vart sers synleg i den franske klassisismen. Utover på 1700-talet vart denne forma óg parodiert, mellom andre av Johan Herman Wessel i skodespelet Kjærlighed uden strømper.

Aristoteles la óg vekt på at tragedien hadde eit reinskingsperspektiv, kalla Katharsis. Dette tyder at tilskodarane skulle leva seg inn i det vonde som hende på scena, slik at dei på eit vis vart reinska av krisa til helten. Soleis er det eit samfunnspsykologisk perspektiv ved tragedien som forteljarform.

Den grunnleggjande forma har vore så grei å nytte at mange nyare fjernsynnseriar har ho som fast lest. Ein einskildepisode er stort sett bygd opp over fem aktar på ti minutt kvar, etter same mønster. Komedien følgjer stort sett same lesten, men med motsett slutt.

Spire Denne litteraturartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.


aa - ab - af - ak - als - am - an - ang - ar - arc - as - ast - av - ay - az - ba - bar - bat_smg - bcl - be - be_x_old - bg - bh - bi - bm - bn - bo - bpy - br - bs - bug - bxr - ca - cbk_zam - cdo - ce - ceb - ch - cho - chr - chy - co - cr - crh - cs - csb - cu - cv - cy - da - de - diq - dsb - dv - dz - ee - el - eml - en - eo - es - et - eu - ext - fa - ff - fi - fiu_vro - fj - fo - fr - frp - fur - fy - ga - gan - gd - gl - glk - gn - got - gu - gv - ha - hak - haw - he - hi - hif - ho - hr - hsb - ht - hu - hy - hz - ia - id - ie - ig - ii - ik - ilo - io - is - it - iu - ja - jbo - jv - ka - kaa - kab - kg - ki - kj - kk - kl - km - kn - ko - kr - ks - ksh - ku - kv - kw - ky - la - lad - lb - lbe - lg - li - lij - lmo - ln - lo - lt - lv - map_bms - mdf - mg - mh - mi - mk - ml - mn - mo - mr - mt - mus - my - myv - mzn - na - nah - nap - nds - nds_nl - ne - new - ng - nl - nn - no - nov - nrm - nv - ny - oc - om - or - os - pa - pag - pam - pap - pdc - pi - pih - pl - pms - ps - pt - qu - quality - rm - rmy - rn - ro - roa_rup - roa_tara - ru - rw - sa - sah - sc - scn - sco - sd - se - sg - sh - si - simple - sk - sl - sm - sn - so - sr - srn - ss - st - stq - su - sv - sw - szl - ta - te - tet - tg - th - ti - tk - tl - tlh - tn - to - tpi - tr - ts - tt - tum - tw - ty - udm - ug - uk - ur - uz - ve - vec - vi - vls - vo - wa - war - wo - wuu - xal - xh - yi - yo - za - zea - zh - zh_classical - zh_min_nan - zh_yue - zu -