Tambov oblast
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
|
|||||
Hovudstad | Tambov | ||||
Areal - Totalt |
Rangering: 63. 34 462 km² |
||||
Innbyggjartal - totalt |
Rangering: 46. ca. 1 117 100 (2007) |
||||
Føderalt distrikt | Sentrale | ||||
Økonomisk region | Sentrale Svartjord | ||||
Regionsnummer | 68 | ||||
Offisielt språk | Russisk | ||||
Guvernør | Oleg Ivanovitsj Betin | ||||
Nasjonalsong | Prosjtsjanije slavjanki | ||||
Tidssone | UTC +0300 |
Tambov oblast, (russisk Тамбовская область) er ein provins i Russland og eit av føderasjonssubjekta i den russiske føderasjonen. Hovudstaden er Tambov, arealet er 34 462 km² og innbyggjartalet er 1 117 100 (2007).
Innhaldsliste |
[endre] Geografi
Tambov oblast ligg sentralt på den aust-europeiske sletta, søraust for Moskva. Landskapet er hovudsakleg flatt, høgste punktet ligg 214 meter over havet. Om lag 10 % av området er skogkledd. Middeltemperaturen er -10 grader celsius i januar og 20 grader celsius i juli. Det fins ikkje nevneverdige naturressursar i provinsen. Elvene Tsna, Vorona og Lesnoj Voronezj renn gjennom området.
[endre] Demografi
Det store fleirtalet av folket i provinsen er etniske russarar. Ved folketeljinga i 2002 var den etniske fordelinga:
- Russarar: 96,5 %
- Ukrainarar: 0,9 %
- Armenarar: 0,4 %
Som i Russland som heilskap går folketalet i Tambov oblast òg nedover, og har minka med 15,1 % sidan 1989:
57,6 % av folket bur i byar. Den einaste større byen er Tambov, med 287 200 ibuarar. (2005)
[endre] Historie
Dei første folkeslaga som er kjent i området som no er Tambov oblast var tyrkiske folkeslag og mordvinar. På 1200-talet vart området underlagt det mongolske riket, og vart etter kvart del av riket til Den gylne horden. På 1500-talet byrja russarar å slå seg ned i området. På 1600-talet vart det bygd festningar her, Kozlov i 1635 og Tambov i 1636, for å verna storfyrstedømet Moskva mot åtak frå krimtatarane og nogaiane i sør. Dette gjorde at folkesetjinga av området med russiske nybyggjarar auka på. Frå 1779 var byen Tambov senter for ein eigen provins.
Under den russiske revolusjonen kom området under Sovjetmakta i januar 1918. I 1920-1921 vart alvorlige bondeopprør i provinsen slått ned av Den raude arméen.
Tambov oblast vart oppretta som eigen provins den 27. september 1937.
[endre] Politikk
Oleg Betin har vore guvernør i Tambov oblast sidan 1999, då han slo den sitjande kommunistiske guvernøren Aleksandr Rjabov. Ved valet til provinsforsamlinga i 2005 kom tre parti over sperregrensa på 7 %:
- Sameint Russland: 40,5 %
- Den russiske føderasjonens kommunistiske parti: 20,0 %
- Russlands liberaldemokratiske parti: 9,7 %
Guvernøren, Oleg Betin, er medlem i Sameint Russland.
[endre] Eksterne kjelder
- Tambov oblast sine nettsider på russisk.
- Artikkel frå NUPI på engelsk.
- Artikkel frå Kommersant på engelsk.
|