Uljanovsk oblast
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
|
|||||
Hovudstad | Uljanovsk | ||||
Areal - Totalt |
Rangering: 62. 37 300 km² |
||||
Innbyggjartal - totalt |
Rangering: 36. ca. 1 351 000 (2005) |
||||
Føderalt distrikt | Privolzjskij (Volga) | ||||
Økonomisk region | Povolzjyje | ||||
Regionsnummer | 73 | ||||
Offisielt språk | Russisk | ||||
Guvernør | Sergej Ivanovitsj Morozov | ||||
Nasjonalsong | |||||
Tidssone | UTC +0300 |
Uljanovsk oblast, (russisk Ульяновская область) er ein provins i Russland og eit av føderasjonssubjekta i den russiske føderasjonen. Hovudstaden er Uljanovsk, arealet er 37 300 km² og innbyggjartalet er 1 351 000 (2005).
Uljanovsk oblast ligg sentralt i Volga-regionen, på begge sider av elva Volga, aust i den europeiske delen av Russland. Området er ganske flatt. Volga sitt elveløp deler provinsen i to, og strekkjer seg 200 km innanfor provinsen sine grenser. Klimaet er kontinentalt, middeltemperaturen i januar er - 14 til -12 grader celsius, i juli + 18 til + 20 grader celsius. 28 % av arealet er skogkledd. Det foregår omfattande oljeutvinning i området.
Nesten halvparten av folket bur i byen Uljanovsk. Den etniske samansetjinga var i 1989:
- Russarar: 72,8 %
- Tatarar: 11,4 %
- Tsjuvasjar: 8,3 %
- Mordvinar: 4,4 %
- Ukrainarar: 1,3 %
Området som i dag utgjer Uljanovsk oblast vart russisk territorium etter at tsar Ivan den grusomme nedkjempa og erobra det mongolske Kazan-khanatet i 1552. I 1648 vart byen Simbirsk, som i 1924 endra navn til Uljanovsk grunnlagd. I 1870 vart Vladimir Iljitsj Uljanov, betre kjend som Lenin, fødd her. Under den russiske revolusjonen overtok bolsjevikane makta i Simbirsk 10. desember 1917. I 1918 fall byen i dei kontrarevolusjonære kvitegardistane sine hender, men vart gjenerobra av bolsjevikane i september. Under den andre verdskrigen vart fleire offentlige funksjonar evakuerte til Uljanovsk frå Moskva og Leningrad.
Ved valet til den regionale forsamlinga i 2003 kom fire grupperingar over sperregrensa på 5 %:
- Sameint Russland: 27,4 %
- Folket for Frolytsj: 12,8 %
- Den russiske føderasjonens kommunistiske parti: 11,3 %
- Russlands liberal-demokratiske parti: 11,1 %
12,8 % stemde mot alle (blankt).
[endre] Eksterne kjelder
- Uljanovsk oblast sine nettsider på russisk.
- Artikkel frå Kommersant på engelsk.
- Artikkel frå NUPI.
|